Bergseng og Tolfsen til topps

Arnfinn Bergseng og Asbjørn Tolfsen kjørte best, og sikra gullet i Norgescupen i rallycross nasjonal, som vart avslutta på Vikedal Motorbane på lørdag.


Glade Norgescup vinnerar Asbjørn Tolfsen (t.v.) og Arnfinn Bergseng.

NMK Fluberg-føraren Arnfinn Bergseng (t.h.) legg ikkje skjul på at han var skikkeleg nervøs på veg til og under finaleløpet på Vikedal Motorbane.

- Av og til lurer eg på kvifor eg utset meg for dette, seier han, som følte at det blei betre då løpet kom i gong.

Han sette standarden i første omgong, som han vann, og då det blei ei andretid i den neste omgongen, valde han å stå over tredje omgong. Den verste konkurrenten til gullet, NMK Valdres-føraren Frode Leirhol, var ikkje like heldig og kjørte inn til to sjettetider, men var likevel kvalifisert til A-finale frå tredjesporet. Det var klubbkameraten til Arnfinn Bergseng, Vegar Åslund, som hadde pole position i A-finalen, og Bergseng følte han kom seg lett forbi og dermed i tet gjennom første sving.

- Trur Vegar var litt snill med meg i starten, seier Bergseng, som leia frå start til mål, medan Vegar Åslund og Frode Leirhol NMK Valdres kom inn på dei neste plassane.


Arnfinn Bergseng og Escorten i fint driv på Vikedal Motorbane. No legg han opp og bilen er til salgs.

Etter 25 år samanhengande har Arnfinn Bergseng bestemt seg for å gi seg med bilsport og vinnarbilen, ein Ford Escort, er til salgs for 180.000 kroner.

- Ja, det er berre å komme å kjøpa for den som ønskjer seg ein potensiell vinnarbil.

Frode Leirhol og Tom Engh NAF Gjøvik kom på dei neste plassane i cupen i klassen inntil 2400 kubikk.

Heldig i finalen

I klassen over 2400 kubikk var det heimefavoritten Geir Harald Skeie som hadde sikra seg pole position gjennom dei innleiande omgongane. Likevel blei det ikkje pallen på Skeie.

- Nei, eg fekk ein dytt og snurra i første sving, og dermed var dei andre forbi.

Asbjørn Tolfsen frå KAK kom seg heldig gjennom denne situasjonen, og kom ut på andre plass bak Ørjan Lutsi, noko som og blei stillinga inn til mål. For Tolfsen betydde dette og at han kunne innkassere gullet med klar margin, sidan leiaren framfor finalen, Steinar Johannesen slutta sist i B-finalen med eit drivakselbrudd. Asbjørn Tolfsen var fornøyd.

- Det begynte dårlig, og i første omgang fikk eg ein stopp. Då eg greidde å vinne andre omgangen, var eg igjen i ein god posisjon og eg valgte å safe litt i tredje for å sikre meg ein A-finale.

Frå tredjesporet kom Tolfsen sist ut, men var heldig då Geir Harald Skeie snurra.

- Eg kom meg greitt forbi på innsida og opp på ein andre plass bak Ørjan Lutsi.


Asbjørn Tolfsen ( t.v.) og Ørjan Lutsi kjørte best i store nasjonal.

Stein Svardal kom på tredje plass i løpet,

Kva det blir til neste år er ikkje Tolfsen heilt sikker på.

- Veit ikkje heilt, kanskje blir det et kvileår, men til helga klassar eg om og kjører NM-avslutninga i supernasjonal på Momarken.

For Ørjan Lutsi derimot, blir det meir kjøring.

- Ja, nå er eg ferdig med å byggje hus, så til neste år kjem eg nok til å kjøre meir.

Tor Inge Dahl NMK Tønsberg og Stig Pedersen NMK Larvik blei nummer to og tre i Norgescupen i største klassen