Mange
deltok på den første treninga
Heile 27 førerar deltok på den første
treninga for bil i år. Det var og innlagt kvalifisering
til bilcross juniorlaget. 6 juniorar deltok og det var Kennet
Kaldheim, Katrine Tveit og Daniel Holten som kvalifiserte seg
som dei første 3. Dei neste 3 er dei 3 beste i løpet
20. april.
Kvalifiseringa vart kjørt over to
omgongar, der den beste tida talde. Resultata vart:
Namn |
Bil |
1.
runde |
2.
runde |
Beste
tid |
Kenneth
Kaldheim |
Volvo
740 |
49.85 |
49.46 |
49.46 |
Katrine
Tveit |
VW
Golf |
49.92 |
Stopp |
49.92 |
Daniel
Holten |
Volvo
240 |
50.48 |
50.39 |
50.39 |
Marius
Rønnevik |
Volvo
360 |
53.04 |
52.61 |
52.61 |
Kjersti
Stuvik |
Ford
Sierra |
54.12 |
53.25 |
53.25 |
Catrine
Mæland |
VW
Golf |
53.42 |
53.35 |
53.35 |
Bilcross junior:
Trangt om plassen i depotet på den første treninga.
Kjersti Stuvik fremst framfor Kennet Kaldheim, Catrine Mæland,
Jens Idar Juel (delvis skjult), Daniel Holten og Runar Vold.
Catrine Mæland ventar medan pappa gjer dei siste
justeringane før den første treninga i Vikedal.
Golfen som Synnøve Høyvik kjørte i fjor, såg
ut til å fungera fint i år og med Catrine Mæland
bak rattet.
Daniel Holten kjørte trening i fjor, men er no gamal nok
til å delta i løp. Han kvalifiserte seg til BC
juniorlaget med sin Volvo.
Bytte av dekk måtte til før fjorårsvinnaren
av Vestlandsmesterskapet for BC jr. var klar for ny
kvalifisering til juniorlaget.
Kennet vart raskt kvitt eventuell ratt-rust og sikra seg
bestetida i kvalifiseringa.
Kjersti Stuvik har tidlegare kjørt go-kart, men satsar no
på bilcross junior og kjørte si første
trening i Vikedal.
Marius H. Rønnevik (skjult bak far Jon t.v.) diskuterer
med Jens Idar Juel.
Sveinung Holten Leifsen har bygd seg BMW 318, men er fødd
ein dag for seint (1. januar) til å kjøra løp
i år. Dermed blir det berre treningar på Sveinung i
år.
Trygve Hustvedt Lærdal kjøpte bil på første
løpet i fjor, men kan først i år kjøra
treningar med bilen.
Bilcross:
Aleksander Eikeland var på plass med sin Volvo 360. Han
var i A-finalen i dei første løpa i fjor og håpar
vel på same resultata i år.
Bjørn Tore Toadalen debuterte i fjor og kjører i
år Sierra med V6'er.
Mikael Opheim er tilbake etter eit års pause og kjører
også Sierra med V6'er.
Hallvard Finnvik, Team Innante, debuterte og i fjor. Med litt
erfaring og finpussing av Volvo'en kjem kanskje dei gode
resultata i år.
Ivar Finnvik, bror til Hallvard, har overtatt leigebilen til
Suldal Billakkering og justert både oppheng og motor. Det
blir nok ein hard kamp i Team Innante om å vera best i
familien.
Per-Gaute Østbø ha fått bytta bakakslingen i
Asconaen som kosta han VM-tittelen i fjor, og gjer eit nytt forsøk
på bli Vestlandsmester i år.
Firmabilen til Ola Fisketjøn AS vart kjørt av
Runar Vold.
Rune Nes har overtatt Volvo'en som Lasse Guldhav kjørte i
fjor.
Crosskart:
Denne crosskarten var eit nytt syn i Vikedal. Det er
ein Mini med ein Honda 270 ccm firtaktsmotor på 9 hk. Det
skal testast i år om ein kan kjøra desse frå
ein er 7 år. Førebels må ein vera 9 år
for å kjøra løp med den. Hauk Hamre Hagen frå
Etne, som kjørte den i Vikedal, er snart 6 år, og håpar
å få dispensasjon til å kjøra
oppvisningsløp.
Håvard Helland fortset med crosskart. I år satsar
han og Ingve Andrè Strand internajonalt ved at dei skal
kjøra NEZ-cup, ein cup for Norden og dei baltiske
landene.
Håvard i fint driv i utgangen av målsvingen.
Ingve Andrè Strand, som vart nr. 4 i NM i fjor, satsar på
å vinna NM i år, i tillegg til å gjera det bra
i NEZ-cup.
Rallycross nasjonal:
Frode Aas, KNA Haugaland, nytta høvet til
å få litt kjøretrening sidan han går
glipp av løpa i april og juni pga. arbeid offshore.
Anette Aarre satsar friskt i den store klassen med leigd bil frå
Ole Vidar Helland. Ho stiller i den store klassen, RCN o/2400
ccm. Dette var første gongen ho prøvde bilen på
bane.
Etter gode råd frå meir erfarne rallycrossførerar,
gjekk det betre og betre utover dagen.
Geir Harald Skeie er klar til ny kamp i Norgescupen for RCN
o/2400. I fjor vart det andreplass, så i år er målet
heilt klart å vinna.
Geir Harald var litt raskare enn Bjørn Magne Moland Enge,
som skulle ha ein liten fordel ved at han kjørte på
slicks.
Bjørn Magne Moland Enge har m.a. bytta bakpart på
bilen i løpet av vinteren etter litt hard medfart i fjor
haust. I år satsar han på NM i supernasjonal o/2000
ccm.
Problemer med opphenget/feste for katalysatoren, gjorde at Bjørn
Magne måtte avbryta nokre av treningsrundane.
|