Klart for Todagarscrossen

NMK Vikedal går inn i ein hektisk periode. Først todagarscrossen med over 90 påmelde til helga, før den driftige arrangøren toppar det heile med NM-runde i rallycross laurdag 19. juni.

Todagarscrossen har dei siste åra vore det årlege høgdepunktet på Vikedal Motorbane. Løpet måtte i år flyttast fram for å gi plass til NM-runden i rallycross i juni. Leiar i klubben, Glenn Olav Lothe føler at dei er i rute, sjølv om oppgåvene er mange.
-Me har hatt mange dugnader etter at snøen forsvann, og medlemmene har vore flinke å stille opp. Om me kjem i land med alt som me ønskjer å få gjort er likevel avhengig av innsatsen no i innspurten, seier han.

Hustvedt Lærdal er med
Totalt over 90 førarar påmelde til helga, eit løp som både er kvalifiseringsløp til Landsfinalen i bilcross og bilcross junior, samstundes som det er tredje runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross og bilcross junior.
I bilcross junior er det NMK Bergen-føraren Torbjørn Ø. Veland som leiar Vestlandsmesterskapet etter to rundar. Etter eit svakt resultat i Bergen i første runde, vann NMK Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdal andre runde på Vikedal Motorbane i april, og kom seg opp på tredje plass i samandraget, åtte poeng bak Veland. Etter det har han vore ute å køyrt billøp to gonger, og er kvalifisert til landsfinalen for junior som går i Bergen i slutten av juli.
-Har køyrt både i Kvinesdal og på Konsmo, mista bilen på det bilen på det eine løpet, men har fått tak ein ny som eg trur kan vere betre enn den eg køyrde med sist.
 


Trygve Hustvedt Lærdal i tet i sin Volvo

Reidar Skeie i leiing
I bilcrossklassen er det Reidar Skeie som har grep om leiinga, poenget føre Per-Gaute Østbø. Medan Reidar Skeie er for nybyrjar å rekne i bilcross, har Per-Gaute Østbø nesten 30 års fartstid i klassen og masse A-finalar. Reidar Skeie gler seg til todagarscossen.
-I fjor var eg eit poeng unna A-finalen på Todagarscrossen, denne gongen er målet heilt klart eit hakk opp, seier han.
Det som står på programmet no er finjustering av bilen, noko som Ivar Finnvik tar seg av. Reidar meiner dette må til om han skal hevde seg i det tøffe selskapet.
-Både Per Gaute Østbø, Ørjan Strand Eikeland og Ivar Finnvik blir nok å rekne med til helga.
For Per Gaute Østbø blei det eit tøft løp i april, etter at han hadde ein B-finale i opningsløpet i Vestlandsmesterskapet.
-Eg måtte kjempe meg gjennom C- og B-finale før eg kunne stille i A-finalen, seier Per Gaute, som heller ikkje fekk klaff der, sjølv om han enda på ein tredje plass. Bilen fuska under heile A-finalen.
-Etter løpet fann eg den eine plugghetta oppå motoren, så det var ikkje så løye at den ikkje verka.
No satsar han på at dette skal vere i orden på Asconaen denne gongen.
-Det skal bli moro med mykje køyring over to dagar, og eg satsar på ein A-finale.


Det viste igjen på Asconaen at Per-Gaute Østbø måtte gjennom tre finalar i løpet i april.

Håpar på tørt
Løpet i rallycross nasjonalklassen tel ikkje med i Vestlandsmesterskapet, men er andre runde i NMK Vikedal Cup. NMK Egersund-føraren Jonny Brådli vann i april, med Hallvard Finnvik som beste førar frå NMK Vikedal på ein tredje plass. Han debuterte i rallycross i april, og syns det blei vanskeleg på vått føre.
- No har eg fått køyrt ei trening på tørt føre, og det var noko heilt anna.
Til helga er han nøgd om han får med seg ein finale.
-Finale er målet, A-finale ein bonus.
Aleksander Skeie er dei einaste av førarane frå NMK Vikedal som er inne blant dei seks beste i samandraget. Han ligg på femteplass med fem poeng opp til bronseplassen.


Hallvard Finnvik debuterte i rallycross sist med sin Volvo 240.


Jonny Brådli frå NMK Egersund vann sist løp i Vikedal