Vellykka treningssamling for motocross

 

Onsdag 30.4 og torsdag 1.5. vart det arrangert treningssamling for motocross på Vikedal Motorbane. 8 kjørere var påmeldt med syklar frå 65 ccm til 250 ccm, og Ole Eirik Mæland hadde tatt på seg å trena kjørerane.

Me starta onsdagen med litt grunnlegande teori og sittestillingar. Deretter blei det kjørt teknisk trening og avslutta med frikjøring.

Torsdag var det lett regn heile dagen uten at det la noken dempar på deltakarane. Det blei starta med teknisk trening og avslutta med 2 heat. Me fekk også tid til å grille litt pølser og eta kake.

I tillegg til kursdeltakerane var det også aktivitet for dei minste på knattebanen.

 

Deltakerar:

Mathas V Skjold               65ccm 8-10år

Atle Vormestrand             65ccm 8-10år

Fredrik Haraldsen           85ccm 10-12år

Åsmund Holten              85ccm 11-12år

Johannes Søyland           85ccm 10-12år

Sondre Hansen                            MX 85

Joakim Rønnevik                        MX 85

Aleksander Haraldsen        MX 2 Junior

 


Alle deltakerane med kursbevis og trenaren Ole Eirik Mæland (med caps)

 

Kjell Vormestrand

Leiar MX