Vestlandsmeisterane kåra

 

Torbjørn Østerbø Veland, Per-Gaute Østbø, Jonny Brådli og Daniel Holten vart kåra til Vestlandsmeistrar på Vikedal Motorbane i helga.

 

Jonny Brådli frå NMK Egersund (t.v.) og Daniel Holten frå NMK Vikedal gjekk til topp i rallycross-klassane i Vestlandsmesterskapet.

 

Det begynte med rallycross på laurdag. Der var det klart at Jonny Brådli alt var meister i rallycross nasjonal inntil 2400 før løpet starta. Han har hatt ein svært god sesong i rallycrossen, og gått til topps i fire av seks rundar i meisterskapen. På laurdag kunne han stille i pole position etter tre bestetider i innleiande.

-Det har gått bra, men konkurransen har hardna til utover i sesongen, og i dag bomma eg i starten, og greidde ikkje å hamle opp med Karsten Hermansen i A-finalen, seier Brådli, som også køyrde sitt siste rallycrossløp på laurdag. Vestlandsmester har han aldri vore.

-Det var det store målet denne sesongen, for no er det slutt. Neste år skal eg hjelpe dotter mi Heidi som har lyst til å begynne med bilcross.

Karsten Hermansen NAF Gjesdal blei nummer to i meisterskapen, og Stein Erling Tjelta KNA Klepp nummer tre. NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland blei nummer tre i løpet bak Karsten Hermansen og Jonny Brådli.


Karsten Hermansen vann finaleløpet i Vestlandsmesterskapet og vart nr. 2 samanlagt.

Fleire EM-løp

Daniel Holten vart Vestlandsmester i bilcross junior i 2008, på lørdag kunne han ta imot ein ny tittel i rallycross, etter ein hard kamp med Bjørn Magne Moland Enge. Moland Enge vann første omgang, i andre var det Daniel Holten som var på topp. Dette viste at bilen fungerte etter smellen på Klepp.

-Me fekk ikkje gjort dei siste finjusteringane, men den fungerte, seier Daniel Holten.

I finalen blei det trongt i første sving, og Bjørn Magne Moland Enge gjekk i leiing frå bestespor.

-Eg tok alternativen tidleg, og greidde å hente opp og kome meg forbi Bjørn Magne og inn til siger, forklarar Daniel.

Etter at han i tillegg har vunne NM-tittelen og køyrt to A-finaler i EM,  er Daniel Holten lysten på meir EM køyring til neste år.

-Dei to løpa eg har køyrt i år har vist at det er mulig å hevde seg med Saxoen i Europa, og det er planen å køyre den bilen. Økonomien vil avgjere kor mange løp det blir.

Bjørn Magne Moland Enge blei nummer to i meisterskapen med Håvard Gaassand NMK Bergen på tredje. I løpet var det Ørjan Strand Eikeland NMK Vikedal som kom på andre, bak Daniel Holten, mens Rune Refsland NMK Egersund vart nummer tre.

 

Kjem igjen neste år

Før søndagens bilcrossfinale var det klart at Per-Gaute Østbø var meister i seniorklassen. Av seks løp kunne nemleg to strykast.

-Eg var ikkje klar over at løp skulle strykast før no i det siste, men for meg var det veldig greitt, for Vestlandsmester har eg aldri vore, seier Per-Gaute, som ikkje hadde full klaff i finaleløpet.

-Eg var ikkje direkte klar for A-finalen, men blei trekt inn på bekostning av Gunnleiv Kvål som hadde 24 poeng som eg, forklarar Per-Gaute som blei nummer fire til slutt.

Veteranen frå NMK Vikedal er tilbake i bilcrossen til neste år.

-Syns det er moro, og har ingen planar å gi meg nei.

Hans Kristjan Kristjansson NMK Vikedal vart nummer to og Marius Bergfjord nummer tre i Vestlandsmesterskapet i bilcross-klassen.

Løpet blei vunne av Knut Endre Fønnebø Ringhagen føre Glenn Olav Lothe, begge NMK Vikedal, med Gunleiv Kvål NAF Gjesdal på tredje.


Per-Gaute Østbø frå NMK Vikedal (t.v.) vann Vestlandsmesterskapet for bilcross senior, medan Torbjørn Østerbø Veland vann junior-klassen.

Svart flagg
I junior bilcross var det Torbjørn Østerbø Veland som hadde kontrollen før finalen, og han drog det i land sjølv om han ikkje fekk behalde sigeren i løpet.

-Eg køyrde først i mål, men fekk svart flagg og dømt ned til ein femte plass fordi eg hadde køyrt utanfor banen. Dumt det, men i dag var det viktigaste å vinne Vestlandsmesterskapet og det gjorde eg.

18-åringen frå NMK Bergen er inne i sin andre sesong i bilcross junior, og har tenkt å halde fram.

-Eg begynte ikkje med bilcross før eg var 17 år, og planen til neste år er å halde fram i juniorklassen, seier han.

NMK Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdal blei nummer to i meisterskapen, medan Anders Hjelmås NMK Bergen kom på andre.

I juniorklassen blei det til slutt ein rein NMK Vikedal pall i løpet. Gjøran Spartveit vann, føre Thomas Nonslid og Trygve Hustvedt Lærdal.


Gøran Spartveit vart til slutt kåra til vinnar av finalen i Vestlandsmesterskapet for bilcross junior

Klubbløp i junior
Laurdag blei det også køyrd klubbløp i bilcross junior for NMK Vikedal sine førarar.  Trygve Hustvedt Lærdal vann føre Kjersti Stuvik og Håkon Tveit.