Løp i 2010:                                                                                                 Sist oppdatert 23.11.2010
  17. april: Rallycross (VM)/Bilcross jr. klubbløp                                     
   NMK Vikedal cup 2010
  18. april: Bilcross (VM)                                                                                    Reglar - bilcross
  29.-30. mai: 2-dagars RCN og bilcross                                                        Sluttstilling - bilcross
  19. juni: NM-runde RC Supernasjonal                                     
                          Reglar - RCN
  26. august: Trafikksikkerhetstreff med Petter Solberg                                  Sluttstilling - RCN
  12. sept.: Bilcross/rallycross
  2. okt.: Rallycross (VM)/Bilcross jr. klubbløp                                    
  3. okt.: Bilcross (VM)                                           
                                       Vestlandsmesterskapet
 

Linkar til aktive medlemmer sine heimesider 

MX-gruppa sine heimesider

Gamle nyheter frå:
  2009, 2008, 2007, 2006, 2005,
2004, 2003, 2002, 2001


Linkar til nyhetsider:



Motorsportsavisen

23.11.2010:
Roleg årsmøte i Ølen med nyvald leiar
Det var litt dårlegare frammøte enn vanleg på årsmøtet i Ølen. Dag Fisketjøn frå Suldalsosen vart vald til ny leiar etter Glenn Olav Lothe. Ellers vart det litt endringar i dei fleste komiteane som vanleg.
Her er lista over dei tillitsvalde for 2010

05.11.2010:
Sakliste for årsmøte
Her finn du innkalling/saksliste/tidsplan for årsmøtet neste lørdag, 13. november.

22.10.2010:
Årsmøte lørdag 13. november på Ølen Pøb
Årsmøtet blir i år lørdag 13. november på Ølen Pøb. Tidspunkt og saksliste kjem snart.

22.10.2010:
Vatnet stengt av for vinteren på baneanlegget
Sidan ein del av ledningsnettet ligg uisolert til, er vatnet som vanleg no stengt av for vinteren. Sanitæranlegget er dermed stengt og må ikkje brukast lenger.

 Tilleggsreglar, rallycross 2. oktober
 Tilleggsreglar, bilcross jr. klubbløp 2. oktober
 Foreløpig startliste, rallycross + BC jr. klubbløp 2. oktober
 Resultatliste. rallycross
 Resultatliste, bilcross jr. klubbløp

 Tilleggsreglar, bilcross 3. oktober
 Foreløpig startliste, bilcross 3. oktober

 Resultatliste, bilcross

 Pressemelding før løpet
 Pressemelding etter løpet

 Tidsplan for helga

04.10.2010 - Pressemelding:
Vestlandsmeisterane kåra
Torbjørn Østerbø Veland, Per-Gaute Østbø, Jonny Brådli og Daniel Holten vart kåra til Vestlandsmeistrar på Vikedal Motorbane i helga.
-- Les meir --

02.10.2010:
Daniel Holten vann VM i den store klassen
Daniel Holten vann finaleløpet i Vestlandsmesterskapet og sikra seg dermed og seieren samanlagt. Bjørn Magne Moland Enge sleit med innstillinga av bilen og måtte gi seg etter at han slo lett i  rekkverket nedover startplata. Bjørn Magne vart dermed nr. 2 samanlagt.
    I rallycross nasjonal inntil 2400 ccm gjekk Karsten Hermansen seirande ut og gjekk dermed forbi Stein Erling Tjelta i samandraget og opp på andreplass. Jonny Brådli var klar som vinnar samanlagt før finalen, der han vart nr. 2.
-- Resultater, rallycross --
-- Sluttstillinga i Vestlandsmesterskapet --
-- Resultater, bilcross jr. klubbløp --


Trygve Hustvedt Lærdal vann klubbløpet i bilcross junior. Her er han flankert av Kjersti Stuvik (t.v.) som vart nr. 2 og Håkon Tveit som vart nr. 3.

01.10.2010 - Pressemelding frå Holten Motorsport:
Avsluttar på heimebane
Daniel Holten avsluttar på laurdag ein fantastisk sesong heime på Vikedal Motorbane. Han håpar på å bli Vestlandsmester.
-- Les meir --

29.09.2010:
Dugnad onsdag 29. september
Det blir dugnad i dag onsdag 29. september frå kl. 17.00 utover til det blir mørkt. Det blir klipping av plenar og anna klargjering til løpa i helga. Kontaktperson er Marius Vaka Lothe, tlf. 91635628.

28.09.2010 - Pressemelding:
Spanande avslutning
Sesongen på Vikedal Motorbane blir avslutta med finalen i Vestlandsmesterskapet til helga, rallycross på laurdag og bilcross på søndag. I underkant av 100 bilar er påmelde, og førarane frå NMK Vikedal er med i kampen om medaljar i alle klassar.
-- Les meir --


Det blir ein tett og spennande kamp mellom Daniel Holten og Bjørn Magne Moland Enge om Vestlandsmester-tittelen i helga.

27.09.2010:
Daniel Holten og Knut Endre F. Ringhagen vann på Jærhagen
Daniel Holten gjekk til topps i klassen for RCN o/2400 og Supernasjonal, medan Knut Endre Fønnebø Ringhagen vann bilcross-klassen i bakkeløpet på Jærhagen. Daniel øydela bilen i finalen, men han var alt klar som vinnar av løpet før det.
-- Les meir --

27.09.2010 - Pressemelding frå Holten Motorsport:
Gav alt i finalen
Daniel Holten leia frå start til mål på Klepp, men gav alt i finalen i håp om å setje ei endå betre tid. Det enda i kantsteinen.
-- Les meir --

24.09.2010 - Pressemelding frå Holten Motorsport:
Klar for Klepp
Daniel Holten er tilbake i Vikedal etter EM-runden i Tsjekkia, og bilen er no i ferd med å bli klar for den nest siste runden i Vestlandmesterskapet som går på Klepp på søndag.
-- Les meir --

23.09.2010:
Fortsatt kamp om pallplassane i Vestlandsmesterskapet
Det er lite som er avgjort i kampen om Vestlandsmesterskapet i bilcross-klassane sidan 4 av 6 løp tel i samandraget. Det einaste som er avgjort er at Per-Gaute Østbø blir Vestlandsmester i senior-klassen. I junior-klassen er det 8 stk. som har muligheter til å komma på pallen samanlagt. I senior-klassen er det 4 stk. som kjempar om pallplassane, så her må ein stilla til start for å kunna vera med å kjempa om heder og ære.

23.09.2010:
Få deltakerar frå NMK Vikedal påmeldt på bakkeløpet på Klepp
Berre 3 deltakerar i rallycross (Aleksander S. Eikeland, Daniel Holten og Bjørn Magne Moland Enge)og 4 i bilcross frå NMK Vikedal stiller til start i bakkeløpet på Jærhagen på Klepp. Løpet er nest siste runde i Vestlandsmesterskapet for rallycross og første omgong går før kyrkjetid kl. 10.00. Løpet startar igjen kl.12.00 og foregår på parkeringsplassen ved Jærhagen kjøpesenter på Klepp.
-- NMK Sandnes & Jæren si heimeside med startliste og tilleggsreglar --

20.09.2010 - Pressemelding frå Holten Motorsport:
Var med i toppen igjen
For andre gong kom Daniel Holten seg til ein A-finale i EM , og enda på ein sjetteplass i Tsjekkia. Også innsatsen i Bilsporttalentet sist veke er han nøgd med.
-- Les meir --

19.09.2010:
Ny A-finale på Daniel Holten i EM-runden i Tjekkia
Strålande kjøring av Daniel i EM-runden i Tjekkia gav ein ny A-finaleplass i div. 1A. Etter 4. tid, 3. tid og 6. tid i dei innleiande omgongane, stod han i 4. startspor i A-finalen i dag. Han var godt med i starten og var på sida av andreplass, men yttersporet gjorde at han måtte sleppe seg inn på fjerdeplass. Han tok alternativsporet i første runde, og kjørte godt for når Ildar Rakhmatullin kom ut frå alternativsporet 2 rundar seinare kjempa dei side om side om tredjeplassen. Dessverre tapte Daniel den kampen og snurra ut i neste sving og måtte ta til takke med sjetteplass. Men Daniel viser at Saxo'en er konkurransedyktig heilt i toppen i EM. Andreas Bakkerud, NMK Bergen, vann løpet og sikra seg dermed bronsemedaljen i EM. Daniel vart med 4. og 6. plass i dei 2 rundane han kjørte i EM-serien, nr. 14 samanlagt. Me gratulerar begge to med flotte resultater.
       Fiestaen til Holten Motorsport var og i Tjekkia utleigd til svenske Mikael Thiman. Han kjørte inn til ein 9. plass, med 3. tid i andre omgong som beste resultat.
       For utprega B-menneske sender NRK1 25 min frå løpet kl. 00:20 i natt. Det går i reprise  måndag kl. 11:30 på NRK2. Sendinga er no lagt ut på Nett-TV.
Link til sendinga på NRKs Nett-TV

14.09.2010 - Pressemelding frå Holten Motorsport:
Spanande veke for Daniel Holten
I morgon er Daniel Holten på plass på Vålerbanen for å delta i konkurransen ” Bilsporttalentet 2010” der premien har ein verdi på 325.000 kroner. Torsdag ettermiddag set han kursen mot Tsjekkia og EM-finalen i rallycross.
-- Les meir --

 Tilleggsreglar, rallycross
 Tilleggsreglar, bilcross  
   
 Foreløpig startliste

 Resultat. rallycross
 Resultat, bilcross


 Pressemelding før løpet
 Pressemelding etter løpet

 Stillinga i NMK Vikedal cup - bilcross
 Stillinga i NMK Vikedal cup - rallycross

13.09.2010 - Pressemelding:
Spanande avslutning i NMK Vikedal Cup
Preben Myklebust, Marius Bergfjord og Jonny Brådli tok sigeren i NMK Vikedal Cup på søndag. Hans Kristjan Kristjansson vart nummer to i bilcross, medan Håkon Tveit blei best av NMK Vikedal sine førarar i bilcross junior,  med ein tredje plass.
-- Les meir --


Ingen av vinnerane i NMK Vikedal Cup i år kjører for NMK Vikedal, men dei er likevel flittige gjester i Vikedal. F.v. Preben Myklebust (NMK Egersund - BC jr.), Jonny Brådli (NMK Egersund - RCN) og Marius Bergfjord (NMK Bergen - BC)

06.09.2010:
Håkon Tveit vann bilcross junior, Bergfjord senior
I ein dramatisk A-finale med ein del knall og fall på vanskeleg føre, var det Håkon Tveit som drog i land seieren framfor Sveinung Holten Leifsen. Torbjørn Østerbø Veland vart nr. 3. I seniorklassen var det Marius Bergfjord som vann framfor Joakim Bruland og Glenn Olav Lothe. Glenn Olav leia til siste sving før mål, men ei defekt giroverføring kosta han seieren.
       I rallycross nasjonal inntil 2400 klarte Karsten Hermansen å snyta Jonny Brådli for seieren på eit svært vanskeleg føre. Aleksander S. Eikeland vart nr. 3. I klassen over 2400 ccm vann Ørjan Strand Eikeland greitt framfor Ingvar Auestad og Ove Skårland.
--
Resultatliste. rallycross --     -- Sluttstilling NMK Vikedal Cup - RCN --
-- Resultatliste, bilcross --        -- Sluttstilling NMK Vikedal Cup - bilcross --

09.09.2010 - Pressemelding:
Klart for finale i NMK Vikedal Cup
Etter at to løp er avvikla er det klart for finalen i NMK Vikedal Cup til helga. Trygve Hustvedt Lærdal, Hans Kristjan Kristjansson og Hallvard Finnvik ligg best an av NMK Vikedal sine førarar.
-- Les meir --

09.09.2010 - Pressemelding:
Daniel Holten tok gullet
Daniel Holten køyrde aller best av NMK Vikedal sin førarar under NM-finalen i rallycross og sikra gullet. Kenneth Johansen blei nummer åtte, Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge nummer elleve, mens Geir Harald Skeie ikkje kom til finale
-- Les meir --

06.09.2010:
Startlista oppdatert
Startlista er no oppdatert i henhold til det ein vart enig om på medlemsmøtet om vakter. Dvs. at dei påmelde medlemmene i NMK Vikedal som ikkje har meldt inn vakt, er fjerna frå startlista. Kontaktperson er leiar i klubben, Glenn Olav Lothe, tlf. 488 68331.

05.09.2010:
Daniel Holten NMK Vikedal sin første Norgesmester
Det vart allerede før finalane i dag klart at Daniel Holten er NMK Vikedal sin første Norgesmester i rallycross Supernasjonal klasse 1. Argaste konkurrent, Thommy Tesdal, frå Flekkefjord, var uheldig i 3. omgong og havna på taket. Skadene på bilene var for store til at han vart klar til finalane, og Daniel var dermed Norgesmester i klasse 1, inntil 1600 ccm. Daniel vann 3. omgong og stod i 2. startspor. Ut frå start bomgira han, og kom dermed dårleg ut. Han vart til slutt nr. 4 i finaleløpet. Neste utfordring for Daniel er Talentkonkurransen til Bilsportforbundet 15. og 16. sept. før turen går til EM-runden i Tjekkia helga etter.
     Ernst Holten Leifsen, som låg på tredjeplass i NM før finaleløpet i klasse 2, måtte ta til takke med fjerdeplass. Han sleit med å få startane til å sitja, og det vart til slutt 3. plass i C-finalen, altså 11. plass. Dermed gjekk Jan Gabrielsen frå Kristiansand forbi i samandraget. Kenneth Johansen vann C-finalen og kjørte inn til 8. plass i finalen. Samanlagt fall han ned ein plass til sjuande, etter at Rudi Rossland frå NMK Bergen gjekk forbi.
     Bjørn Magne Moland Enge var veldig stabil i helga og kjørte inn til 3 tiandetider og vart til slutt nr. 11 i finaleløpet. Samanlagt vart det 8. plass. Geir Harald Skeie vart nr. 16 i løpet og vart ståande på 9. plassen i samandraget.

NMK Vikedal har aldri hatt så gode resultat frå så mange dyktige førerar i NM som i år. Me gratulerar alle med ein innsats dei kan vera svært fornøgd med. Me er stolte av dykk og ynskjer alle lykke til med resten av sesongen og vidare satsing i 2011.

04.09.2010:
Litt stang ut i NM-finalen så langt
Resultata er førebels litt stang ut i NM-finalen på Gardermoen for NMK Vikedal-førerane. Etter 2 omgongar ligg Daniel Holten på 8. plass etter at han vart ståande litt etter ein smell med Mats Stensøy ut frå alternativsporet. I andre omgong vart det andretid, medan rivalen i gullkampen, Thommy Tesdal fekk motorproblemer. Dermed vert det ein spennande tredjeomgong og finalar i morgon. I klasse 2 har Kenneth Johansen kjørt godt og ligg på sjuandeplass etter 8. og 9. bestetid. Ernst Holten Leifsen fekk 11. bestetid i første omgong og svart flagg for forbikjøring i gulflaggsone i andre, og må ha ei god tid i tredjeomgong for å sikre seg finale. Rivalen i kampen om bronsemedaljen, Jan Gabrielsen, ligg på fjerdeplass så langt og må ta inn 4 poeng.
     Bjørn Magne Moland Enge ligg best til i klasse 3 med 10. plass etter 2 x 10. bestetider. Geir Harald Skeie ligg på 14. plass etter 2 x 14. bestetider, så jamne er dei iallefall.

04.09.2010:
Per-Gaute Østbø vann BC og Thomas Nonslid nr. 2 i BC jr.
Per-Gaute Østbø vann bilcrossklassen i VM-runden i Bergen i dag, og er dermed klar som Vestlandsmester i bilcross før finalen i Vikedal. Hans Kristjan Kristjansson vart nr. 5, Glenn Olav Lothe nr. 6, Kennet Kaldheim nr. 8 og Silje Renèe Pedersen nr. 12. Hans Kristjan held andreplassen samanlagt, men må sjå opp for dei bak.
      I juniorklassen fekk vel Thomas Nonslid si beste plassering så langt i ordinære løp med ein andreplass. Gøran Spartveit kjørte og godt og vart nr. 5. Litt lenger bak kom Jonas Lønning på 9. plass, Trygve Hustvedt Lærdal vart nr. 10, Kjersti Stuvik nr. 11, Audun Mehammer nr. 13, Catrine Mæland nr. 14, Mathias Johnsen nr. 15 og Håkon Tveit nr. 16. Her står samanlagtseieren mellom bergenserane Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås. Trygve ligg på tredje og kan passera Anders Hjelmås, som vann i dag, men må og passa seg for dei bak.
Stillinga samanlagt i VM finn de på Vestlandsmesterskapet sine heimesider her...


Per-Gaute Østbø på toppen av seierspallen med nr. 2, Frank Tore Østerbø til venstre og nr. 3 Rune Vaktskjold til høgre


Thomas Nonslid på andreplass til venstre saman med vinnaren Anders Hjelmås og nr. 3 Henrik Fluge.

03.09.2010:
Påmeldingsfristen for løpet neste helg er søndag 5. sept.
Husk påmeldingsfristen for anleggsoppgraderinga gjer at vi treng pengar og vil krevja det vi kan i etteranmeldingsgebyr :-)

03.09.2010:
NMK Vikedal med i teten før NM-finalen i rallycross i helga

NMK Vikedal-førerane er med i tetkampen i 2 av klassane i NM-finalen. I klasse 1 leiar Daniel Holten med 1 poeng på Thommy Tesdal frå NMK Kvinesdal, og må halda seg framfor Thommy for å vera sikker. Daniel er uansett sikra medalje som er ein stor prestasjon uansett korleis det går til helga.
        I klasse 2 ligg Ernst Holten Leifsen på bronseplass, og har 4 poeng å gå på til Jan Gabrielsen på plassen bak. Med innspel frå Petter Solberg på kjøre-egenskapane, og dermed ein "heilt ny bil" ifølge Ernst, kryssar me fingrar og tær for at han klarar bronsemedaljen i NM. Kenneth Johansen, som ligg på sjetteplass, har faktisk ein teoretisk sjanse til å ta bronse, men då må fleire framfor bli tilnærma utan poeng på Gardermoen.
       I klasse 3 ligg Bjørn Magne Moland Enge på 8. plass, 3 poeng framfor Geir Harald Skeie på 9. plass. Det kan bli ein spennande kamp om å bli beste Vikedals-førar. Dei har og mulighet til å klatra ein plass eller kanskje to. Bjørn Magne fekk det ikkje til på sist runde på Dokka, og etterpå viste det seg at demperane var utslitt. Geir Harald var i A-finalen på Dokka, og målet for begge er nok å komma seg dit, så kan alt skje.
       Me reknar med at resultata frå løpet vert lagt ut på NBF sine nettsider her...
eller at dei blir lagt ut på NMK Gardermoen sine sider her...
       Me ønskjer alle lykke til i NM-finalen, og uansett resultat der er årets sesong den beste i NMK Vikedal sin historie.

03.09.2010:
Halvparten av deltakerane i BC jr. i Bergen frå NMK Vikedal

Halvparten av deltakerane i BC jr. klassen i VM-runden i Bergen lørdag representerer NMK Vikedal. Heile 10 deltakerar stiller til start i VM-runden der Trygve Hustvedt Lærdal ligg best til i samandraget. Trygve er nr. 2, 23 poeng bak Torbjørn Østerbø Veland. Han har og mange rett bak seg, så han må ha eit godt resultat for å henga med før VM-finalen i Vikedal 3. oktober.
         I seniorklassen stiller med 5 deltakerar. Her leiar Per-Gaute Østbø med 56 poeng, 9 poeng framfor Jørn Ahmer og 11 poeng framfor Hans Kristjan Kristjansson. Kennet Kaldheim ligg på femteplass med 30 poeng.
Det er ingen deltakerar i rallycross frå NMK Vikedal, og det tel heller ikkje i VM.
Startlister og annan informasjon finn du NMK Bergen sine heimesider her...

      Me ønskjer alle våre medlemmer lykke til i Bergen, og håpar på gode resultater for alle.

29.08.2010:
Vellukka trafikksikkerhetstreff med Petter


Petter Solberg hadde god tid etter presentasjonen og oppvisninga, og delte velvillig ut tips til rallycrossteama som var tilstades.

Sjå mange bilder frå treffet her ....

Film/reportasje frå Radio Haugaland finn du her ....
Fleire filmar kan du finna på YouTube

Hugs trafikksikkerhetstreffet med Petter Solberg
torsdag 26. aug. på Solvang Ungdomshus/Vikedal Motorbane

-- Les meir --
-- Høyr intervjuet med Petter Solberg på Radio102 onsdag 25. aug. --

20.08.2010:
Medlemsmøte lørdag 28. august kl. 14.30 på banen

Det blir medlemsmøte lørdag 28. august kl. 14.30 på Vikedal Motorbane (umiddelbart etter treninga). Tema som vil bli tatt opp:
  - Arrangement 2011
         - Skal ein søkja om statusløp neste år, NM/NC?
         - Vil medlemmene bidra meir til å skaffa funksjonærar slik at ein kan oppretthalda antal løp,
           eller må ein redusera.
  - Vidare utvikling av anlegget Vikedal Motorbane
         - Klubben har fått teknisk godkjenning til Spelemiddelsøknad for dei oppgraderingar som er
           gjort i år. Skal det tas med fleire tiltak før søknaden vert sendt inn seinare i haust.
           Det vil bli lagt fram skisse til nytt sekretariat/speakertårn/dusjanlegg
  - Innspel til endringar i reglement
         - NBF etterlyser innspel på endringar i reglementet. I bilcross er det sagt at anbudsprisen skal
           vurderast i år. Det same skal fritak for anbud på eit klubbløp og premiepengar. Dette er saker
           som vil bli diskutert og avgjort på Bilsportkonferansen 9. - 10. oktober.
  - Eventuelt

20.08.2010:
Vakter til neste løp 12. september og løpa i oktober
Minner om innmelding vakter til løpa i haust 12. september og 2.- 3. oktober.
Foreløpig frist for innmelding av vakter har me sett til fredag 27. august
Me treng:  Brann og flaggvakter
                Inntauingsbilar og personell
                Kioskpersonell

Vakter som de melder inn skal ha følgjande opplysningar:
    Namn
    Mobilnummer
    Ønska stilling
    Kven som skal godskrivast dugnad
Vaktene skal meldast inn til Dag Fisketjøn tlf. 99 22 90 84, dag.fisketjon(a)suldal.com. Har de spørsmål om dette, kan de kontakte leiar i arrangementskomiteen Vivian Stuvik tlf. 91 14 77 67

20.08.2010:
Treningstidene for bil er justert for resten av året

Treningane for bil resten av året vil ha innsjekk og teknisk mellom 12.00 og 12.55, medan treninga skal starta kl. 13.00. Neste trening er lørdag 28. august. Kontaktperson er Bryn Rønnevik, tlf. 48893130.

20.08.2010:
Daniel Holten tatt ut til NBF sin talentkonkurranse

Daniel Holten er plukka ut som ein av fem deltakerar i Bilsportforbundets talentkonkurranse "Bilsporttalentet 2010". Konkurransen går 15. og 16. september på Vålerbanen, og dei kjempar om ein premie med verdi på 325.000,- kr. Dei skal gjennom fysiske testar med løping og sykling, konkurransekjøring med forskjellige bilar og crosskart, presentera seg for juryen og gå gjennom eit TV-intervju. Vinnaren blir offentleggjort på NBF sin premieutdeling 20. november.

18.08.2010:
Trafikksikkerhetstreff med Petter Solberg torsdag 26. aug.

Torsdag 26. august kjem Petter Solberg på besøk til Vikedal for å snakka om trafikksikkerhet i regi av Rogaland Fylkeskommune. Treffet startar på Solvang Ungdomshus (ungdomshuset der vegen blir stengt under løp) kl. 16.30. Etterpå vert det kjøring på Vikedal Motorbane der nokre heldige i målgruppa mellom 17 og 23 år får sitja på med Petter Solberg i WRC-bilen. Trekning av dette blir på Ungdomshuset. Det blir open kiosk under kjøringa på motorbanen. Dei som ikkje er 18 år (myndige) må ha med fullmakt underskrive av føresette for å få lov til å sitja på. Skjema finn de her ...

18.08.2010:
Reidar Skeie kjører Landsfinalen i bilcross i Trøndelag
Reidar Skeie frå Sandeid er den einaste representanten til NMK Vikedal under NMK sin landsfinale i bilcross, som går i Trøndelag på laurdag. Men Reidar er klar.
- No har me testa bilen for tredje gong, og no ser den ut til å vere i orden, seier Reidar, som får hjelp av Svein Arne Moland til transport av bilen oppover til Arena Wallenberg i Løkken Verk, der NMK Orkla står som arrangør av årets finale.
- Me reiser med bussen hans torsdag morgon for å nå treninga på fredag, forklarar han.
For å kome til landsfinalen må ein kvalifisere seg gjennom ein A-finalen i eit lokalt løp. Nivået er høgt og med over 130 deltakarar blir det tøft. Reidar Skeie har likevel tenkt å bite frå seg.
- Det blir køyrt fire finalar og målet er å bli med i ein av dei.

18.08.2010:
Finnvik og Frøyland kjører Norgescup i Kristiansand

Hallvard Finnvik og Lars Reidar Frøyland kjører Norgescuprunden for rallycross nasjonal lørdag i Kristiansand. Rundt 30 deltakerar er påmeldt i klassen inntil 2400 ccm. Lars Reidar har bytta karroseri etter rundvelten i 2-dagarsløpet i mai, og er no klar til ny innsats.

12.08.2010:
Biltransport til VM-runden for bilcross i Bergen 4. sept.

Sommarferien er over og VM-runden for bilcross i Bergen 4. september nærmar seg. NMK Vikedal har alt inngått avtale om å leiga ein biltransportbil til juniorlaget. Medlemmane på juniorlaget må gi beskjed til Eirik Aasbø, tlf. 97744917 og dei vil bruka plassen. Det er nokre plassar ledig for andre, og dei som er interessert kan melda seg til Eirik. Juniorar vil bli prioritert. Det blir opplasting av bilane på Frakkagjerd fredag 3. sept. kl. 17.00.

10.08.2010:
Minner om trening for bil komande lørdag

Det blir trening for bil lørdag 14. august. Innsjekk og teknisk kontroll må vera utført mellom kl. 11.00 kl. 12.00. Ansvarleg for treninga er Bryn Rønnevik, tlf. 48893130.
Graset har vakse godt i sommar, så dersom nokon kunne ta med seg plenklippar og klyppa publikumsområdet hadde det vore fint.

01.08.2010 - Pressemelding:
Er med i toppen

Daniel Holten og Geir Harald Skeie nådde A-finalen og blei nummer fire og seks til slutt. Ernst Holten Leifsen blei nummer åtte og Kenneth Johansen nummer tretten, under den fjerde NM-runden på Dokka. Bjørn Magne Moland Enge kom ikkje til finale denne gongen.
-- Les meir --


Geir Harald nådde endeleg A-finalen på Dokka.

31.07.2010:
Daniel nr. 4 og Geir Harald nr. 6 på Dokka

Det viste seg å vera vanskeleg å følgja opp den gode innsatsen i NM-runden i Vikedal. I klasse 1 var Daniel Holten suveren i innleiande omgongar med dagens beste tid uansett klasse. Han var eitt sekund framfor Stian Haugan som hadde bestetid i klasse 3. Men i finalen gjekk det ikkje heilt som tenkt, og det vart "berre" fjerdeplass i dag. Dermed tettar det seg til i NM-samandraget og Daniel har no berre eit poeng å gå på til Tommy Tesdal.
      I klasse 2 var det Ernst Holten Leifsen som vart best av våre med 8. plass, medan Kenneth Johansen vart nr. 13. Ernst var jamn og kjørte inn til 3 niande tider, medan Kenneth hadde 12. og 15. bestetid. Dette gjorde at Jan Gabrielsen tok innpå Ernst i kampen om bronseplassen, og det er no berre 4 poeng mellom dei.
      Geir Harald Skeie fekk revansje for A-finalen som glapp i Vikedal. Etter sjette-, niande- og femtetid var han klar for tredje startspor i B-finalen. Der var han raskt oppe på andreplass bak Terje Morstad og kontrollerte inn sjølv med knekt Watt-lenkstag. Det vart ordna til A-finalen, men han klarte ikkje å avansera der og kjørte inn til sjetteplass.

31.07.2010:
Trygve Hustvedt Lærdal nr. 25 i Landsfinalen for BC jr.

Trygve Hustvedt Lærdal vart best av våre i Landsfinalen for bilcross junior på Eikås i Bergen lørdag. Andreplass, tredjeplass og heatsiger i siste omgong gav 22 poeng og trekning om plass i D- eller E-finalen. Dessverre hamna Trygve i E-finalen, der han kjørte inn til 5. plass og 25. plass totalt. Slett ikkje verst i kamp med landets 88 beste juniorar.
        Lars Martin Eikeland gjorde det og svært bra i sin Golf, men vart ståande i 3. omgong etter ein smell mot ein Kadett ut frå alternativsporet. Han vann sitt heat i første omgong, vart nr. 2 i andre og leia sitt heat når han smalt saman med ein Kadett i utgongen av alternativsporet. Det gjorde at rotoren knakk, eit motorfeste rauk og oljefilteret løsna. Dermed var det kjørt for Lars Martin.
-- Sjå bilder med kommentarar --

30.07.2010:
Viktige løp i helga

Det går 2 viktige løp i helga for våre aktive.
         I Bergen går Landsfinalen for bilcross junior lørdag der Lars Martin Eikeland og Trygve Hustvedt Lærdal stiller til start. Lars Martin kjørte Landsfinalen i fjor i Hønefoss, og vart nr. 81 der, så målet er nok å bli ein del betre enn det. Trygve var i fleire A-finalar i mai, men sleit med tekniske problemer på 2-dagarsløpet i Vikedal. Vi håpar han slepp det no og ønskjer begge lykke til på Eikås. 1. omgong startar kl. 10.00 for dei som vil reisa opp og sjå på.
         Supernasjonalførerane er på Dokka for å kjøra 4. runde i NM lørdag. Etter dei gode resultata i Vikedal, håpar nok dei fleste på å gjera det like bra på Vinjarmoen. Daniel Holten leiar klasse 1, og etter fjerdeplass i EM-runden på Høljes er vel ein plass på pallen målsetjinga. I klasse 2 har Ernst Holten Leifsen fiksa girkassa som slo seg vrang i Vikedal og er klar for å forsvara tredjeplassen i samandraget. Kenneth Johansen har fått fiksa motoren som hindra han å få ein plass på pallen i Vikedal, medan Per Magne Flatebø står over runden på Dokka. I klasse 3 er både Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie på jakt etter ein A-finaleplass. Bjørn Magne klarte det akkurat framfor Geir Harald i Vikedal, så kanskje me skal satsa på at begge klarer det denne gongen? Du kan følgja utviklinga av NM-runden på NMK Fluberg sine heimesider her ...

30.07.2010:
Treningar for bil i haustsesongen

Datoar for treningar utover hausten er no fastsett og lagt ut. Du finn dei under "Treningar" i menyen oppe til venstre.

30.07.2010:
Stillinga i NMK Vikedal cup oppdatert

På grunn av ein forgløymelse har ikkje stilling i NMK Vikedal cup blitt oppdatert etter 2-dagarsløpet. Det er no gjort, og det er ingenting som er avgjort før finalen 12. september.

05.07.2010:
Fantastisk fjerdeplass til Daniel Holten i EM-runden i Høljes

Daniel Holten tok ein fantastisk fjerdeplass i EM-debuten i Høljes i helga, bak tre av dei som kjempar om EM-medaljane.
       Det opna svært bra for Daniel med fjerdetid på tidstreninga lørdag. I første omgong kjørte Daniel sikkert og godt, men litt uheldig valg av alternativspor gjorde at det vart 10. tid. Etter målpassering vart han i tillegg utelukka frå omgongen pga. at bakspoileren stod 5 mm for høgt. Natt til søndag regna det, slik at dei første heata fekk fuktig asfalt før det tørka opp. Daniel var i første heat i klassen søndag morgon saman med Andreas Bakkerud. Daniel var rask i starten som vanleg og gjekk rett i tet. Det at det tørka opp, gjorde at det berre vart 12. tid. I 3. omgong var det like forhold for alle og Daniel vann sitt heat og kjørte inn til 4. tid. Plasseringane var akkurat nok til 5. spor i B-finalen. Der kjørte han seg opp til 3. plass i starten. Dei to i teten hadde ein hard kamp om seieren, og det tjente Daniel på. Dei vart nemleg ståande i siste runde, og Daniel var klar for A-finalen. Han var nok ein gong godt med i starten og rundt første sving og kjempa heile finalen om ein pallplass. Til slutt var det berre 12 hundredeler som skilte opp til tredjeplassen.
Me gratulerar Daniel med strålande innsats.


Daniel prøver seg på innsida dei siste metrane før mål, men endar 12 hundredelar bak Eduard Leganov i mål.

29.06.2010:
Daniel Holten deltek  i EM-runden i Høljes

Daniel Holten (div 1A) er klar for start i EM-runden i Høljes til helga. Sidan det ikkje er EM-runde i Norge i år heller, blir dette for heimebane å rekna i EM-samanheng. For Daniel er det litt ekstra heimebane, sidan han går på skule 120 km lenger sør i Sverige, i Torsby. EM-runden samlar utruleg mykje folk, og det vil nok vera mange vestlendingar til stades for å heia på Daniel, som debuterar i EM-samanheng. Ernst Holten Leifsen stod og på startlista i div. 2, men står over for å prioritera jobb og familie no og neste NM-runde på Dokka 31. juli. Startlister, tidsplanar og annan informasjon om Høljes kan de finna her ...

29.06.2010:
Ingve Andrè Strand nr. 5 i første NM-runden i crosskart

Ingve Andrè Strand vart nr. 5 i den første NM-runden for crosskart som gjekk i Aremark i helga. Ingve Andrè måtte ta turen om B-finalen, som han vant, før ein dramatisk A-finale med 2 rødflagg og nokre tjuvstartar. Når dei endeleg kom i gong, gjekk det greitt og Christoffer Lia frå NMK Gardermoen vann 650-klassen. Håvard Helland deltok ikkje, fordi han øydela crosskarten på sist trening og har ikkje fått ordna den.
        I den minste klassen, inntil 85 kubikkcentimeter, stilte Hauk Hamre Hagen frå Etne til start som vanleg. Ut frå resultatlista ser det ut til at han har hatt litt problemer med 0 poeng i dei to første omgongane. Han fullførte siste omgong og vart til slutt nr. 8.
-- Resultatlister --

28.06.2010 - Pressemelding:
NM-runden i pluss
Det ser no ut til at NMK Vikedal greier eit lite pluss på NM-runden, som vart arrangert på Vikedal Motorbane forrige helg. Rundt 20.000 kroner kan det bli.
- At det no ser ut til at me går i pluss er eg veldig glad for, men eit overskot på rundt 20.000 er likevel ikkje mykje når dei store investeringane som er gjort skal betalast, seier Glenn Olav Lothe (t.h), leiar i klubben, og peikar på at utgiftene på ein NM-runde er større enn på eit vanlig løp.
-På ei bilcrosshelg i fint ver har me vanlegvis mellom 50 – 100.000 kroner i overskot og todagarscrossen no i mai gav oss i overkant av 80.000 kroner i pluss.
Økonomiansvarleg i klubben Svein Erik Østbø er godt nøgd med budsjettet og budsjettdisiplinen som har vore i høve til dette.
-Me hadde eit budsjett for løpet på 418.000 kroner og enda på 425.000.  Me hadde budsjettert med 900 betalande, det kom 1000, så det var bra. Det kom færre deltakarar enn me hadde budsjettert med, noko som førte til 30.000 mindre i inntekter. Dette greidde me heldigvis å ta inn gjennom auka sponsorinntekter. Kiosksalet gjekk som budsjettert, og gav 125.000 kroner i omsetning, det same talet som me hadde i budsjettet, seier han

22.06.2010:
BC/RC jr. lisenskurs og trening lørdag 26. juni

Som tidlegare annonsert vert det nytt BC/RC jr. lisenskurs lørdag 26. juni kl. 09:00. Etternølerar kan kontakte Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(at)online.no for å sjekka om det er ledige plassar.
        Lisenskurset blir kjørt saman med ei ordinær trening som Ingvar Auestad (tlf.
98030934) er ansvarleg for. Innsjekk og teknisk kontroll mellom kl. 11:00 og 12:00, og trening frå kl. 12:00. Teknisk kontroll må vera gjennomført seinast kl. 12:00 for å få delta i treninga.

22.06.2010:
NMK Vikedal
takkar alle som bidrog på NM-runden
NMK Vikedal takkar alle som bidrog til at NM-runden 19. juni vart eit flott arrangement sett frå vår side. Dette gjeld både funsjonærar, deltakerar, teammedlemmer, publikum og andre involverte.
Er det nokon som har meiningar om ting som vart gjort feil, som vart gjort bra eller ting som kunne vore gjort på ein bedre måte (konstruktiv kritikk), kan senda det på e-post til nm(a)nmk-vikedal.net. Me vil ta alle innspel med oss vidare.


Glade vinnerar i Vikedal, f.v. Kjetil S. Nygård (klasse 2), Daniel Holten (klasse 1) og Stian Haugan (klasse 3).

22.06.2010 - Pressemelding:
Fem i A-finalen

Sveinung Holten Leifsen, Daniel Holten, Bjørn Magne Moland Enge, Kenneth Johansen og Ernst Holten Leifsen var alle i A-finale. Geir Harald Skeie var hundredelar unna det gjeve selskap.
-- Les meir --


Daniel Holten i tet i første omgong framfor Thommy Tesdal (blå Corsa), Jonas Dalseth Jacobsen (oransje Saxo) og Svein G. Nielsen (kvit bil med rød vinge).

  Tilleggsreglar for NM-runden

  Startbekreftelse for NM-runden

  Endeleg startliste

  Resultatliste

  Stillinga i NM i rallycross (oppdatert etter Vikedal)

  Kontaktpersonar for NM-runden 19. juni

  Meir om NM og runden i Vikedal
  (her er det mange små reportasjar før, under og etter
   løpet)

  Reklamefilm for løpet

18.06.2010:
NMK Vikedal-førerane godt med på treninga

NMK Vikedal hang godt med på den frie treninga. Daniel Holten hadde andretid etter Thommy Tesdal, Ernst Holten Leifsen hadde tredjetid etter Kjetil Nygård og Tommy Sølvberg (feil namn på lista), medan Geir Harald Skeie hadde bestetid i klasse 3 framfor Stian Haugan. Den beste rundetida for alle deltakerane ser du her....

15.06.2010:
Tilbod om plass til campingvogner og -bilar

Det fyllest opp på plassen som er sett av til parkering av campingvogner og -bilar ved sida av det gamle depotet. Men det er fortsatt nokre ledige plassar, så det er berre å melda seg på til campingsjef Kjetil Stople, tlf. 99300033, e-post kjetil.stople(a)westcon.no. Dei som ikkje melder seg på, kan ikkje vera sikre på å få plass ved banen. Du finn meir informasjon og kart ved å følgja linken "Meir om NM og runden i Vikedal" over og velgja "Kart og overnatting" i menyen der.

15.06.2010:
Per-Gaute Østbø vann bilcrossløpet i Bergen

Per-Gaute Østbø gjekk til topps i bilcrossløpet på Eikås i helga. Hans Kristjan Kristjansson stoppa i A-finalen etter at han hadde vunne alle 4 innleiande omgongane, og fekk femteplassen. Kennet Kaldheim hadde ein rundvelt lørdag, kom seg til C-finalen som han vann og vart nr. 9 totalt. Ivar Finnvik vart sist i C-finalen og nr. 16. Samanlagt i VM leiar no Per-Gaute med 56 poeng framfor Jørn Ahmer med 47 og Hans Kristjan med 46. Kennet ligg på femteplass med 30 poeng.

Per-Gaute vann i Bergen med sin velbrukte Ascona.

         Trygve Hustvedt Lærdal fekk og stopp i A-finalen for bilcross junior og vart nr. 5. I B-finalen var nesten alle bilane frå NMK Vikedal med Kjersti Stuvik på 7. plass, Thomas Nonslid på 8., Gøran Spartveit på 9. og Håkon Tveit på 11. plass. Catrine Mæland vart nr. 18 etter 2 stopp i innleiande omgongar. I VM har Torbjørn Ø. Veland, som og vann i Bergen, ei solid leiing med 60 poeng framfor Trygve som har 40 poeng.
          Rallycrossførerane kjørte 2 løp i VM denne helga, med bakkeløp på lørdag og vanleg rallycross på søndag. Jonny Brådli vann, Stein Erling Tjelta vart nr. 2 og Karsten Hermansen vart nr. 3 i begge løpa for RCN i/2400. Aleksander Eikeland vart nr. 6 lørdag og nr. 5 søndag, medan Hallvard Finnvik vart nr. 7 begge dagane. Rekkefølgja i VM er den same som i løpet med Jonny på topp med 79 poeng, Stein Erling med 62 og Karsten med 57 poeng. Hallvard ligg på sjetteplass med 32 poeng.
          Ørjan Strand Eikeland deltok berre søndag for å få ein test av sin ny-innkjøpte Volvo 240 før NM-runden. Han kjørte betre og betre utover dagen og vart nr. 2 etter Michael Seilen i nybygd Opel Tigra. Her leiar Håvard Gaassand VM med 43 poeng framfor Michael Seilen med 41. Deretter kjem Bjørn Magne Moland med 39, Daniel Holten med 31 og Per Magne Flatebø med 21 poeng. Alle dei tre siste deltok på Lyngås og fekk dermed ikkje poeng i VM. 

13.06.2010:
Dugnad med klargjering til NM-runden

Det blir dugnad tirsdag 15. juni frå kl. 17.00 og utover. Det blir rydding og klargjering til NM-runden som står på programmet. Det vil vera folk kvar ettermiddag resten av veka og dersom du har arbeidslyst.

13.06.2010 - Pressemelding:
Daniel Holten nummer to

Nok ein gong var det Daniel Holten som gjorde det best av førarane i NMK Vikedal, under den andre NM-runden som gjekk på Lyngås i helga. Han vann både C- og B-finalen og blei til slutt nummer to i klassen og er framleis i leiing i NM.
-- Les meir --


Glade finalistar frå NMK Vikedal. F.v. Per Magne Flatebø, Geir Harald Skeie, Daniel Holten, Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge og Kenneth Johansen.

09.06.2010:
God førstedag av Ernst og Bjørn Magne på Lyngås

Både Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge ligg godt til etter første dag av NM-runden på Lyngås. Ernst ligg på andreplass etter 4. tid i første omgong og 6. tid i andre omgong. Bjørn Magne slo til med 2. tid i første omgong, men fekk berre 10. tid i andre omgong. Det gjer at han ligg på femteplass etter to omgongar.
         Kenneth Johansen ligg på sjuandeplass, etter 10. tid og 5. tid med sin Ford Puma. Per Magne Flatebø hadde 13. tid i første omgong og 10. tid i andre omgong, og ligg på ellevteplass. Geir Harald Skeie måtte bryta første omgong med tekniske problemer, men fekk 12. tid i andre omgong. For Daniel Holten starta dagen brukbart med 6. tid, men i andre omgong vart han diskvalifisert pga. manglande alt. spor. Dermed har fleire av våre gode sjansar til å kjøra seg inn i ein A-finale med ein god tredje omgong.

09.06.2010:
Ikkje fellestransport for juniorteamet

Det har ikkje vore mulig å få sjåfør til biltransportbilen, så det vert ikkje fellestransport til Bergen i helga. I staden får medlemmene eit kontantbeløp i reisestøtte. Dette blir utbetalt etter løpet.

09.06.2010:
Juniorlaget klar for VM-runden i Bergen


NMK Vikedal sitt juniorteam er klar for 4. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross på Eikås Motorsenter ved Bergen til helga. Eit par medlemmer har meldt forfall, men NMK Vikedal stiller likevel sterkt med 6 deltakerar i juniorklassen. I seniorklassen er det berre 3 deltakerar frå NMK Vikedal, og 4 deltakerar i rallycross-klassane. Løpet går over to dagar med 3 omgongar lørdag og 2 omgongar + finalar søndag for bilcross, medan rallycrossbilane kjører bakkeløp lørdag og rallycross søndag. Meir info. på NMK Bergen sine heimesider her ...
Fleire bilder av NMK Vikedal Juniorteam kan du sjå her ...

09.06.2010:
Ørjan Strand Eikeland debuterar med ny bil i Bergen

Ørjan Strand Eikeland har meldt seg på VM-rundane i Bergen til helga og tek det som innkjøring med den nye bilen og oppvarming til NM-runden i Vikedal helga etter. Bilen er ein Volvo 240 som Trond Andreassen frå Lillehammer har kjørt ein del sesongar i supernasjonal over 2000 ccm. I fjor vart han nr. 7 samanlagt i NM med den. Beste plassering var 5. plass i runden på Finnskogen.

09.06.2010:
Aleksander og Joakim deltok i NC-runden på Gol

Aleksander S. Eikeland og Joakim Bruland deltok i NC-runden for RCN på Gol søndag. Joakim fekk ein oljelekkasje som røykla dei bak i andre omgong. Han håpar det berre er ein ventiltetning som er røken, men måtte stå over 3. omgong. Begge kjørte ned tidene sine for kvar omgong, og Aleksander vart til slutt nr. 30 og Joakim nr. 31.
-- Resultatliste --

03.06.2010:
Dugnadar neste veke (7. - 10. juni)

Det vil bli dugnadar måndag til torsdag neste veke frå kl. 17.00. Kontaktperson er Glenn Olav, tlf. 48868331.

03.06.2010:
Minner om trening lørdag 5. juni

Treninga startar kl. 12.00, men alle må møta i god tid før det slik at innsjekk og teknisk kontroll er gjennomført før det. Innsjekk opnar kl. 11.00. Førerar som kjem etter kl. 12.00, vil ikkje få trena. Treningsansvarleg er Bryn Rønnevik, tlf. 48893130
Etter treninga er det absolutt mogleg å gjera ein dugnadsinnsats.

31.05.2010 - Pressemelding:
Masse folk og topp køyring
Lars Martin Eikeland, Hans Kristjan Kristjansson, Jonny Brådli og Skjalg Lothe til topps på Vikedal Motorbane. Masse folk rundt banen og ein god generalprøve før NM-runden 19. juni.
-- Les meir --

 Tilleggsreglar, rallycross
 Tilleggsreglar, bilcross

 Foreløpig startliste

 Resultat. rallycross
 Resultat, bilcross

 Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet for BC

 Pressemelding før løpet
 Pressemelding etter løpet

 Tidsplan for helga

 Programheftet for helga (pdf-format - 4 Mb)

30.05.2010:
Lars Martin Eikeland og Hans Kristjan Kristjansson vann
Lars Martin Eikeland vann bilcross junior etter ein fantastisk spennande duell med Preben Myklebust gjennom heile finalen. Torbjørn Østerbø Veland vart nr. 3. I senior-klassen var det Hans Kristjan Kristjansson som drog i land seieren framfor Ørjan Strand Eikeland og Jørn Ahmer.
Følg linkane over for resultater og stillinga i Vestlandsmesterskapet.

27.05.2010:
Funksjonærar NM-runden 19. juni

NM-runden nærmar seg med stormskritt. Ein del funksjonærar er klar alt, men det trengs fleire. Her er eit brev til medlemmene med informasjon om korleis funksjonærar skal meldast inn.
-- Les meir --

26.05.2010:
Tilleggsreglar for NM-runden 19. juni

Tilleggsreglane for NM-runden er litt forsinka men vil bli lagt ut i løpet av veka. Her er hovedpunktene frå tidsplanen slik at de har litt å planleggja ut frå:
  Torsdag 17. juni kl. 17.00  Depotet opnar
  Fredag 18. juni  kl. 14.00 - 21.00 Innsjekk/teknisk kontroll
                         kl. 18.00 - 20.30 Fri trening
  Lørdag 19. juni  kl. 07.30 - 08.30 Innsjekk/teknisk kontroll etter avtale
                         kl. 09.30 - 11.00 Tidstrening
                         kl. 12.00  Start, 1. omgong
                         Finalane er venta å vera ferdig ca. kl. 17.00

25.05.2010:
Nytt lisenskurs for RC/BC junior
lørdag 26. juni
Etter påtrykk frå interesserte vert det sett opp eit nytt lisenskurs for RC/BC junior lørdag 26. juni kl. 09:00. Kurset er ope for alle som blir 15 år i 2010 eller er eldre og som har lyst til å kjøra bilcross eller rallycross junior. Kursavgifta er kr. 400,- og meir praktisk informasjon blir gitt ved påmelding. Dei som er 18 år eller eldre treng ikkje lisenskurs for å løysa lisens.
Nærmare informasjon og påmelding innan 15. juni til Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(at)online.no.

25.05.2010 - Pressemelding:
Klart for Todagarscrossen
NMK Vikedal går inn i ein hektisk periode. Først todagarscrossen med over 90 påmelde til helga, før den driftige arrangøren toppar det heile med NM-runde i rallycross laurdag 19. juni.
-- Les meir --

22.05.2010:
Daniel Holten nr. 2 i Rallycross Norden i Arvika

Daniel Holten vart nr. 2 i det første løpet i Rallycross Norden serien. Mattias Thørjesson i ein Opel Corsa vann løpet, der Daniel hadde dagens beste tid i klassen i tredje omgong. Thørjesson har ein 2. plass i finalen i 2008 som beste resultat i EM. David Johansson, som vart nr. 3, var nr. 7 samanlagt i EM i fjor etter m.a. fleire tredjeplassar.

 

20.05.2010:
Dugnad tirsdag 25. og torsdag 27. mai fra kl. 17.00

Det blir dugnad både tirsdag og torsdag neste veke. Det blir klargjering til løpet og sluttføring av dei siste uteståande punkta på banegodkjenninga. Dersom nokon kan skaffa ein traktor med skuffe til å kjøre vekk stein etter steinplukking hadde det vore fint.

20.05.2010:
TODAGERSCROSSEN
blir over 2 dagar
Nokre brikker har falle på plass, så det blir 2-dagarsløp som planlagt 29. og 30. mai. Men det manglar fortsatt litt personell, spesielt i kiosken, så vær snill og hjelp løpskomiteen med å skaffe desse så fort som mogleg.

18.05.2010:
Vakter til TODAGERSCROSSEN
- mogleg reduksjon til 1 dag
Dei aktive medlemmene i NMK Vikedal har vore veldig dårlig til å melda inn vakter til todagarsløpet 29. – 30. mai. Siste frist for å melda inn vakter er nå utvida til
torsdag 20. mai kl. 18.00. Vaktene som manglar er personell til kiosken, startplata, depot og postsjefar. Dersom det ikkje blir meldt inn tilstrekkeleg med vakter, kan løpet bli redusert til ein dag.
Vakter som de melder inn må vi ha følgjande opplysningar om:
      Namn
      Mobilnummer
      Ønska stilling
      Kven som skal godskrivast dugnad
Vaktene skal meldast inn til Dag Fisketjøn tlf. 99 22 90 84, dag.fisketjon(a)suldal.com. Har de spørsmål om dette, kan de kontakte leiar i arrangementskomiteen Vivian Stuvik tlf. 91 14 77 67.

17.05.2010:
2 femteplassar til Bjørn Magne i bakkeløpa i Larvik

Bjørn Magne Moland Enge var godt fornøgd med debuten i "ekte" bakkeløp. Det var uvant med bergknausar og skråningar så tett innpå "banen" og ingen å konkurrera direkte med. NM-rundane i Larvik gjekk på Hegdal Industriområde, med skikkeleg motbakke og ikkje berre 90 graders svingar. Det var berre 6 deltakerar i klassen, men det var ein jamn kamp om plasseringane. Lørdag vann Henning Nyberg med tida 46,69, og søndag vann Olav Fredriksen med 49,19, berre 3 hundredeler framfor Stian Haugan.

Bjørn Magne i godt driv rett etter start med mekanikerane i raude kjeledressar i bakgrunnen.

17.05.2010:
Trygve i ny A-finale på K
onsmo
Trygve Hustveit Lærdal tok turen sørover igjen søndag, denne gong til Konsmo. Innleiande omgongar gjekk strålande og det vart tre seierar. I finalen gjekk det litt tråare og det enda med sisteplass i A-finalen. Her kan du sjå bilde av Trygve ....

14.05.2010:
Trygve og Martin i A-finalane i Kvinesdal

T
rygve Hustvedt Lærdal vart nr. 5 i bilcross jr. i Kvinesdal på Kr. Himmelfartsdag og er dermed kvalifisert til Landsfinalen i bilcross junior i Bergen 31. juli.
       I rapporten frå utskremte higrar framgår det ellers at ein heil flokk higrar hadde tatt ein kort sydentur for å følgja Martin Tveit. Han kjørte inn til 2 heatsigrar og ein andreplass og kom med det direkte i A-finalen. Der enda han sist, men ein sjetteplass er ikkje å kimsa av. Sjefshigren gjekk dermed på eit økonomisk tap, ettersom han satsa ein hundrelapp på at Martin ikkje ville klara A-finale. At bilen fekk 13 bud og vart seld var nesten ikkje synd etter 8 sesongar hjå Martin og ein flott avslutning. Det vart likevel lass på hengaren til Martin, ettersom Lars Reidar fekk to bilar på bud. Den eine var kjørt av soknepresten i Kvinesdal, Leiv Gunnar Skiftun, av alle ting, så då spørs det om det var velsigning eller forbannelse han fekk med på kjøpet av Sierraen. Alt i alt ei fin helg i Kvinesdal.

10.05.2010 - Pressemelding:
Oppturar og nedturar for NMK Vikedal
Med seier til Daniel Holten, femteplass til Ernst Holten Leifsen og åttande til Bjørn Magne Moland Enge, blei det suksess for førarane frå NMK Vikedal i den første NM-runden. Kenneth Johansen og Per Magne Moland Enge fekk tekniske problem, mens Geir Harald Skeie mista lisensen.
-- Les meir --

09.05.2010:
Daniel Holten vann NM-runden i Kristiansand

Daniel Holten var suveren og vann klart klasse 1 inntil 1600 ccm i NM-runden i Kristiansand lørdag. Ernst Holten Leifsen vart nr. 5 i klasse 2 inntil 2000 ccm, medan Per Magne Flatebø vart nr. 14 og Kenneth Johansen nr. 15. I klasse 3 vart Bjørn Magne Moland Enge nr. 8 og Geir Harald Skeie nr. 16.

Premievinnerane f.v. Ernst Holten Leifsen, Daniel Holten, Bjørn Magne Moland Enge og Per Magne Flatebø.

07.05.2010:
Tillatt med original bensintank i bilcross igjen

B
ilcross-seksjonen i Norges Bilsportforbund har etter stort påtrykk frå miljøet endra reglementet rundt bensintank i bilcross igjen. Informasjon om det nye reglementet finn du her ...

07.05.2010:
6 førerar frå NMK Vikedal til 1. NM-runde i rallycross

Heile 6 førerar frå NMK Vikedal deltek i første runde i NM for rallycross i Kristiansand lørdag 8. mai. Dei fleste av førerane har alt kjørt løp og fleire treningar, og skulle dermed vera godt førebudde. Ernst Holten Leifsen derimot har jobba intenst med den nye Fiestaen den siste tida, og i går var den endeleg klar. Heldigvis er det god tid til fri trening i Kristiansand, så den vil nok bli brukt flittig for å testa Fiestaen. Du kan sjå bilder av den på Holten Motorsport sine sider her ...

Meir informasjon om løpet i Kristiansand (startlister og tilleggsreglar med tidsplan) finn du på arrangøren sine heimesider her ...

03.05.2010:
Nye dugnadar torsdag og måndag

D
et blir dugnadar igjen frå kl. 17.00 torsdag 6. og måndag 10. mai. Det er mykja arbeid som skal gjerast framover, så det vil nok bli dugnadar kvar veke framover.

02.05.2010:
Bilder frå rallycrosstreninga

H
er er litt bilder frå rallycrosstreninga lørdag 1. mai.
-- Les meir --

02.05.2010:
Kvalifiserte til juniorlaget

S
om tidlegare annonsert, var treninga 1. mai kvalifisering til bilcross juniorlaget. Frå klubbløpet 17. april vart Håkon Tveit, Thomas Nonslid og Catrine Mæland kvalifisert, og på lørdag fekk dei selskap av Gøran Spartveit, Sindre Vikedal og Lena Moland. Trygve Hustvedt Lærdal var raskast, men valde å ikkje ta i mot plassen men gi den vidare. Her er tidene:

Startnr. Namn 1. forsøk 2. forsøk Bestetid Kommentar
90 Trygve Hustvedt Lærdal 43,67 44,25 43,67  
69 Håkon Tveit 46,35 44,71 44,71 Kval. på klubbløpet
80 Catrine Mæland 44,94 45,28 44,94 Kval. på klubbløpet
86 Gøran Spartveit 46,77 45,80 45,80  
5 Lars Egil Stangeland 46,63 46,24 46,24 (kun trening)
97 Sindre Vikedal 46,49 46,25 46,25  
1 Joakim Rønnevik 46,78 47,85 46,78 (kun trening)
4 Kjartan Dale 48,45 48,14 48,14 (kun trening)
2 Gunhild Skeie 48,29 50,59 48,29 (kun trening)
95 Lena Moland 48,42 50,28 48,42  
72 Jonas Lønning Stopp Stopp    

28.04.2010:
Vakter til løp 2010 – TODAGERSCROSSEN

Arrangementskomiteen arbeider no med vakter til TODAGERSCROSSEN 29. – 30. mai.
Frist for innmelding av vakter ha me sett til 10.mai.
Vakter som de melder inn skal ha følgjande opplysningar:
      Namn
      Mobilnummer
      Ønska stilling
      Kven som skal godskrivast dugnad
Vaktene skal meldast inn til Dag Fisketjøn tlf. 99 22 90 84, dag.fisketjon(a)suldal.com. Har de spørsmål om dette, kan de kontakte leiar i arrangementskomiteen Vivian Stuvik tlf. 91 14 77 67.

27.04.2010:
Vi minner om trening for bil lørdag 1. mai

T
idsplan: 11.00 – 12.00  Innsjekk og teknisk, (må vera utført før kl 12.00)
              12.00             Treningen starter og varer så lenge det er utøverar som ønskjer å trene.
Ansvarleg: Bryn Rønnevik, tlf. 48893130
Dato for treningar vidare framover ligg no i menyen til venstre. Treninga som tidlegare var sett opp 15. mai er flytta til 8. mai pga. eit arrangement for Westcon.

27.04.2010:
Vellukka tur til Madlaleiren og Petter Solberg-show
F
leire av medlemmene i NMK Vikedal fekk ein minnerik prøvetur med Petter Solberg i Madlaleiren i går.
-- Sjå bilder i Stavanger Aftenblad --
-- Sjå intervju med Petter Solberg på NRK Lokalen --
-- Sjå bilder tatt av Kjersti Stuvik  (lagt til 28.04.2010) --

25.04.2010:
Ny dugnad torsdag 29. april frå kl. 17.00
D
et er mange ting som skal gjerast framover, så det blir ny dugnad torsdag 29. april frå kl. 17.00 og utover. Oppgåver: Bunting av dekk til sikring av postane, forhåpentlegvis flytting av postar, maling/skraping, snekkerarbeid, fikse gjerde og ein god del anna.
       Det meste av dette arbeidet må gjerast for å få fornya banegodkjenning og skal vera utført før 2-dagarsløpet 29.-30. mai.

Eit par bilder frå dugnaden lørdag 24. april:


25.04.2010:
NMK Vikedal cup 2010
Stillinga og reglane for NMK Vikedal cup 2010 er no lagt ut. Du finn dei ved å følgja linken øverst på sida.

22.04.2010:
Petter Solberg treff i Madlaleiren 26. april - program
Det er fortsatt plass i bussen me har sett opp til Madlaleiren. Alle som er 14 år eller eldre kan delta. Prisen er kr. 100,- tur/retur alt inkludert. Det blir eit lite foredrag av Petter, og prøvetur med Petter eller andre rallyførerar på lukka område.
-- Les programmet og meld deg på her --

Dei som er under 18 år (ikkje myndige), må ha med løyve frå foresatte på at dei har lov til å vera med på ein prøvetur. Skjemaet kan du laste ned her ...

20.04.2010:
Dugnad lørdag 24. april frå kl. 09.00
D
et minkar på tida fram til NM-runden når anlegget skal vera heilt tipp topp. For at det skal bli det må det ein del dugnadsarbeid til og første sjanse blir lørdag 24. april frå kl. 09.00 og utover dagen. Ta gjerne med vanleg verktøy, snekkerutstyr, river, grafser, spadar osv. Aktuelle arbeidsoppgåver er innvendig maling i kiosken og klubblokaler (lister, hyller o.l.), klargjering for såing av plen i målsvingen og ved start, rensking av kurbs i pieces, flytting av eit par flaggpostar osv.
Og ikkje minst må ALLE ta med godt humør og arbeidslyst, så skal det vel ordna seg med litt kaffi og mat i løpet av dagen.

 Tilleggsreglar, rallycross 17. april
 Tilleggsreglar, bilcross jr. klubbløp 17. april
 Foreløpig startliste, rallycross + BC jr. klubbløp 17. april 
 Resultatliste. rallycross
 Resultatliste, bilcross jr. klubbløp

 Tilleggsreglar, bilcross 18. april
 Foreløpig startliste, bilcross 18. april

 Resultatliste, bilcross

 Pressemelding før løpet
 Pressemelding etter løpet

 Tidsplan for helga

Pressemelding -18.04.2010:
Suksess i pøsregn, sol og snøbyger.

Rallycrossen laurdag på Vikedal Motorbane vart kjempespennande, sjølv med seks-sju grader i lufta og pøsande regn. Søndag kom snøbygene. Mange førarar rosa arrangøren NMK Vikedal for godt gjennomførte arrangement.
-- Les pressemeldinga her --

18.04.2010:
Sol og snøbyger om kvarandre i dag

De
t vart periodevis fint vårvær, men tette snøbyger øydela for den gode vårstemninga i Vikedal i dag. Forholda var glatte, men både juniorane og seniorane hadde god kontroll og viste mykje god kjøring. Trygve Hustvedt Lærdal, NMK Vikedal, vann juniorklassen framfor Tor Ivar Netlandsnes, NMK Kvinesdal, og Preben Myklebust, NMK Egersund. I seniorklassen var det Marius Bergfjord, NMK Bergen som vann, framfor Stian Lilleskog og Per-Gaute Østbø, begge NMK Vikedal.
 
Resultatliste. bilcross søndag
 Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet for bilcross

17.04.2010:
Ufyselege forhold i Vikedal i dag
Det var ufyselege forhold med kraftig regn i Vikedal i dag. Men løpet gjekk som planlagt, og det vart fleire spennande duellar. Her er resultatlistene:
 
Resultatliste. rallycross
 Uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet for rallycross
 Resultatliste, bilcross jr. klubbløp

16.04.2010:
Informasjon til publikum
O
ver finn de link til tidsplan som viser planlagt start av omgongane og finalane, samt oppdaterte startlister for kvar dag. Det er og link til Dansefestivalen i Vikedal som går denne helga for dei som vil ha seg ein svingom i tillegg til eller mellom billøpa.

16.04.2010:
Mange rallycross-bilar for sal
Det er ein del som av ulike årsakar har andre planar enn kjøra rallycross med bilen dei har brukt. Her er ei lita oversikt over bilar som er til salgs for øyeblikket. Dei fleste av desse, og mange andre, ligg og for salg på Motorsportavisen.
-- Les meir --

Pressemelding:
Rekord i juniorklassen
Klart for andre runde i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane til helgen. Rallycross på laurdag og bilcross på søndag. Denne gongen er det juniorane som toppar det hele med over 30 påmelde i klassen.
-- Les meir --

Pressemelding:
NMK Vikedal best i Supernasjonal-klassen i Bergen
Det var Supernasjonal-førerane frå NMK Vikedal som gjorde det best i 1. runden i Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter i Bergen lørdag.

-- Les meir --

Dansefestival i Vikedal 16. og 17. april
Det er kommande helg mogleg å kombinera motorsport og dans. På Bygdahuset i sentrum er det dansefestival med mange muligheter. Det kan kanskje gjera det enklare å få resten av familen med på ein tur til Vikedal. Du finn meir informasjon om aktivitetane på www.dansefestivalen.com

Petter Solberg i Madlaleiren igjen måndag 26. april
Som oppfølgjing til treffet i januar, kjem Petter Solberg til Madlaleiren igjen måndag 26. april. Denne
gongen har han med seg ein av rallybilane sine (Citroen C4), og nokre heldige vil få seg ein luftetur i passasjersetet på lukka område i Madlaleiren. Arrangementet startar litt tidlegare enn sist, så me må vera i Stavanger ca. kl. 16.00. NMK Vikedal lagar til busstur som sist med ein liten eigenandel på kr. 100,-. Arrangementet er retta mot dei under 23 år, slik at dei blir prioritert, men me fyller opp bussen med eldre så lenge det er plass. Påmelding til Bryn Rønnevik, tlf. 48893130 eller e-post bryn.ronnevik(a)westcon.no innan 18. april.
        Sist gong var Iselin Blikra Søndenå heldig og vann tur til VM-runden i Sverige. Kanskje du er heldig denne gongen??

Bilder frå trening 7. april
Det var mange førerar som testa bilane før sesongopninga.
-- Her er fleire bilder --

Dugnad - støyping av kurbs, montering av rekkverk, maling og vask av kjøkken/kiosk
Ein dag i neste veke vil det bli støyping av kurbs og montering av rekkverk. Sidan det er litt usikkert kva dag, ber med dei som har høve til å delta melda seg til Svein Bjarte Holten, tlf. 98283791.
Kjøkkenet/kiosken har fått ei ombygging og der skal det gjerast ein liten malarjobb og full nedvask etterpå. Dei som kan vera med på dette, kan melda seg til Trude Enge, tlf. 91534920.
Alt dette og ein del anna må skje innan ei veke :-)

Bilcross Junior Challenge 2010
Norges
Bilsportforbund inviterar også i år til Bilcross Junior Challenge. Konkurransen er open for alle som er fødd i 1992, 1993 og 1994. 10 deltakerar blir plukka ut etter søknad og skal møtast på Kongsberg 24. mai. Den som vinn der, får ein ferdig rigga bilcrossbil og plass i NMKs Landsfinale for bilcross junior i Bergen 31. juli.
-- Les meir og finn søknadskjema på NBFs heimesider --

Test/trening onsdag 7. april kl. 17.00
Det blir mogleg å testa/trena onsdag 7. april. Dette er siste sjanse før løpa 17. og 18. april. Frammøte seinast kl. 16.45, slik at alle er klar til å starta kl. 17.00. Vi held på til ca. 19.00 dersom banen held seg godt. Ansvarleg for treninga er Bryn Rønnevik, tlf. 48893130. Er det tekniske kontrollantar som har tenkt seg t
il Vikedal for å trena som kan ta kontrollen av bilane, ta ein telefon til Bryn snarast slik at han slepp å ringa rundt.

Skuffande få påmelde frå NMK Vikedal til 1. runde i VM
Påmeldingsfristen for 1. runde i VM og kval. til Landsfinalen i BC og BC jr. i Bergen 10. april, g
jekk ut onsdag. Frå NMK Vikedal er berre Trygve Hustvedt Lærdal påmeldt i BC jr, 5 i BC og 6 i rallycross. Tydeligvis er ikkje alle klar for sesongstart enno. 

Bilder som viser statusen på anlegget 1. april
Her er fleire bilder som viser statusen på anlegget 1. april.
Sjå bildene ...

Bilder frå publikums- og baneområdet fordelt på 2 månader
Her er bilder tatt frå nokolunde same plass som viser snøsmeltinga på baneområdet mellom i perioden 6. februar og 1. april. På Hundseid eit par kilometer lenger opp i Vikedalsdalen, vart det på det meste målt nesten ein meter snø. Den 13. mars målte me snødybden til 53 cm. i depotet.
Sjå bildene ...

Baneinspeksjon frå NBF
Svein Magne Øksnevad og Frikk Nærby var 1. april på baneinspeksjon i Vikedal. Utover dei endringane som pågår, var det berre nokre mindre ting dei ville ha utført.

Svein Magne Øksnevad (t.v.) og Frikk Nærby fyller ut baneinspeksjonsrapporten.

Trening onsdag 31. mars kl 16.30
Det blir trening onsdag 31. mars med frammøte seinast kl. 16.30. Baneforholda vil avgjera kor mykje kjøring det blir og juniorane vil bli prioritert. Ansvarleg for treninga er Bryn Rønnevik, tlf. 48893130

14 deltakerar kjørte og fekk godkjent lisenskurset
Det var heile 14 deltakerar som kjørte og fekk godkjent lisenskurset av Steinar Høyvik på Vikedal Motorbane i dag. I tillegg har nokre delteke på teorikurset og vil ta praksisen seinare. Forholda på banen var overraskande gode der store deler av banen var fin og tørr.
Sjå bilder frå praksisen her ...

Utlån/deling av bilar til praksiskurs for junior lørdag 27. mars
Det er nokre av juniorane som slit med å få bilane klar med lisens til praksiskurset lørdag 27. mars. Dersom nokon kan låna/leiga ut bil eller kan dela dersom de skal på kurset sjølv, ta kontakt med Steinar Høyvik på tlf. 90061073 slik at flest mogleg får fullført praksisen før sesongen startar.

Praksiskurs for bilcross/rallycross jr. lørdag 27. mars
Me kryssar fingrane for godt ver neste veke og kjører praksisdelen av HAjr-kurset lørdag 27. mars med innsjekk kl. 09.00 på Vikedal Motorbane dersom verforholda er med oss. Dei som skal delta må stilla med bil med gyldig lisens for 2010 og godkjent kjøreutstyr. Det går an å dela bil, men maks. 2 pr. bil. Deltakerane må ha med ein vaksen person som hjelpar. Kurset vil vera ferdig seinast kl. 16.00. Har du spørsmål, kontakt Steinar Høyvik på tlf. 90061073.

Minner om teknisk årskontroll lørdag 20. mars
Som tidlegare annonsert blir det teknisk årskontroll lørdag 20. mars både hjå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund og Kaldheims Auto i Sandeid (nabo til Suldal Billakkering). Kontrollane startar kl. 10.00 og det er bra om ein er tidleg. Alle som har tenkt å delta i 1. runden i Vestlandsmesterskapet i Bergen rett etter påske, bør ta kontrollen nå for å få lisensane i tide. Det gjeld og alle som skal delta i praksisdelen av lisenskurset for junior, som kan skje på kort varsel no som banen er brøyta.

Treningar for bil sesongen 2010
Foreløpig er desse treningane sett opp: 1. mai, 15. mai, 14. august, 28. august og 25. september. Treningstidene blir frå 12.00 - 16.00 og alle MÅ ha gjennomført innsjekk før kl. 12.00. Dei som kjem seinare vil bli nekta trening.
      Dersom verforholda blir bra framover og kurbsen i målsvingen og inngongen til startsvingen kjem raskt på plass, kan det bli annonsert trening på kort varsel, så sjekk nettsida dagleg framover. Men hugs at alle lisensar må vera i orden og betalt før ein kan delta på trening.

1. runde i VM og kval. til Landsfinalane i Bergen 10. april
Sesongopninga og 1. runde i Vestlandsmesterskapet i Bergen nærmar seg med stormskritt. For Bilcross junior førerane er det viktig å merkja seg at Landsfinalen for bilcross junior i år går i Bergen 31. juli. For å kvalifisera seg til Landsfinalen, må ein vera mellom dei seks beste på eit kvalifiseringsløp. Sesongopninga i Bergen og 2-dagarsløpet i Vikedal 29. - 30. mai er dei nærmaste kvalifiseringsløpa og bør prioriterast av dei som vil prøva seg mot dei beste juniorane i landet.
Du kan lesa meir om Landsfinalane her ...

Juniorlaget i bilcross junior sesongen 2010
På grunn av snøen vil det ikkje bli uttak før løpet i Bergen 10. april. Laget vil i staden delta i løpa i Bergen i juni og i september. Uttaket vil skje på klubbløpet 17. april og treninga 1. mai. Dei 3 beste på kvart uttak blir med på juniorlaget. Dei som er på juniorlaget skal male panser og tak og ha reklame i henhold til instruksane som vert utdelt.

Vi lar oss ikkje stoppe av ein lang vinter

Som de ser lar ikkje NMK Vikedal seg stoppa av lang vinter og mykje snø. Nå skal snøen bort og våren sleppa til. Sjå fleire bilder her ..

Vakter til løp 2010
Arrangementskomiteen i NMK Vikedal er i full gong i arbeidet med å skaffe funksjonærar og vakter til løpa. Som i fjor har styret i bilgruppa bestemt at det å skaffe ei vakt meldt inn til arrangements-komiteen blir godtgjort med tre dugnadstimar.
-- Les meir --

Oppdaterte bilder frå Vikedal Motorbane 13. mars

Det er fortsatt mykje snø på baneområdet, men det går rette veien. Samanlikn gjerne med bilder frå tidlegare lenger ned på sida. Snødybda var i dag 53 cm. og temperaturen rundt + 4 grader. men snøen er svært laus og roten. Nærmare påske vil det blir vurdert om me skal brøyta banen og området dersom snøen ikkje er borte. Sjå fleire bilder her....

Justering på årskontrollen i Sandeid
Årskontrollen i Sandeid blir flytta til naboen, Kaldheims Auto. I staden for å svinga opp til høgre, svingar du ned til venstre på Steinsland Næringspark til EU-kontrollhallen til Kaldheims Auto. Der er det betre plass, både inne og ute, som gjer kontrollen enklare og smidigare for alle.

Årskontrollen i Haugesund utsett til 20. mars
Den tekniske årskontrollen ved Saltvedt Auto-Grip i Haugesund er utsett 14 dagar til 20. mars. Kontrollen på Suldal Billakkering i Sandeid går som planlagt lørdag 6. mars med etterkontroll 20. mars same plass. Alle kontrollane startar kl. 10.00. Bilgruppa oppfordrar alle til å ta kontrollen så tidleg så mulig på dei oppsette kontrollane. Løpa startar som kjent rett over påske, og kontrollen må vera tatt før påske for at NBF skal få tid til å senda ut lisensen.

Bilder frå snørik Vikedal Motorbane 28. februar
Foreløpig er truger og ski det beste å ta seg fram med på publikums- og baneområdet. Her finn du fleire bilder frå Vikedal Motorbane tatt 28. februar.

Lisenskurset for junior er flytta til 4. mars
Lisenskurset for bilcross, rallycross og crosskart junior er flytta frå vinterferieveka til 4. mars. På grunn av gledeleg stor påmelding (18 i øyeblikket) er det og flytta til nye lokaler på Haugaland Vidaregåande skule. Alle påmelde har fått beskjed, men nye interesserte kan kontakte Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(a)online.no for påmelding og evt. spørsmål.

Bilder frå utvidinga av depotet

Slik såg det ut lørdag 6. febr. der det skal bli depot til våren.
Du kan sjå fleire bilder frå det nye depotet her ...

Litt lenger opp i Vikedalsdalen er snødjupna 92 cm på ein offisiell målestasjon. Me tok nokre bilder frå bane- og publikumsområdet som viser litt kor mykje snø som ligg der og isolerer godt. Sjå bildene her ...

Teknisk årskontroll for bil
Sjølv om det ikkje ser slik ut akkurat no på banen med 70-80 cm snø, nærmar det seg sesongstart. Første punkt på programmet er som vanleg teknisk årskontroll på bilane. Som tidlegare blir det kontroll både i Haugesund og i Sandeid. Hugs å sjekka alle oppdateringar i bilsportboka inkl. endringar på nettet som denne om bensintankar for bilcrossbilar.
Årskontrollane blir arrangert slik:
      Lørdag 6. mars kl. 10.00       Suldal Billakkering, Sandeid
      Lørdag 6. mars kl. 10.00       Saltvedt Auto-Grip, Haugesund
      Lørdag 20. mars kl. 10.00     Suldal Billakkering, Sandeid
Fullstendig, oppdatert teknisk reglement finn du på NBF sine heimesider her:
            Rallycross
            Bilcross
            Crosskart

Hugs påmelding til lisenskursa for bil
Det er nokre ledige plassar på lisenskurset for hastighet der teoridelen går tirsdag 16. februar kl. 18.00 i Vikedal. Påmelding, helst innan 9. fabruar, og informasjon hjå: Sivert Ole Holten, tlf. 90547433, sivert.ole(a)holtenmedia.no
             Lisenskurset for juniorar som gir rett til å løyse lisens for bilcross jr. og rallycross jr. går 25. februar kl. 16.00 i Haugesund. Påmelding innan 14. februar til Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(a)online.no.
Kjenner du nokon som lurer på å starta, høyr om dei er påmeldt og gi dei ein liten dytt i ryggen.

Utvidinga av depotet
Arbeidet med utvidinga av depotet starta i forrige veke. Planen var å ta litt bilder i helga, men på grunn av snøfallet ville dei ikkje visa noko særleg. Etter at jordlaget var fjerna, viste det seg å vera fin grus under det aller meste av det planlagte depotet. Dette gjer det enklare å opparbeide depotet. Det vil strekkja seg frå transformatorstasjonen til og med det eksisterande depotet, og mellom 60 og 70 m. innover frå vegen. Totalt blir det på rundt 10.000 kvm.

Terminliste for 2010
Etter litt usikkerhet om dato for NM-runden, er dette løpa NMK Vikedal skal arrangera i år:
    17. april      Rallycross (VM) og bilcross jr. klubbløp
    18. april      Bilcross (VM)
    29.-30. mai 2-dagars bilcross og rallycross (kval. til Landsfinalane)
    19. juni       NM-runde i rallycross Supernasjonal
    12. sept.     Bilcross/rallycross
      2. okt.      Rallycross (VM) og bilcross jr. klubbløp
      3. okt.      Bilcross (VM)

Andre løp og arrangement på Vestlandet og mesterskap kan du finna på denne "Motorsportskalenderen" (pdf)

Samling for løpskomiteen for NM-runden 19. juni
Lørdag 30. januar hadde løpskomiteen for NM-runden heildags-samling i Sandeid. Viktige tema var organisasjonsplan, instruksar og suksesskriterier, der dei aktive som skal kjøra Supernasjonal og var tilstades og gav sine innspel.

Iselin Blikra Søndenå vann tur til VM-runden i Sverige
Iselin var ein av 2 heldige på temakvelden med Petter Solberg som vart trekt ut som vinnar av tur til VM-runden i rally i Sverige som VIP-gjest hjå Petter Solberg World Rally Team.
Bilde av vinnerane saman med Petter Solberg og fylkesordførar Tom Tvedt finn du på Petter Solberg sine heimesider her ...   Der er det og bilder av fleire av våre medlemmer som var med på turen.

Det var 35 deltakerar med på turen til temakvelden som NMK Vikedal arrangerte sponsa av Hustvedt & Skeie og Knapphus Buss. Du kan lesa meir frå temakvelden med NMK Vikedal-medlemmene på første rad i Aftenbladet her ...

Rogalands Avis har og reportasje frå temakvelden med intervju og bilder av medlemmer i NMK Vikedal som gjorde seg skikkeleg bemerka i Madlaleiren. Reportasjen finn du her ...

Under ser vi mesteparten av gjengen frå NMK Vikedal saman med fylkesordførar Tom Tvedt (bak t.v.) og Petter Solberg i midten (trykk på bildet for større versjon)

Viktig endring i bilcrossreglementet
NBF har vedtatt nokre endringar og presiseringar i det tekniske reglementet for bilcross etter at Bilsportboka gjekk i trykken. Det er no kun tillatt med godkjent drivstofftank for utanbordsmotorar i bilcross. Den orginale bensintanken skal fjernast.
Du kan lesa meir om dette her ...

Fellestur til temakveld med Petter Solberg i Stavanger 21. januar
Her er litt meir informasjon om opplegget. som de ser er starten på temakvelden flytta fram 1 time, noko som gjer at me må starta litt tidlegare.
   kl. 14.30 Avgang frå Knapphus Bensinstasjon (korresponderar med rutebussar frå Ølen og Vikedal)
   kl. 15.00 Avgang frå Aksdal Bensinstasjon
   kl. 17.00 Start temakveld med Petter Solberg i Madlaleiren i Stavanger

Møt fram i god tid. Ta kontakt med Bryn Rønnevik, tlf. 48893130 eller e-post bryn.ronnevik(a)westcon.no for evt. påstigning andre stadar. Det er fortsatt ledige plassar, så det er berre å ta kontakt om du vil vera med.

Hastighetslisenskurs i Vikedal 16. februar
For å kunne starte i rallycross-/bakkeløp må du ha førarkort, og i tillegg må du gjennom eit kurs som består av både teori og praksis. Dersom du tar teoridelen, og kan dokumentere at du har deltatt i fire bilcrossløp, kan du òg løyse H-lisens for rallycross.
Teorien blir i Vikedal tirsdag 16. februar kl 18.00, medan den praktiske delen blir avtalt på kurset. Kursavgifta for teoridelen er kr 800,-. Påmelding, helst innan 9. fabruar  

Påmelding til: Sivert Ole Holten, tlf. 90547433, sivert.ole(a)holtenmedia.no

Fellestur til temakveld med Petter Solberg i Stavanger 21. januar
Bryn Rønnevik har etablert kontakt med trafikksikkerhetsprosjektet i Rogaland som Petter Solberg er sterkt involvert i. Torsdag 21. januar kl. 18.00 skal prosjektet ha første samling i Madlaleiren der Petter Solberg skal fortelja om sine oppturar og nedturar i karrieren. I tillegg skal Vegard Joa med fleire fortelja om organisert motorsport og haldningar i trafikken. Alle i målgruppa (18-24 år med førarkort) som er med på temakvelden, kan få melda seg på ein konkurranse der premien er ein tur til ein VM-runde i rally som gjest hjå Petter Solberg World Rally Team.
     NMK Vikedal vil arrangera busstur til dette møtet med Petter. Turen er gratis for medlemmer, men dersom det er ledige plassar, vil andre kunne kjøpa billett for kr. 100,-. Vi oppfordrar alle medlemmer mellom 15 - 24 år, kanskje nokon eldre og, om å bli med og markera NMK Vikedal. Påmelding med navn, alder og mob. tlf. nr. innan 17. januar til Bryn Rønnevik, tlf. 48893130 eller e-post bryn.ronnevik(a)westcon.no.


Petter Solberg på toppen av seierspallen i Vikedal etter seier med Volvo 240 i NM-runden for Supernasjonal 18. juni 1995. Han vart nr. 2 i NM-runden for Nasjonal o/1600 i Vikedal 19. sept. 1993 i Ford Escort i sin første sesong. Beste omgongstida hans i Volvoen var 2.44.57, men det såg vått ut på bildet og hugs at heile målsvingen var grus.

Lisenskurs for bilcross og rallycross junior
Lisenskurset for juniorar som gir rett til å løyse lisens for bilcross jr. og rallycross jr. blir i år arrangert 25. februar kl. 16.00 i Haugesund. Påmelding innan 14. februar til Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre(a)online.no. Han kan og svara på spørsmål de måtte ha. Spre det rundt til alle som kan vera interessert.

Grasrotandelen gav 23.421,- i 2009
Resultatet av vervinga i juleselskapa me prøvde oss på vart magert, men ved årskiftet er det 101 personar som har registrert seg med NMK Vikedal som mottakar av Grasrotandelen. Desse har i fjor bidratt med 232 kr. i gjennomsnitt, totalt kr. 23.421, som er eit viktigt bidrag til klubben.

Viktig innspurt for Grasrotandelen
Vi har no passert 100 spelerar som gir sin Grasrotandel til NMK Vikedal. I år har det gitt over 22.000 kr. til klubben. Grasrotandelen er 5% av det du spelar for i spel frå Norsk Tipping som du sjølv avgjer kva skal gå til. Sidan det er første året ordninga gjeld, vil dei som ikkje har registrert seg mot eit lag før, ta med seg alt dei har spelt for i år til laget dei registrerer seg mot. Dersom vi klarar å få 50 nye spelerar til å registrera seg med NMK Vikedal som mottakar, kan vi enkelt få inn 11.000,- ekstra i kassen. Bruk julaselskapa til vervekampanje blant slekt og venner, så gjer du ein god innsats for klubben. Og hugs at det er viktig at dei registrerer seg før nyttår. Alle opplysningane du treng finn du ved å trykka på logoen for Grasrotandelen på toppen av denne sida.

Asfalteringa ferdig før snøen kom
Vi var svært heldig med asfalteringa som vart ferdig nokre få dagar før snøen kom. No ligg det 70 - 80 cm snø på banen, slik at det vert innearbeid som blir prioritert framover til den forsvinn.

Arbeidet med oppgraderinga har starta

Arbeidet med oppgraderinga av Vikedal Motorbane er i gong. Her er det Glenn Olav, Svein Bjarte og Geir Harald som demonterer rekkverk ved målpasseringa for å gjera klart til utviding i målsvingen.

Fleire bilder frå arbeidet lørdag 28.11.2009 finn du her....

Status på arbeidet pr. søndag 13.12.2009 finn du her ..
Her utvidingane ferdig og asfalteringa godt i gong som de vil sjå av bilda..

Nyhetene frå i fjor (2009) finn du ved å følgja linken øverst i høgre hjørnet.


holtenmedia

motormania.no



Hovudsponsor:



Sponsorar:

Vikedal Mur & Anlegg AS

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Saltvedt Auto Grip as
Haugesund


Samarbeidspartnerar:

Lokalavisa Grannar