Trygve Hustvedt Lærdal nr. 25 i
Landsfinalen for BC jr.
Lars Martin
Eikeland gjorde det og svært bra i sin Golf, men vart ståande i
3. omgong etter ein smell mot ein Saab ut frå alternativsporet.

Lars Martin Eikeland sjekkar Golfen før 3. omgong saman med
Gøran Spartveit (t.v.) og onkel Øyvind Eikeland.

Trygve Hustvedt Lærdal sleit med startane i dag, men var
betre med her i 3. omgong.

Trygve hadde god kontroll på heatseieren i 3. omgong.

Lars Martin tar starten i 3. omgong

Og opparbeidar seg ei lita leiing som nok gjer at han tar
alternativsporet forholdsvis tidleg.

Det blir eit samanstøt med Kadetten i utgongen av
alternativsporet som gjer at rotoren knekk, oljefilteret løsnar
og eit motorfeste knekk. Dermed endar det her istadenfor i
finale for Lars Martin.

Trygve hadde beste startspor i E-finalen, men missar i
starten og kjem sist ut.

Trygve kjører seg opp ein plass og vert til slutt nr. 25.

Preben Myklebust frå Egersund var ein av 4 førerar med full
pott før finalane, og han var med å gjera det til ein spennande
finale. Han kjørte godt i sin Toyota Starlet og har her god heng
på vinnaren, Simon Wågø Syversen frå NMK Hamar i Opel Vectra.

Seierspallen i landsfinalen for bilcross junior 2010 bestod
av vinnaren Simon Wågø Syversen frå NMK Hamar i midten, Preben
Myklebust frå NMK Egersund til venstre og Petter Leirhol frå NMK
Valdres til høgre. |