Klar for Klepp
Daniel Holten er tilbake i Vikedal etter EM-runden i Tsjekkia,
og bilen er no i ferd med å bli klar for den nest siste runden i
Vestlandmesterskapet som går på Klepp på søndag.

Daniel Holten rettar opp skadene etter EM-runden i
Tjekkia-No er det berre
finpuss og lakkering igjen før me er klar, seier Daniel Holten
torsdag ettermiddag, då han saman med Sveinung Holten Leifsen er
i ferd med å leggje siste finpuss på Citroen Saxoen.
Daniel køyrde bakkeløpet på Klepp også i fjor med Golfen, og
vart nummer tre. Om han kan kome høgare opp i år er han ikkje
sikker på.
-Olav Fredriksen kjem, og han kjem nok til å køyre fort, og i
tillegg vil nok Ørjan Lutsi vere med å kjempe i toppen, seier
Daniel, som er på plass på Klepp alt laurdag.
-Ja, det skal vere i bilsportutstilling ved Jærhagen laurdag som
me skal vere med på.
Holten Motorsport Fiestaen fekk motortrøbbel då den var utleigd
under EM-runden i Tsjekkia og blir ikkje køyrd meir i år.

Daniel får god hjelp av søskenbarnet Sveinung Holten Leifsen
(t.v.) med opprettinga.

Daniel i Saxo'en i NM-finalen på Gardermoen. |