NMK Vikedal til topps i alle klassar
NMK
Vikedal-førarane Martin Lillesund, Ørjan Strand
Eikeland, Lars Reidar Frøyland og Anette Aarre vann alle
sine klassar under todagarscrossen på Vikedal Motorbane.
Ørjan
Strand Eikeland (t.h) hadde bestemt seg at denne gongen
ville han satse. For 18 åringen frå Øvre Vats
var dette hans tredje løp i seniorklassen i bilcross,
etter at han i tre år har vore med å dominert
juniorklassen. I dei innleiande omgangane hadde han så
godt som full klaff og vann fire av sine fem innleiingsheat.
Saman med veteranen Per Gaute Østbø hadde han til
slutt 45 poeng og flest av dei over 50 deltakarane i klassen. -
Det gjekk veldig godt i dei innleiande omgangane, og i finalen
hadde eg igjen bestemt meg for å gi alt, seier han, som
gjekk i leiing allereie i første sving og auka på
innover mot mål. -
Då eg såg at eg drog frå konkurrentane tok eg
det litt med ro og sikre leiinga og sigeren innover mot mål,
forklarar ein svært glad Ørjan Strand Eikeland. -
Ja, eg er eigentleg litt overraska over at det gjekk så
bra. Per
Gaute Østbø, som leia både
Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal Cup føre løpet
på heimebane, kom ut sist i A-finalen, men jobba seg opp. -
Ja, med det utgangspunktet var tredjeplassen til slutt veldig
bra, seier han med eit smil, sjølv om han på ny
mista bilen. -
Jo, men eg var redd for at det kom til å skje og kjøpte
meg ein ny, så nå blir det Golf i neste løp. Samanlagt
held Per Gaute Østbø på leiinga i
Vestlandsmesterskapet og NMK Vikedal Cup, Kenneth Johansen ligg
på tredje plass i begge seriane.
Vil
forsvare posisjonen -
Eg mista leiinga då Daniel Holten kjørte forbi meg
i fjerde omgang, elles greidde eg å halde konkurrentane
bak med i alle heat eg køyrde, og det er eg veldig godt nøgd
med, seier Lillesund, som med dette resultatet også klatra
opp på andre plass i NMK Vikedal Cup, to poeng bak Gunleiv
Kvål. Resten
av året blir målet å forsvare og forbetre
denne posisjonen, og også klatre oppover i
Vestlandsmesterskapet, der han ligg på ein femte plass. -
Deltok ikkje i den første runden i Bergen, men reiser
oppover om fjorten dagar, så får me sjå då.
I
Vestlandsmesterskapet er det no Kenneth Kaldheim som er best av
NMK Vikedal sine førarar og ligg på andre plass, ni
poeng bak Aleksander Presttun. Daniel Holten, som vart nummer
sju på søndag, ligg på fjerde plass, 11 poeng
bak leiaren. Frøyland
i leiing I
store nasjonal var det til slutt berre Anette Aarre som kunne
stille i finalen, og dermed vann ho løpet. Lars
Reidar Frøyland her tatt leiinga i NMK Vikedal Cup med 37
poeng, og leiar føre Anette Aarre på 34 og Arnt
Olav Lillesund med 31 poeng. Vestlandsmesterskapet held fram med løp i Bergen 21. – 22. juni, då med konkurranse i alle klassar.
|