Klart for finale i NMK Vikedal Cup

 

Etter at to løp er avvikla er det klart for finalen i NMK Vikedal Cup til helga. Trygve Hustvedt Lærdal, Hans Kristjan Kristjansson og Hallvard Finnvik ligg best an av NMK Vikedal sine førarar.

 

Det er i bilcross for seniorane at førarane frå NMK Vikedal har dei største sjansane til å hente laurbærkransen heim til klubben. Hans Kristjan Kristjansson leiar føre Per-Gaute Østbø, med NMK Bergen-føraren Marius Bergfjord på tredje plass. Det er berre fem poeng som skil desse tre, og alle kan gå til topps. I helga var dei i Bergen og  køyrde den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet, også der var det Hans Kristjan og Per-Gaute som kom i fokus.

-Eg køyrde inn til andreplass bak Per-Gaute, men vart utelukka fordi eg hadde prøvd å køyre forbi i ei gulflaggsone, seier ein forundra Hans Kristjan Kristjanson.

Dermed vart det ein femte plass på han i staden. I tillegg mista han Golfen.

-Den vart seld på bud. Eg har ein annan Golf som nok ikkje er like bra, som eg kjem til å køyre med til helga, seier han.

No satsar han alt på eit kort. 

-Har mista sjansen i samandraget i Vestlandsmesterskapet, så då får eg prøve å ta vare på leiinga NMK Vikedal Cup og satse på samanlagtsiger der, seier han

 

Hans Kristjan Kristjansson leiar NMK Vikedal for bilcross senior før finalen

 

Må til topps ?

I juniorklassen ligg  Trygve Hustvedt Lærdal på andreplass, fire poeng bak Preben Mykjebust NMK Egersund. Hustvedt Lærdal vann den første runden i cupen i april, men det gjekk ikkje like bra under todagarscrossen i slutten av mai. I helga var også han i Bergen, men heller ikkje han hadde marginane på si side.

-I første omgang vart eg pressa av banen, og miste den muligheten, seier Trygve Hustvedt Lærdal, som til slutt vart nummer ti i juniorklassen. Til helga vil han på pallen.

-Eg må det om eg skal ha nokon mulighet til å slå Preben Myklebust, og aller helst bør eg vel vinne løpet.

Det var Lars Martin Eikeland som vann todagarscrossen, og med dette gode resultatet er han no berre fem poeng unna ein plass på pallen.

 

Trygve Hustvedt Lærdal ligg på andreplass i NMK Vikedal cup for bilcross junior før finalen til helga

 

Finnvik kan nå pallen 

I rallycross nasjonal er det NMK Egersund-føraren Johny Brådli som leiar, føre Andreas Hagen Hella og Laila Bjørge, begge NMK Bergen. NMK Vikedal-førarane Hallvard Finnvik og Joakim Bruland og Aleksander Skeie ligg på fjerde til sjette plass.

Hallvard Finnvik har tre poeng opp til pallen, og meiner dette er innan rekkjevidde.

-Målet er å slå Laila Bjørge nok til at eg også kjem på pallen samanlagt.

Hallvard Finnvik starta med rallycross i vår, og har fått med seg fire løp så langt.

-Enno er det ein del igjen til at det går fort nok, men eg føler at det går stadig betre, og no har eg i tillegg begynt å køyre på ein ny type dekk som eg også merkar er betre.

Medan Hallvard Finnvik køyrer rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk, stiller Ingvar Auestad og Ørjan Strand Eikeland for NMK Vikedal i den største klassen. Strand Eikeland vil på pallen i sin Volvo 240 som han kjøpte i vår.

-Har fått kjørt to løp med bilen og det går stadig betre, og eit mål om å nå pallen er det eg har sett meg no.


Hallvard Finnvik byrjar å få taket på rallycross-bilen etter 4 løp i år.