Garasjenytt frå Torvastad
Me har fått ein liten rapport og litt bilder frå Eirik Aasbøe om statusen i garasjen på Torvastad. Eirik er nesten klar med BMW'en, litt meir gjenstår på Golfen til Johnny Bådsvik.

Som sagt er Eirik nesten klar til løp. Det gjenstår litt montering av ruter, elektrisk og litt anna småplukk. Motoren har vore på overhaling, så får me håpa det ikkje blir noko tull med den i år. Johnny manglar lakkering på sin Golf. Ellers så er den klar. Johnny har bytta ut 16V motoren med ein hissig svenskemotor, som me håpar vil fungere ein del betre enn den gamle.