Suksess til slutt

Daniel Holten, Karsten Hermansen, Arve Bernes, Geir Harald Skeie, Bjørn Magne Moland Enge blei vinnarane i Vestlandsmesterskapet 2008.


Karsten Hermansen (t.v.) og Daniel Holten vann kvar sin klasse i Vestlandsmesterskapet i bilcross

Søndag blei Vestlandsmesterskapet avslutta på Vikedal Motorbane med finalen i bilcross. Daniel Holten og Per Gaute Østbø frå arrangørklubben NMK Vikedal hadde det beste utgangspunktet. Østbø med same poengsum som Karsten Hermansen. Dei blei ein tøff kamp både om poenga og finaleposisjonane.

Daniel Holten har ikkje vore heilt heldig på Vikedal Motorbane, men gode resultat i Bergen har gjort at han har kjempa i toppen i bilcross junior.

- Målet i kvart løp eg køyrer er å gjennomføre tre omgangar, det greidde eg også i dag, sjølv om eg snurra og blei sist i heatet mitt i tredje omgang.

Daniel Holten hadde problem med styringa denne dagen.

- Me skifta på dekk, men fekk ikkje bilen til å henge i svingane.


Daniel Holten i blå Volvo denne gongen.

I C- finalen fekk han ein god start, tok leiinga som han heldt inn til mål og var klar for B-finale. Også her gjekk han i tet.

- For ikkje å skli ut i andre sving tok eg det roleg, men fekk ein liten dytt av Gunnleiv Kvål og sklei ut likevel, og han køyrde forbi meg. Etter løpet var det lenge usikkert korleis det ville gå i toppen i Vestlandsmesterskapet, men då det vart klart at Aleksander Presttun frå NMK Bergen vart utelukka frå løpet kunne ein glad Daniel Holten utropast til vinnar. Etter løpet fekk han også behalde bilen.

- Ja, nå er eg ganske lei av å halde på med bilcrossbilar, så det er fint at eg slepp det no fram til neste løp.

Gunnleiv Kvål NAF Gjesdal og Kennet Kaldheim NMK Vikedal kom på dei neste plassane i Vestlandsmesterskapet.

 

Over til rallycross

For Karsten Hermansen NAF Gjesdal har det vore ein langsiktig plan å bli Vestlandsmester i bilcross.

- Eg begynte å snakka om det i fjor, og i år har det vore dette som har vore i fokus, sa ein svært glad Karsten Hermansen etter at sigeren både i løpet og meisterskapen var i hamn. I realiteten var det tre førarar som kjempa om tittelen, NMK Vikedal-førarane Per Gaute Østbø og Kenneth Johansen i tillegg til Hermansen. Alle var i A-finalen og kunne sjølv avgjere. Det var det Hermansen som gjorde.  


Karsten Hermansen i sin Volvo i tet med Per-Gaute Østbø i gul Volvo for anledningen bakgrunnen.

- Heldigvis gjekk det etter planen for dette har eg jobbe mykje for, synd at Kenneth Johansen fekk stopp og ikkje blei med heilt inn.

No gir Karsten Hermansen seg med bilcross.

- Det blir for krevande, og gjennom denne sesongen har eg brukt sju forskjellige bilar, og bilen eg køyrde i dag er den einaste eg har køyrt to løp med.

Rallycrossbil er innkjøpt og til neste år blir det rallycross nasjonal.

- Om det blir Vestlandsmesterskap eller Norgscup har eg ikkje bestemt meg for enno.

Høgare nivå

For rallycrossklassane vart finalane i Vestlandsmesterskapet køyrt på lørdag saman med Norgescupen. Arve Bernes NMK Bergen vann minste nasjonal, medan Geir Harald Skeie gjorde det same i største klassen og Bjørn Magne Moland Enge vann klassen free for all.

NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland, som vart Vestlandsmester i fjor, måtte nøye seg med andre plass i år, bak Arve Bernes.
- Målet var å forsvare tittelen, men nivået er blitt høgare og til neste år må eg nok inn med ein større motor i Escorten om eg skal hevde meg i toppen.