Klart for todagarscrossen

Med rundt 100 bilar på startstreken er det igjen duka for todagars cross på Vikedal Motorbane. Fem omgangar og finalar må førarane gjennom før vinnarar kan kårast søndag ettermiddag.

I bilcross er det Per-Gaute Østbø frå NMK Vikedal og Ølen som har kome best i igong med sesongen. Han leier Vestlandsmesterskapet etter to rundar, vann aprilløpet på Vikedal Motorbane, og er dermed også i tet i NMK Vikedal Cup.

Føre dette løpet stiller han igjen i ny bil.

- Ja, Asconaen eg kjørte med i sist løp vart seld, og no har eg vore i Kristiansand på eit løp der og kjøpt meg ny bil, også det ein Ascona, seier Per-Gaute Østbø, som begynner å bli klar til løpet på heimebane. Han innrømmer at så langt har det gått bra, men om det blir ny suksess no til helga, kan han på ingen måte garantere.

- Med ny bil blir det eit usikkerhetsmoment, men eg har fått prøvd bilen og det verkar bra, så det er berre å førebu seg så godt det går an.


NMK Vikedal førarane Vidar Miljeteig (t.v) blei nummer tre og Per-Gaute Østbø vann bilcrossen i april

Bak Per-Gaute Østbø er det også mykje NMK Vikedal i Vestlandsmesterskapet, Hans Kristjan Kristjansson ligg på andre plass medan Kenneth Johansen er på fjerde. I NMK Vikedal Cup ligg Vidar Miljeteig på tredje, medan Kenneth Johansen er på fjerde også her.

Med i toppen

I bilcross junior er Daniel Holten (bilde t.v.) og Kennet Kaldheim dei beste av NMK Vikedal sine førarar så langt, og ligg på ein delt andre plass i Vestlandsmesterskapet. I NMK Vikedal Cup låg Daniel Holten an til leiing i april, då han stoppa i finalen.

- Me kjørte to løp på Vikedal Motorbane i april og eg leia i begge finalane då bilen stoppa, forklarar han, som vonar dette ikkje vil skje igjen.

- Eg skal kjøre den same Sierrane som i sist gong, me har gått over bilen no, og vonar at den skal gå greitt og ikkje stoppe som sist.

Det var Kennet Kaldheim som vann Vestlandsmesterskapet i bilcross junior i fjor, no ligg han igjen godt an. I april gjekk det ein toppakning.

- Har fått fiksa det, og gått over bilen og vonar det meste skal vere i orden og klart. Eg trur det blir kjekt.

Det er berre desse to førarane frå NMK Vikedal som er med i toppen i Vestlandsmesterskapet, medan Martin Lillesund er best i NMK Vikedal cup og, ligg på ein tredje plass.

Også rallycross
Det blir også kjørt rallycross nasjonal under todagarscrossen på Vikedal Motorbane. Løpet tel ikkje med i Vestlandsmesterskapet, men i NMK Vikedal Cup er det Geir Harald Skeie og Arnt Olav Lillesund som har kome best i gong, og ligg på første og andre i store nasjonal. Lars Reidar Frøyland ligg på andre i minste klassen etter ein runde i NMK Vikedal Cup.