Favorittane vann

Både Gunleiv Kvål, Per-Gaute Østbø og Lars Reidar Frøyland greidde å forsvare posisjonane gjennom finalen i NMK Vikedal Cup, og vann cupen i sine klassar.


NMK Vikedal Cup vinnarane med laurbærkransane sine, f.v. Lars Reidar Frøyland (RCN), Gunleiv Kvål (BC jr.) og Per-Gaute Østbø (BC).

For Per-Gaute Østbø var det på hengjande håret i bilcrossklassen.

- Bilen var ikkje heilt i stryken, og eg sleit med å få den til å halde seg i andre gir, og dermed blei køyringa litt hakkete i svingane, sa han etter at løpet var over, og han kunne konstatere at han hadde vunne cupen med snauast mulig margin, nemleg eitt poeng.

- Det blei berre femtesporet i finalen og etter første sving var eg sist i feltet.

Men Per-Gaute jobba seg oppover i feltet og låg lenge på fjerdeplassen, og kunne berre konstatere at Karsten Hermansen, som leia finalen, ville gå til topps også i cupen. Likevel hadde Per-Gaute Østbø litt flaks denne dagen, for halvannan runde før mål stoppa KNA Klepp-føaren Stein Erling Tjelta, som låg på tredje plass.

- Dumt for han, men eg kunne passere han og køyre inn til tredje plass og dermed slo eg òg Karsten Hermansen med eit poeng i samandraget, sjølv om han vann løpet, sa ein nøgd Per-Gaute Østbø etter at dette var klart.

Karsten Hermansen frå NAF Gjesdal vart dermed nummer to i cupen, medan NMK Vikedal-føraren Kenneth Johansen tok tredjeplassen.

I løpet blei NMK Vikedal-føraren Glenn Olav Lothe nummer to.

Nådde målet

Også Lars Reidar Frøyland greidde det målet han hadde sett seg før sesongen.

- Denne sesongen hadde eg som mål enten å vinne Vestlandsmesterskapet eller NMK Vikedal Cup, og då det ikkje gjekk i VM, var det fint å få det til her i dag.

Litt bank blei det på Frøyland og hans Ford Escort i finalen.

- Ja, no er det godt at sesongen er over, og eg har ein del arbeid å gjere i vinter for å bli klar med bilen til neste sesong.

NMK Vikedal-føraren Geir Harald Skeie kom på andre plass i cupen, medan Runar Vedå frå NMK Bergen vart nummer tre, etter at han gjekk til topps i minste nasjonal.

Ørjan Lutsi frå NAF Gjesdal tok ein ny løpssiger i store nasjonal.

Kvål til topps

I bilcross junior hadde NAF Gjesdal-føraren Gunleiv Kvål cupsigeren godt i lomma før finalen, og han sette eit verdig punktum i cupen ved også å vinne avslutningsløpet i suveren stil. NMK Vikedal-førarane Katrine Tveit og Kennet Kaldheim kom på dei neste plassane.

I NMK Vikedal Cup var det Kennet Kaldheim og Preben Myklebust som kom på dei neste plassane.