Spanande veke for Daniel Holten
I morgon er Daniel Holten på plass på Vålerbanen for å delta
i konkurransen ” Bilsporttalentet 2010” der premien har ein
verdi på 325.000 kroner. Torsdag ettermiddag set han kursen mot
Tsjekkia og EM-finalen i rallycross.
Det er Norges Bilsportforbund som arrangerer ” Bilsportalentet
2010” og det som starta med 19 kandidatar mellom 15 og 21 år,
har blitt til fem. Andreas Bakkerud, Lars Øivind Enerberg, Frank
Tore Larsen og Jan Steve Røkland er dei som saman med Daniel
Holten nådde finalen.
I finalekonkurransen på Vålerbanen onsdag 15. og torsdag 16.
september skal dei fem gjennom fleire testar før vinnaren blir
kåra. Dei skal kjempe i konkurransekøyring med forskjellige
bilar og crosskart, og gjennomføre ein hard fysisk test som
består av både løping og sykling. Til slutt skal dei presentere
seg for juryen og gjennomføre eit TV-intervju.
Daniel Holten har visst om dette ei stund og har førebudd seg på
dei ulike delene.
-Eg har førebudd med så godt eg kan, sjølv om det har vore mykje
anna i tillegg i dei siste vekene. Skule, andre billøp og
skruing på bil må også prioriterast, men eg har prøvd å trene,
spesielt fysisk, så ofte som eg har fått tid til det, seier han
I konkurransen blir det ikkje rallycrosskøyring som Daniel er
van med.
-Biltypane me skal konkurrere med, er alle ganske ukjente
for meg, så det skal bli spanande og uansett nyttig lærdom for
meg framover.
Vinnaren i konkurransen blir offentleggjort på
Bilsportforbundets si årlege premieutdeling 20. november der
Daniel Holten vil vere til stades for å motta NM-gullet i
rallycross.
Etter at konkurransen er over set Daniel Holten kursen mot
Tsjekkia, der han skal køyre Citroen Saxoen i EM-finalen i
rallycross.
-Eg køyrer saman med læraren min her i Sverige, Tommy Myren, som
har sagt han vil vere med ned for å sjå på, seier Daniel, som
ikkje har tenkt så mykje på det løpet enno.
Under den svenske EM-runden i juli vart han nummer fire.
-Det blir hardt og tøft som det skal være i EM-sirkuset, og hard
kamp om finaleplass. Målet er å nå ein finale, og sjølv om det
gjekk over all forventning i Sverige i sommar, trur eg ikkje eg kan håpe
på å vere like heldig i Tsjekkia.
|