Anleggsnytt

Her er litt nytt frå arbeidet som skjer på anlegget no i vinterpausen i regi av anleggskomiteen.

Det er fortsatt ein del som skal gjerast, og anleggskomiteen treng hjelp a medlemmene for å få utført dette. Mange av medlemmene har sjeldan eller aldri vore på dugnad, så kanskje det er på tide å ta ein tur no....
Neste organiserte dugnad blir lørdag 8. mars, men det er mogleg å få spesifikke oppgåver og gjera dei når det passar.

KONTAKT: Anleggskomiteen v/Marius 916 35 628.

I dei nye klubblokalene er taket inne no på plass. Svært bra utført arbeid.
Golvet inne er lagt, og sjølv om det ikkje er heilt beint er det lagt nytt industrigulvbelegg.
Det blir maling og pussing av vegger veke 10. Anna arbeid som er planlagt er listing inne, elektro installasjon, listing ute rundt garasjevindauger/dør og kassar ute rundt heile brakkene


Hallvard Finnvik er ein av dei som har vore på dugnad dei siste vekene.


Nytt golvbelegg er på plass.

Autovern.
Når det gjeld bytte og oppgradering til dobbelt autovern på enden av startlangsida og neste langsida, vart det montert 27. og 28. februar av Autovernmontasje frå Lyngdal.

Frå monteringa i enden av startsletta.