Over 90 bilar i sesongopninga

Etter at førarane til NMK Vikedal hadde ein god sesongstart i Bergen i helga, er over 90 førarar påmelde til sesongopninga på Vikedal Motorbane til helga. Også banen har fått ei oppgradering i løpet av vinteren.

Det er Marius Vaka Lothe som er leiar i anleggskomiteen i NMK Vikedal, og som er ansvarleg for utvikling og drift av motorsportsanlegget i Vikedals-dalen. Anlegget omfattar banar både for bil og motorsykkel, og i løpet av vinteren har fleire av banetraseane fått ei oppgradering.

- I fjor måtte me søkje Norges Bilsportsforbundet om dispensasjon for å køyre rallycross, i løpet av vinteren har me skifta ut resten av autovernet, som gjorde at me ikkje fekk full godkjenning på banen, forklarar Vake Lothe, og legg til at det kostar både å vedlikehalde og utvikle eit så omfattande anlegg.

- Berre å få skifta ut autovernet har kosta rundt 160.000 kroner, og med det som vart gjort med utskifting for to år sidan her dette prosjektet totalt kosta i overkant av 400.000. I tillegg har det blitt gjort arbeid på motocrosstraseen for rundt 100.000 kroner og rundt 50.000 har gått med til ferdigstilling av det nye klubbhuset. I tillegg til alt dette har det blitt lagt ned mange dugnadstimar, seier han.

Sjølv om nytt autovern er med på å auke sikkerheten til førarane, har det ikkje blitt gjort så mykje med sjølve banedekket på biltraseane.

- Det som ligg i planane våre no er ny asfalt på deler av rallycrosstraseen, men ingenting er avgjort når dette blir.

Vann i debuten


Anette Aarre vann debutløpet sitt i rallycross på Eikås i Bergen.

Anette Aarre frå NMK Vikedal og Fitjar vann store nasjonal, i sitt første løp i rallycross og første løp nokonsinne på Eikås Motorsenter i Bergen i helga.

- Veldig nøgd med både løpet og banen, og at eg gjekk heilt til topps var sjølvsagt over all forventning.

Før Anette tok lisensen for rallycross tidlegare i vår, har ho berre køyrt bilcross.

- Eigentleg stor forskjell frå bilcross, det går fortare og både giring, bremsing og bruk av handbrekket må planleggjast på ein annan måte, seier ho, som ser fram til helga og Vikedal Motorbane.

- Har fått eit godt utgangspunkt som eg satsar på å ta vare på.

I minste nasjonal kom Vestlandsmester frå i fjor Lars Reidar Frøyland godt i gong og kunne innkassere den siste pallplassen i klassen, og pallplassar må til om ein skal hevde seg i toppen.

- I fjor var eg på pallen i alle løp og skal eg ha sjanse om å kjempe om mesterskapet til slutt er det nok dette som må til også i år, seier han, som meiner at fleire kjem sterkare i år.

- Trur det er fleire som satsar med betre utstyr.


Lars Reidar Frøyland (t.v) og Bjørn Magne Moland Enge (t.h)

Godt med i kampen

I bilcross junior kom Daniel Holten og Kennet Kaldheim på ein tredje og fjerdeplass i Bergen, og har meldt seg på i kampen om tittelen blant juniorane. Likevel var Daniel Holten uheldig å mista bilen etter løpet på Eikås Motorsenter, men har alt ny bil på plass i garasjen.

- Ja, etter løpet i Bergen fekk eg låne Andreas Bakkerud sin bil, ein Ford Sierra som eg køyrer med til helga, seier han, som også er glad for at det blir køyring for juniorane på lørdag.

- Ja, me som er medlemmer i NMK Vikedal skal få køyre på lørdag òg, og for meg blir det fin trening før søndagens andre runde i Vestlandsmesterskapet.


Daniel Holten i tet med sin Volvo i innleiande omgangar i Bergen.

I bilcross senior er det Hans Kristjan Kristjansson som ligg best an av arrangørklubben sine førarar. I Bergen blei det ein andreplass, medan Kenneth Johansen og Per-Gaute Østbø blei nummer seks og sju. For Hans Kristjan Kristjanson var dette hans beste resultat i Bergen.

- Har køyrt der ein gong tidlegare og då blei det ein femteplass.

Det VW Golf som er redskapen for Kristjansson, eit bilmerke han har køyrt så lenge han har deltatt i bilcross. No ser han fram til løpet på Vikedal Motorbane.
- I fjor var ein andreplass i Vikedal det beste resultatet, men på søndag er målet mitt å gjenta førsteplassen frå 2006.