Spanande avslutning i NMK Vikedal Cup

 

Preben Myklebust, Marius Bergfjord og Jonny Brådli tok sigeren i NMK Vikedal Cup på søndag. Hans Kristjan Kristjansson vart nummer to i bilcross, medan Håkon Tveit blei best av NMK Vikedal sine førarar i bilcross junior, med ein tredje plass.

 

Jamnast var det i bilcross før finaleløpet, og spanande blei det. NMK Vikedal-førarane Hans Kristjan Kristjanson leia føre Per Gaute Østbø, med Marius Bergfjord NMK Bergen på tredje. Berre Per Gaute Østbø var klar for A-finalen etter innleiande. Hans Kristjan Kristjansson måtte vegen om C-finale, Marius Bergfjord stod i B-finalen. Kristjansson vann C-finalen, men vart nummer to bak Bergfjord i kampen om den siste ledige A-finale plassen.  Per Gaute Østbø blei nummer fire i løpet, men heller ikkje dette heldt mot Marius Bergfjord, som like godt gjekk heilt til topps i både løpet og cupen på søndag.

- Låg på tredje plass heilt til siste sving, men passerte dei to føre meg rett før mål, seier ein svært nøgd Marius Bergfjord, som dermed nådde målet sitt.

-Hadde det ikkje vore for cupen hadde eg ikkje tatt turen til Vikedal Motorbane denne helga, og at eg kunne vere med å kjempe om sigeren avgjorde turen, og då blei det jo full utteljing, seier han, som også vann NMK Vikedal Cup i juniorklassen i fjor, og er tilbake i Vikedal første helga i oktober for å kjempe om sigeren i Vestlandsmesterskapet.

- Ligg på tredje bak Per Gaute Østbø og Hans Kristjan Kristjansson også der, og har tenkt å gjere eit nytt forsøk.

NMK Vikedal-føraren Glenn Olav Lothe var kanskje den aller mest uheldige. Han vann alle sine innleiingsheat, leia A-finalen nesten til mål, men enda på tredje plass.

- Giroverføringa braut saman like før mål, og eg berre trilla over målstreken til ein tredje plass, seier han.


Glenn Olav Lothe leia med sin BMW heilt til siste sving der giroverføringa gav opp.

 

Joakim Bruland vart nummer to i løpet, medan Hans Kristjan Kristjansson og Per Gaute Østbø vart nummer to og tre i cupen.

 

Vann med eit poeng

I Bilcross junior var det Preben Myklebust som hadde det beste utgangspunktet før finalen, og sjølv om NMK Vikedal-føraren Håkon Tveit vann løpet, og Myklebust vart nummer fem, greidde han cupen og slo Torbjørn Østerbø Veland NMK Bergen med eit poeng.

I finalen fekk ikkje Preben Myklebust det til på det vanskelege føret.

- Eg såg ingenting, og fekk det ikkje til i det heile tatt, men eg blei nummer fem og det heldt akkurat, seier ein glad Preben Myklebust, som nå går over i rallycross.

- Held på med ein Golf som eg skal køyre den minste nasjonalklassen med, seier han.

Håkon Tveit blei nummer tre i cupen, medan Sveinung Holten Leifsen NMK Vikedal, og Torbjørn Østerbø Veland blei nummer to og tre i løpet.

 

Håkon Tveit i VW Golf vann bilcross junior

 

Støytdempar låste seg

I rallycross klassen var det ingen som kunne tukte NMK Egersund-føraren Jonny Brådli, som vann cupen med tolv poeng føre Andreas Hagen Hella NMK Bergen. Jonny Brådli hadde likevel problem med bilen.

- Bøyde ein støytdempar på treninga, og sjølv om me greidde å rette den, låste den seg i finalen og då blei det vanskeleg, seier han, som blei nummer to i løpet, slått av Karsten Hermansen. I oktober er han tilbake på Vikedal Motorbane for å forsvare leiinga i Vestlandsmesterskapet.

- No blir det først nest siste runde på Klepp neste helg, og deretter her i Vikedal igjen. Målet er å vinne Vestlandsmesterskapet også.

 

Jonny Brådli (t.v) måtte sleppa Karsten Hermansen (t.h.) forbi seg i finalen.

 

Laila Bjørge blei nummer tre i NMK Vikedal Cup i rallycross, medan NMK Vikedal-føraren Aleksander S. Eikeland blei nummer tre i løpet.

NMK Vikedal-førarane Ørjan Strand Eikeland og Ingvar Auestad vart nummer ein og to i store nasjonal, føre Ove Skårland, NMK Egersund.

 

Ørjan Strand Eikeland vann rallycross nasjonal over 2400 ccm i sin Volvo 240.