Daniel Holten nummer to

 

Nok ein gong var det Daniel Holten som gjorde det best av førarane i NMK Vikedal, under den andre NM-runden som gjekk på Lyngås i helga. Han vann både C- og B-finalen og  blei til slutt nummer to i klassen og er framleis i leiing i NM.

 

Det begynte ikkje særleg bra for Daniel Holten, og etter ei sjettetid i første omgang blei han diskvalifisert i andre, etter at han gløymde å køyre innom alternativsporet. I tredje rauk girsystemet.

-Giroverføringa knakk, men me fikk sveist denne og eg var klar for C-finalen. Denne vann han, og tok deretter B. Til slutt blei det ein andre plass.

- Fekk det same femtesporet i alle finalane, som var eit godt spor med kjempebra feste, og eg greidde å ta meg framover i feltet.

No blir det NM-runde heime på Vikedal Motorbane, på ein bane der han ikkje har vore like heldig.

-Det einaste eg har vunne der er ei klubbløp i bilcross junior, verken i vanleg bilcross junior eller rallycross har eg hatt hellet med meg heime.

NMK Kvinesdal-føreren Tommy Tesdal vann løpet og sidan han blei nummer to i Kristiansand, deler desse to no på leiinga før runden heime i Vikedal.

Danile Holten i sin Citroên Saxo vart nr. 2 i NM-runden på Lyngås.

 

Måtte slå av

NMK Vikedal hadde tre førarar med i toliterkassen, og medan Ernst Holten Leifsen og Kenneth Johansen endte i B-finalen, måtte Per Magne Flatebø ta til takke med C- finale. For Ernst Holten Leifsen blei det sjuande plass og hans beste resultat på Lyngås nokonsinne.

-Heilt topp dette og ei god helg for meg, seier han, som etter laurdagens køyring hadde eit håp om A-finale.

-Hadde eg fått ei god tid i tredje omgang kunne det gått, men der blei eg snurra og då gjekk  ikkje det.

For Kenneth Johansen enda det heile med stopp i B-finalen.

-Fikk raudlys på motoren og måtte berre slå av, håpar det var tidsnok. Motoren må nok  ut før neste helg, så får me sjå. Også han var nøgd.

-I Kristiansand fikk eg det ikke til, så dette var heilt klart ein opptur.

Per Magne Flatebø blei nummer fire i C-finalen. 

 

Første finale

I store super køyrde  Bjørn Magne Moland Enge inn til ein niande plass, som er ein plass ned frå Kristiansand. I første omgang var han med å kjempa heilt i toppen med ei andretid, og hadde vel eit lite grep om ein A-finaleplass før søndagens tredje omgang.

-Følte det, med då gassen hengde seg opp i tredje omgang, blei det vanskeleg å køyre, og eg måtte stoppe. I finalen blei det ei punktering.

-Då var det det som øydela, men omtrent som i Kristiansand er eg nøgd med, og enkeltider viser at eg kan kjempe med dei beste.

Geir Harald Skeie var i sin første NM-finale, og blei til slutt nummer fire i C-finalen. Før runden på Lyngås har han sett over alle delene frå sin Volvo S40 til eit nytt karosseri som han har leigd av Stein Svardal.

-Me hadde lita tid til denne operasjonen, og hadde en del småkluss gjennom heile helga, som dette delvis må ta noko  av skylda for. 

Likevel blei det stadig betre utover i løpet.

-I finalen fungerte bilen  bra, og eg syns faktisk betre enn den gamle. No er målet ein B-finale i Vikedal til helga.


Glade finalistar frå NMK Vikedal. F.v. Per Magne Flatebø, Geir Harald Skeie, Daniel Holten, Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge og Kenneth Johansen.