Marginane ikkje på Skeie Motorsport si side

Den sjette runden i Norgescupen gjekk lørdag på Gardermoen Motorpark. Dette var ein bane der det går fort og som skal passa bilen godt. Oppløfta av gode tider frå det avlyste løpet på Finnskogen, var det ein optimistisk gjeng som reiste til Gardermoen.

Det opna bra på tidstreninga med 6. bestetid, berre halvsekundet bak teten. I første omgong vart det ein andreplass i heatet, men det gjekk litt for seint og det vart berre 9. bestetid. I andre omgong vart det eit tett heat med tette duellar som øydela for tida og det vart berre 11. bestetid. 3. omgong retta litt opp, men ei 6. bestetid heldt berre til 2. startspor i C-finalen. Der vart det, med litt hjelp, ei snurring i første runde. Geir Harald var på god veg til å rette det opp og sikre seg plass i B-finalen, men snurring av ein konkurrent rett framfor gjorde at det vart ein kortare nase på Volvoen og berre ein 12. plass i løpet.

Dermed ser kampen om samanlagtseieren ut til å vera kjørt. Det er no 28 poeng opp til leiaren, og sjølv med 40 poeng for seier i finalen i Vikedal 20. sept., skal det godt gjerast å ta igjen det forspranget.

"Dette har ikkje vore vår sesong", sier Geir Harald Skeie, "så vi får berre leggja all motgongen bak oss og satsa vidare. Før eller seinare snur det nok."

Neste løp blir Vestlandsmesterskapsrunden i Bergen 6. sept. før Norgescupfinalen i Vikedal 20. september. Dersom desse løpa går utan problemer, vurderer Skeie Motorsport å kjøra dei siste 2. rundane i NM for Supernasjonal på Momarkedet 27. - 28. sept. for å sjekka korleis nivået er ein klasse høgare.