Spanande finalar

I helga blir både Norgescupen i rallycross og Vestlandsmesterskapet avslutta med finalar på Vikedal Motorbane. Rundt 120 førarar er påmelde til stemnet.

I Norgescupen i rallycross nasjonal er det kjørt fem rundar så langt før det på lørdag blir kjørt finale i cupen på Vikedal Motorbane. I den største klassen, for bilar med større motor en 2400 kubikk, tok NMK Vikedal føraren Geir Harald Skeie sølv i fjor, og før denne sesongen hadde han ei heilt klar målsetjing om å hente heim gullmedaljen. Det heile starta veldig bra då han vann den første runden på Lånke i Trøndelag, og leia cupen. Etter det har det blitt mykje trøbbel.


Geir Harald Skeie

- Det har vore ulike problem gjennom heile sesongen, så dette har ikkje gått etter planen i det heile tatt, seier han, og peikar på både bakaksling, motor og til sist ein kraftig smell på Gardermoen, som har skapt problem.

Før finalen på heimebane ligg Geir Harald på ein sjetteplass i samandraget, med 20 poeng opp til bronseplassen

- Det ser ikkje bra ut, men med doble poeng i finalen og 40 poeng for siger har eg ikkje gitt opp kampen om ein medalje, om alt skulle fungere i Vikedal.


Geir Harald Skeie har hatt ein del trøbbel så langt i sesongen, men håpar på ein god finale på heimebane.

Det er Steinar Johannesen frå Drammen og Asbjørn Tolfsen frå Kristiansand som ligg best an i klassen. Før finalen har Johannesen to poeng å gå på i høve til Tolfsen som ligg andre. Men løp skal strykast, og gjer me det, er det eigentleg Asbjørn Tolfsen som leier. Tolfsen har i sin Volvo 240 vunne dei to siste rundane, og no køyrer han heilt klart for å hente heim gullmedaljen.

- Gler meg til løpet i Vikedal og har trua på at det skal kunne gå.

Steinar Johannesen på si side er nøgd med at han er der han er, etter mykje trøbbel i sin Porsche.

- I år har det vore stang ut både med bilen og løpa, og på Flisa, då lynet slo ned, hadde eg to bestetider og var klar for pole position då løpet blei avlyst.

Flink arrangør

Klassen for bilar med motorar inntil 2400 kubikk er den største i cupen og til finalen på Vikedal Motorbane er over 30 førarar påmelde. Også fleire frå NMK Vikedal stiller i denne klassen med Joakim B. Hansen og Lars Reidar Frøyland i spissen. Ingen av desse har prioritert Norgescupen og er ikkje på samanlagtlista.

Det er veteranen Arnfinn Bergseng frå Dokka som leier klassen etter at han har vunne tre av dei fem rundane som er køyrde.

- Har drive med bilsport samanhengande i 25 sesongar no, men etter denne sesongen skal eg prøve å slutte, og då hadde det vore artig å avslutte med gull etter at det blei det sølv i fjor, seier han, og legg til at etter løpet i Vikedal er Ford Escorten han køyrer til sals.

- Har vel bevist at med den rette sjåføren er dette ein potensiell vinnarbil.

Når det gjeld løpet på Vikedal Motorbane trur han Frode Leirhol kjem til å dra sigeren i land.

- Kjem me begge til A-finalen er det stor sannsynlighet for at han tar starten, og utan alternativspor er det svært vanskeleg å kome forbi.

Frode Leirhol frå Valdres innrømmer at han både har planar om å ta sigeren og gullet på Vikedal Motorbane.

- Men det skal kjørast først.

Sidan 1991 har han kjørt VW Boble med wankel motor, noko som krev ein spesiell kjørestil.

- Motoren bremsar ikkje på gira, som ein vanleg motor, dette er nok den største skildnaden.

Leirhol har mykje positivt å seie om Vikedal Motorbane, og spesielt om den informasjonen som blir gitt over høgtalaranlegget.

- Vikedal må ha Noregs beste speaker, og både førarar og publikum er heile tida informert om det som foregår ute på banen. Det er veldig bra.

 

Også Vestlandsmesterskap.

Norgescuprunden på lørdag er også finale i Vestlandsmesterskapet 2008 for rallycrossklassane.

I klassen inntil 2400 er det Arve Bernes som leiar før Lars Reidar Frøyland NMK Vikedal og med Andreas Hagen Helle NMK Bergen på tredje.

I klassen over 2400 er det NMK Vikedal-førarane Geir Harald Skeie og Annette Aarre som ligg i tet med KNA Haugaland-føraren Skjalg Lothe på tredje plass.

I free for all er Steinar Stokke NMK Bergen i tet føre Bjørn Magne Moland Enge NMK Vikedal og Micheal Seilen NMK Bergen

Bilcross på søndag

Etter at rallycrossen har gjort seg ferdig på lørdag, er det klart for finalen i Vestlandsmesterskapet i bilcrossklassane på søndag: Arrangørklubben NMK Vikedal er så absolutt med i kampen om titlane her. Daniel Holten leiar junior, medan Per Gaute Østbø har grepet på det i seniorklassen.

For Daniel Holten (t.h.) har det blitt ein travel sesong, i tillegg til sjølve køyringa. No gjer han klar den sjette løpsbilen denne sesongen.

- Ja, så langt har eg kjørt med fem forskjellige bilar, og fire har blitt selde etter løpa, seier han, og fortel vidare at han no har fått tak i ein ny Volvo 240 som han arbeider med å få klar.

- Bilen var ferdig med bur, men manglar motor og det er det me held på med no.

 


Dette var bilen Daniel kjørte med i Bergen forrige helg. Den vart og seldt.

Daniel Holten har på ingen måte vore heldig på Vikedal Motorbane i år, sjølv om han har vore i A-finalen tre gonger.

- Nei, det har enda med stopp i finalen, så no får me håpe at det går betre denne gongen.

I tillegg til Daniel Holten er det Aleksander Presttun NMK Bergen, Kennet Kaldheim NMK Vikedal og Gunleiv Kvål NAF Gjesdal som kjempar om tittelen.

Per Gaute Østbø NMK Vikedal og Karsten Hermansen NAF Gjesdal ligg likt føre finalen i bilcrossklassen for seniorane, medan NMK Vikedal-føraren Kenneth Johannesen følgjer to poeng bak.

Per Gaute Østbø (t.h)  er godt skodd når det gjeld bilcrossbilar, og har tre ulike ståande heime.

- Har ein Golf, ein Ascona og ein Volvo 240 ståande, og sjølv om eg ikkje heilt har bestemt kva bil eg vel til helga, trur eg det blir Volvoen.

Også Karsten Hermansen er Volvo-førar, og med denne bilen trur Per Gaute at han kan slå han.

- Har slått han før så det er det som er målet.