Masse folk og topp køyring

 

Lars Martin Eikeland, Hans Kristjan Kristjansson, Jonny Brådli og Skjalg Lothe til topps på Vikedal Motorbane. Masse folk rundt banen og ein god generalprøve før NM-runden 19. juni.

 

Jonny Brådli har tatt to av to mulige på Vikedal Motorbane i år

 

For Lars Martin Eikeland NMK Vikedal blei det ein etterlengta siger, etter tre år og fleire A-finalar i bilcross juniorklassen.

-Det var herleg endeleg å kunne klatre til topps på pallen, og då eg i tillegg fekk behalde bilen, sjølv om det var bod på den, var det like herleg.

Etter sigeren i Vikedal på søndag er nemleg Lars Martin kvalifisert til landsfinalen i bilcross junior som går i Bergen i slutten av juli, eit løp han har tenkt å få med seg.

-Køyrde landsfinalen i fjor og, men då gjekk det ikkje så bra, men løpet i Bergen er noko eg gler meg til.

I søndagens finale gjekk han i tet og blei der heilt til det var to svingar igjen, då blei han forbikjørt av Preben Myklebust frå NMK Egersund. Men Lars Martin Eikeland gav ikkje opp.

-Eg kjørte det eg kunne gjennom siste sving, og vann med ein halv meter, men det var no mest flaks, seier han.

 

Lars Martin Eikeland (t.h.) slår Preben Myklebust på målstreken.

 

Skrudde seg vekk

I bilcross såg det lenge ut til at ein ny Eikeland skulle stikke av med sigeren, søskenbarnet til Lars Martin frå Øvre Vats, Ørjan Strand Eikeland. I mål var han nummer to, etter Hans Kristjan Kristjansson.

-Eg bomma på taktikken, og gjekk ein runde for seint inn i alternativsporet, forklarar Ørjan om dette, men er like blid for det.

Etter at han har vore med å dominert både junior- og seniorklassen i bilcross på Vikedal Motorbane  i mange år, vil han no over på rallycross.

-Har kjøpt ein Volvo 240, som me skal av garde for å hente no snart.

Om han køyrer NM-runden på Vikedal Motorbane 19. juni er han likevel ikkje sikker på.
-Bilen er klassa og klar for NM i supernasjonal, og med Trond Andreassen bak rattet, blei den nummer seks i NM i fjor. Om eg kjem til å køyre løpet her på heimebane er eg ikkje sikker på, sluttar han.
 

Søskenbarna frå Øvre Vats hadde suksess i Vikedal. Lars Martin Eikeland ( t.v.) vann bilcross junior mens Ørjan Strand Eikeland blei nummer to i seniorklassen.  

 

Hans Kristjan Kristjansson var kjempeglad for sigeren, sin andre på Vikedal Motorbane. I finalen hadde han tre bobler å kjempe mot.

-Golfen min har ikkje muligheter i starten mot dei, men eg tok alternativsporet med ein gong og plukka opp den eine etter den andre, etter som dei måtte innom. Til slutt også Ørjan Strand Eikeland.

Dermed er Hans Kristjan Kristjansson saman med dei fire neste i A-finalen på søndag kvalifisert til Landsfinalen i bilcross, som går i Trøndelag i haust. Hans Kristjan har lyst.

-No skal eg levere inn søknad heime først, og så får me sjå, seier han med eit smil.

Reidar Skeie, som leia Vestlandsmesterskapet før runden i Vikedal, fekk det ikkje til og bilen fuska gjennom heile helga.

-Du kan godt seie at me skrudde oss heilt vekk denne gongen. 

Per Gaute Østbø vart nummer fire i løpet og har overtatt leiinga i Vestlandsmesterskapet.

Jørn Ahmer (t.v) Hans Kristjan Kristjansson og Ørjan Strand Eikeland køyrde fortast i bilcross på Vikedal Motorbane i helga.

 

Ein plass opp

Rallycross klassane blei vunne av Jonny Brådli NMK Egersund og Skjalg Lothe KNA Haugaland.

Skjalg Lothe ligg på ein 12 plass i NM etter første runde i Kristiansand. I helga køyrde han den største nasjonalklassen, og fekk med seg seks omgangar på Vikedal Motorbane.

-Det er lov å gjere dette med ein supernasjonalbil, når ein køyrer etter klassen sitt regelement, forklarar han, og legg til at det var nyttig.

-For meg var dette ei førebuing til NM-runden her 19. juni, og det var nyttig. Eg fekk køyrt masse fekk testa oppsett på tørt føre.

 

KNA Haugaland-føreren Skjalg Lothe nytta helga til å førebu seg til NM-runden 19. juni.

 

For Hallvard Finnvik var det ein plass opp frå april, då han vart nummer fem. Fjerdeplassen er han likevel ikkje heilt nøgd meg.

-Andre løpet med bilen, og enno er eg for ustabil og i finalen fekk eg det ikkje heilt til og det gjev utslag.

 

NMK Vikedal-føraren Hallvard Finnvik køyrde seg ein plass opp i høve til aprilløpet, og blei nummer fire.