Oppturar og nedturar for NMK Vikedal

 

Med seier til Daniel Holten, femteplass til Ernst Holten Leifsen og åttande til Bjørn Magne Moland Enge, blei det suksess for førarane frå NMK Vikedal i den første NM-runden. Kenneth Johansen og Per Magne Moland Enge fekk tekniske problem, mens Geir Harald Skeie mista lisensen.

 

Daniel Holten vann klassen inntil 1600 kubikk under NM-opninga i Kristiansand, og leiar dermed også Norgesmeisterskapen i klassen. Sjølv om han alt har køyrt to løp denne sesongen, med gode resultat, var han overraska sjølv også.

-Hadde ikkje tenkt så mykje på at det skulle skje nei, og målet mitt før opninga var ein plass i B-finalen, men no etterpå er det berre heilt fantastisk.

No ser han fram til det som skal skje på Kristi Himmelfartsdag, då set han nemleg kursen mot rallycrossbanen på Gardermoen.

-Eg er blitt plukka ut av Norges Bilsportforbund, saman med ein del andre unge bilsportsutøvarar til å vere med på ei treningssamling der, og det ser eg fram til.

For teamkompis Ernst Holten Leifsen i Holten Motorsport var femteplassen som ein siger å rekne, etter at dei hadde jobba dag og natt med bilen i veka før løpet.

-Eg var glad for at eg i det heile blei klar, og kunne stille på dette løpet, og då me opplevde at ting fungerte frå første start var det heilt herleg, seier han.

No føler han at han har det aller beste utgangspunktet for vidare satsing.

-I fjor blei eg nummer fem i NM samanlagt, og at eg skulle kunne starte der eg slapp i fjor med heilt nybygd bil, hadde eg ikkje trudd.
 

Finalistane frå NMK Vikedal. F.v. Ernst Holten Leifsen, Daniel Holten, Bjørn Magne Moland Enge og Per Magne Flatebø.

 

Heng med

Moland Racing stiller med to bilar i år, Bjørn Magne Moland Enge, og nykommaren i rallycross Kenneth Johansen, som  køyrer ein nyinnkjøpt Ford Puma.

For Moland Enge blei det nesten A-finale.

-Sjettetida i tredje omgang var bra, og hadde eg greidd to slike hadde det nok blitt A-finale.

Likevel måtte han vegen om C-finalen, der han blei nummer to og gjekk til B.

-Eg slit med vektfordelinga på bilen, noko som gjer at eg ikkje kjem ut i starten. Det greidde eg heller ikkje i B-finalen, men eg kom meg forbi to førarar og enda på ein åttande plass i løpet, noko som eg er svært godt nøgd med.

Til helga stiller Bjørn Magne Moland Enge til start i den første NM-runden i bakkeløp i Larvik.

For Kenneth Johansen gjekk det også bra, med ei niande tid på tidskvalen og tiande i første omgang. Ein B-finalen var innan rekkevidde, men i andre omgang smalt det.

- Blei påkjørt etter start i andre omgang, eg trur girkassen fekk seg ein smell og tredjegiret forsvann, forklarar han, som likevel kunne konstatere at bilen heng med i NM-selskapet.

- Bilen er heilt klart konkurransedyktig, og det var moro å køyre NM.

Kenneth Johansen vurderer også om han skal sjå følgje med Bjørn Magne og køyre NM-opninga i bakkeløp i helga.


Bjørn Magne Moland Enge var godt nøgd med 8. plassen i Kristiansand lørdag.

Mista vognlisensen

Per Magne Flatebø debuterte i NM-samanheng i toliterklassen og enda til slutt i C-finalen og ein 14. plass.

-Det gjekk greitt i to omgangar, men eg måtte stå over tredje omgang på grunn av at motoren gjekk varm, seier Per Magne, som no har levert bilen til Ivar Finnvik.

-Må skifte toppakning før den er klar igjen til neste runde.

For Geir Harald Skeie gjekk NM-opninga frå opptur til nedtur.

-Frå ei niande tid på tidskvalifiseringa enda det heile  med ein stjernesmell i tredje omgang, seier Geir Harald Skeie, som både fekk bot og mista lisensen på bilen.

-Buret var skeivt og eg må ha ny kontroll for å få lisensen tilbake, og om eg blir klar igjen til den andre NM-runde på Lyngås er eg på ingen måte sikker på.