Finale i NMK Vikedal Cup

Årets siste finale på Vikedal Motorbane går til helga, og det er arrangøren sin eigen NMK Vikedal Cup som avsluttar sesongen. Gunleiv Kvål, Per-Gaute Østbø og Lars Reidar Frøyland leiar dei tre klassane før finalen.

Cupen starta opp med første runde i april og både Gunleiv Kvål og Per-Gaute Østbø vann denne runden, og har altså greidd å halde seg på toppen gjennom sesongen. Gunleiv Kvål frå NAF Gjesdal har ei 20 poengs leiing på Preben Myklebust frå Egersund i juniorklassen og er så godt som vinnar av cupen. I bilcross har også NMK Vikedal-føraren Per-Gaute Østbø sikra seg eit forsprang, og har eit håp om å dra ein siger i land.

- Seks poeng forsvinn fort om eg ikkje har full klaff. Eg lukkast ikkje med å ta sigeren i Vestlandskapet så det hadde vore moro å fått det til helga, seier Per-Gaute, som har Vestlandsmester Karsten Hermansen bak seg som sterkaste konkurrent.

- Ja, han vann løpet i september og gjer han det igjen, må nok eg på pallen igjen om eg skal dra dette i land, seier Østbø


Karsten Hermansen i tet i sist løp framfor Per-Gaute Østbø i gul Volvo bak.

Volvoen han køyrde i september forsvann etter løpet, og no blir det Opel Ascona igjen.

- Dette er ein bil eg har eigd tidlegare og som skal vere bra.

NMK Vikedal-førarane Kenneth Johansen og Vidar Miljeteig kjempar om tredjeplassen, men kan med ein god dag på søndag kome seg endå lenger opp på resultatlista.

Tett i junior
I bilcross junior er det Leif Egil Olsen (t.h.) som er bestemann frå NMK Vikedal, Han ligg på tredje plass og har eit poeng opp til andreplassen til Preben Myklebust. Olsen køyrde inn til ein andreplass i september og med eit liknande resultat ser han muligheter.

- Har vore på pallen i Vikedal to gonger og ein gong i Bergen, og kan eg få til det igjen kan det bli ein pallplass også i cupen.

Leif Egil Olsen må likevel passe seg for dei som ligg bak, for NMK Vikedal-førarane Martin Lillesund, Kennet Kaldheim, Daniel Holten og Marius H. Rønnevik har berre nokre få poeng å hente inn, og kan dermed blande seg inn i medaljekampen.

Skeie i utfordrarposisjon
I rallycross nasjonal er det NMK Vikedal-førarane Lars Reidar Frøyland (t.h.), Arnt Olav Lillesund og Anette Aarre som ligg best an. Det er likevel jamt og det er berre sju poeng som skil Frøyland på førsteplass og Aarre som ligg som nummer tre. Lars Reidar Frøyland tar utfordringa.

- Dei to andre køyrer store nasjonal der det er færre deltakarar og har nok ein fordel der. Eg har likevel ein mulighet og satsar på å køyre meg inn til pallen, så får me sjå kor eg hamnar til slutt, seier han

Geir Harald Skeie ligg på fjerde plass med 10 poeng å hente inn på Frøyland, og kan heilt klart blande seg inn i medaljekampen.