MX-banen endeleg klar for sesongen
Nå er endeleg banen klar for sesongstart etter at det er kjørt på over 80 lass med grus frå Solheim. Me har leigt inn hjelp frå Sandeid Fengsel til å plukke stein og rydde litt, men det blir nok ein del plukking på oss også. Banen ser bra ut, men er nok litt laus nokre stader. Første trening blir onsdag 23.april. Me har også klart å lage til ei "Treningshelg" 30.april og 1.mai, der Ole Eirik Meland frå Etne skal være instruktør. Det vil bli litt teori og litt kjøring på onsdagen og kjøring på torsdagen. Torsdagen lagar me til noko varmt å bite i midt på dagen. Dette kurset gjeld i utgangspunktet dei som har begynt å kjøre på den store banen, men dei som kjører på knattebanen er også velkomne til vanleg trening. Ole Eirik har lova å gi knattane litt oppmerksomhet også. Kursavgift ca 300,- pr stk litt avhengig av antall deltagere. |