Garasjenytt
frå Haugesund
Ingvar Auestad har oppgradert 240'en med
plastskjermar og muligens nokre fleire hestar. Skjalg Lothe har
kjøpt Evo-motor til VW 1500'en.
I tillegg til plastskjermar, har Ingvar
sandblåst 240'en, lagt på sink og Jotamastic før
den vart lakkert. Det går og rykter om at han har seldt
den motoren han hadde i fjor og kjøpt ny.
Skjalg Lothe har i allefall kjøpt ny Evo-motor til VW
1500'en han kjøpte i fjor. Den vart kjøpt frå
Haugan Motorsport og stod i den Citroen Xsara'en Stian Haugan kjøpte
etter at Geir Harald Skeie kjøpte S40'en. Stian skal no
setja BMW-motor i Citroenen.

Skjalg og Ingvard sine bilar på plass i lokalene til
Saltvedt Auto-Grip

240'en har fått plastskjermar både framme og bak.

Nylakkert, blank og fin.

Ein Evo-motor bak i ein VW 1500 bør i allefall gi nok
krefter. Så spørs det om kreftene kjem ned i
bakken og bilen blir styrbar.
|