Vann to av tre

Marius Ripel Jensen var heilt suveren under motocrossen på Vikedal Motorbane i helga, og vann to av dei tre klassane han deltok i. Erik Skrunes køyrde inn til ein fin andre plass i MX 1.


Erik Skrunes (t.v.) og Marius Ripel Jensen

Marius Ripel Jensen frå Husnes i Kvinnherad er 16 år, og har dermed høve til å køyre både i junior og seniorklassane. Laurdag køyrde han MX 2 junior og vart nummer to, medan han søndag vann både MX 1 og MX 2 i seniorklassane.

- Ja, det har gått veldig bra denne helga, så dette er eg nøgd med, seier han, og forklarar at i MX 1 køyrer dei 450 kubikks syklar med firetakst motor, medan dei i MX 2 køyrer syklar med 250 kubikk firetakt.

- Likevel gjer eg ikkje heilt det, for i den største klassen køyrer eg ein 250 totakt, som tilsvarar 450 firtakt. Litt komplisert kanskje, men slik er det.

Sjølv om han berre er 16 år har Marius Ripel Jensen lang erfaring med motorsport.

- Som liten var eg veldig interessert i motor, og eg begynte å køyre heime i hagen då eg var tre og eit halvt år gamal.

Sidan Vestlandsmesterskapet vart etablert for nokre år sidan, har nivået på Vestlandet vore stigande, og Marius Ripel Jensen deltek også i NM og Norgescup.

- Ja, sist helg var eg på Lillehammer og blei nummer tre i ein NM-runde i speedcross, og no til helga er det ny NM -runde ved Hamar der eg vonar å kome inn blant dei sju beste.


Marius Ripel Jensen frå Husnes på sin Kawasaki

Ny sykkel

Også Erik Skrunes frå NMK Vikedal og Øvre Vats gjorde det bra under stemnet, og køyrde inn til en fin andre plass i MX 1, bak Marius Ripel Jensen. Dette var første gongen han køyrde 450 kubikk, og syns det gjekk veldig bra.

- Har kjøpt denne sykkelen mest for å køyre NM, og sjølv om den er litt tyngre enn ein 250, var den veldig god å køyre, seier han.

Erik var nøgd med traseen på Vikedal Motorbane denne gongen, sjølv om den blei oppkøyrd og tung på slutten.

- Slik blir alle banar utover i stemnet, i NM kanskje endå verre, så no vonar eg at banen blir liggjande slik, for det er på slike tunge banar det er viktig å trene.


Erik Skrunes i svevet på sin Yamaha