Girkassehavari øydela for god plassering

Det var ein optimistisk Geir Harald Skeie som stilte til start i 2. runde i Norgescupen Kristiansand lørdag, etter seier i første runde i Trøndelag. Denne gongen var konkurransen tøffare med 30 deltakerar i klassen. Men det var til slutt eit girkassehavari som skulle stoppa jakta på ein god plassering.

Som i Trøndelag sleit Skeie med å venna seg til ein ny og fremmande bane. Ei snurring på tidstreninga, gjorde at det vart eit lett heat i første omgong. Dette vann han greitt, men det vart berre den 10. beste tida i omgongen. I andre omgong gjekk det litt betre, og det vart no 7. beste tid i klassen. I 3. omgong skulle han ut i heat med dei aller beste, og framgongen fortsette. Steinar Johannesen, som seinare gjekk til topps i klassen, vann heatet med Skeie på ein fin andreplass og ei fjerde beste tid. Med fjerde og sjuande tid, vart det andre startspor i B-finalen og gode sjansar for å avansera til A-finalen. Geir Harald kom fint ut og var heilt på støtfangaren til leiaren litt ut i finalen då det smalt i girkassen. Dermed var det berre å trille inn til sida og sjå A-finalen forsvinne i det fjerne.

 

- Det er klart det er surt når slikt skjer, seier Geir Harald Skeie, men det er slikt vi må rekne med i denne sporten. Eg hadde brukbar kontroll på at eg ville nå A-finalen då det skjedde, men vi fekk jo med oss ein del poeng med 8. plass og.

 

Samanlagt i Norgescupen er det no Steinar Johannesen, NMK Drammen, som leiar med 33 poeng. Stig Pedersen, NMK Larvik ligg poenget bak, medan Geir Harald Skeie ligg på 3. plass med 29 poeng. Desse 3 har no ei lita leiing på dei andre.

 

Neste runde går på Vinjarmoen Motorbane på Dokka om 14 dagar. Det var her Geir Harald Skeie debuterte med Volvo S40'en i august i fjor med ein andreplass, så der veit han at han kan kjøra fort.

 

- Ja, dei neste rundane no går på banar eg har kjørt fort på tidlegare, så då håpar eg å få til eit betre resultat enn her i Kristiansand, avsluttar Geir Harald Skeie.

 

No er det heim i verkstaden for å opna girkassen og sjå om den må sendast til Sverige til overhaling slik at bilen er klar igjen om 14 dagar.



Frå test-kjøring i Vikedal 31. mai (Foto: Kristine O. Steinnes)