Stopp i B-finalen igjen på Skeie

Det vart ein ny nedtur for Geir Harald Skeie i 3. runde i Norgescupen for rallycross nasjonal på Dokka. 10. plass er ikkje godt nok når målet er å vinna norgescupen samanlagt, men ei fattig trøst er at fleire av dei hardaste konkurrentane og hadde problemer.

Tidskjøringa lova bra. Sjuande bestetid var greitt, sidan det berre var 4-tidelar bak bestetida. Første omgong gjekk greitt, men tydelegvis litt for seint sidan det berre vart sjette bestetid. Andre omgong såg bra ut, det gjekk fort og mellomtidene tyda på at dei låg an til ei bra tid, men ei punktering sette ein stoppar for det og det vart berre 17. bestetid. I tredje omgong måtte ei god tid sikrast for å få finaleplass, og dermed vart nok Geir Harald litt reservert. Dermed mangla det litt på farten, og det vart sjuande bestetid i omgongen. Det heldt til fjerde startspor i B-finalen, og no gjaldt det å bli blandt dei to beste for å avansera til A-finalen. Dette førte kanskje til litt for høgt spenningsnivå hjå føraren. Han spann seg litt bort i starten og kom berre ut på fjerdeplass. Deretter førte ein liten kollisjon i inngongen til alternativsporet til at ei opphengskule rauk, og dermed var det berre å gi seg og ta til takke med ein skuffande tiandeplass.

- Dette var skuffande, seier Geir Harald Skeie etter løpet. Eg mangla litt av den farten eg veit eg har hatt tidlegare på denne banen, utan at eg kan seia kva det er som gjer det.

Samanlagt avanserte Geir Harald til andreplass med sine 36 poeng bak Steinar Johannesen med 44 poeng. Men det tetnar til bak Geir Harald. Dei 6 beste ligg no alle innanfor 15 poeng bak leiaren.

No skal teamet ta ein utvida sjekk av motor og understell for å forsikra seg om at alt er så optimalt som det må vera for å nå målet om å vera best. Neste løp er 4. runde i norgescupen og går på Lyngåsbanen ved Drammen 12. og 13. juli. Der har Geir Harald gode minner frå i fjor då andreplassen samanlagt i norgescupen vart sikra med ein andreplass i løpet. Målet blir igjen ein plass i A-finalen og aller helst på seierspallen.