Klart for Vestlandsmesterskap på heimebane

Joakim Rønnevik, Thomas Leite Frøland og Åsmund Holten, alle frå Vikedal, er deltakarar i Vestlandsmesterskapet i motocross. Til helga køyrer dei fjerde runde heime på Vikedal Motorbane. 217 deltakarar er påmelde til stemnet.


Joakim Rønnevik (t.v.), Thomas Frøland og Åsmund Holten skal til helga køyre fjerde runde i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane.

Joakim Rønnevik og Åsmund Holten satsar i Vestlandsmesterskapet, og har deltatt i alle rundane så langt.

- Eigentleg skulle dette vore den femte runden, men runden på Stord blei avlyst fordi banen ikkje hadde godkjenning, og dermed har det blitt redusert litt, seier Åsmund Holten. Han køyrer ein Kawazaki KX 85 og deltek i klassen 11 – 12 år, som har mellom 10 - 15 deltakarar.

- Eg trur eg ligg på ein femte plass samanlagt i klassen, og på Sotra i åpningsløpet greidde eg ein tredjeplass, som er det beste resultatet eg har hatt i år.

I tillegg har rundane gått på Byberg og i Sauda, og no på heimebane håpar Åsmund Holten på eit nytt godt resultat.

- Eg trur eg har ein fordel av å køyre på heimebane, men det er mange gode i klassen og ein plass blant dei fem beste til slutt eg nøgd med, seier han.

Joakim Rønnevik køyrer også ein Kawazaki KX 85 kubikk, ein sykkel som har 30 hester. Han køyrer i klassen 13 – 15 år, og medan Åsmund sine heat er på ti minutt pluss to rundar, må Joakim køyre 20 minutt pluss to rundar før han er i mål.

- I motocross er det viktig å ha krefter igjen til slutten av heatet, og elles er det viktig å prøve å køyre jamnt fort og effektivt utover i heatet. Starten betyr ikkje all verden, forklarar han.

Joakim, som ikkje fyller 13 år før i oktober, kunne køyrt 11-12 års klasse også i år, men valde å gå opp ein klasse før denne sesongen. Klassen har rundt 30 deltakarar i kvar runde.

- Dermed blir det vanskeleg å hevde seg. Samanlagt så langt ligg eg på ein 20 plass, og eg håpar på ein 17. – 18. plass til helga.

Thomas Frøland tar ikkje Vestlandsmesterskapet like alvorleg som dei to andre, og har så langt køyrt runden i Sauda i meisterskapen. Han køyrer ein 125 kubikks sykkel i klassen 14 – 16 år, og håpar han på heimebane kan avansere på resultatlista.

- I Sauda var eg eit godt stykke nede på resultatlista, og målet må vere å kome høgare opp denne gongen.

Stor deltaking

Til no er det 217 som har meldt seg på til løpet på Vikedal Motorbane, eit løp som har blitt veldig populært i miljøet.

- Dette løpet har heilt klart vore det største løpet i Vestlandsmesterskapet dei siste åra, og me har vel også ein ide om at det er eit av løpa i landet med størst deltaking, seier løpssekretær Helge Frøland (t.h.).

- Me hadde vel eit håp om at deltakinga ville kome til å liggje rundt 200, men at det no har kome opp i 217 er rekord også for oss i NMK Vikedal.