NMK Vikedal best i Supernasjonal-klassen

Det var Supernasjonal-førerane frå NMK Vikedal som gjorde det best i 1. runden i Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter i Bergen lørdag.


NMK Vikedal hadde tre deltakerar med i Supernasjonal-klassen i VM, der dei forskjellige volumklassane er slått saman pga. få deltakerar. Ein startsmell allereie i første omgong sette Per Magne Flatebø ut av spel for resten av dagen. Daniel Holten, som debuterte med sin nye Citroen Saxo, var og involvert, men hadde dei rette delene tilgjengeleg og fekk ordna bilen. Bjørn Magne Moland Enge vann to av dei innleiande omgongane greitt. I finalen tok Moland Enge starten som venta og skulle berre kontrollera inn til mål. Men Daniel Holten hadde andre planar. Han tok alternativsporet i første runde og kjørte så raskt og effektivt av han tok innpå Moland Enge. Då Moland Enge kjørte i alternativsporet i nest siste runden, var Holten så nær at han smatt forbi og kjørte inn til seier framfor Moland Enge.
           I Rallycross Nasjonal var det Aleksander Skeie som gjorde det best av NMK Vikedal-førerane. Saman med Lars Reidar Frøyland kjørte han seg inn til plass i B-finalen der dei stod i fremste rekke. Skeie vann B-finalen medan Frøyland vart nr. 4. I A-finalen vart det igjen ein smell ut frå start, der det m.a. gjekk ut over Skeie som ikkje fekk bilen klar til omstarten. Dermed vart det ein femteplass på Skeie og heldigvis viste det seg etterpå at skadene ikkje vart så alvorlege som frykta.
           I bilcross dominerte Reidar Skeie i dei innleiande omgongane og vann alle sine heat. I A-finalen kom han ut på fjerdeplass frå start og heldt denne til mål. Mest glad var han nok over at han fekk behalda bilen etter budrunden. Han er og kvalifisert til NMKs Landsfinale i bilcross i august, som i år går i Orkdal. Per-Gaute Østbø kvalifiserte seg til B-finalen og vart nr. 9 totalt. Silje Renèe W. Pedersen og Kenneth Kaldheim kjørte bra heile dagen og var i C-finalen. Det enda med 12. plass på Kaldheim og 15. på Pedersen. Blant juniorane var det tekniske problemer som dominerte. Både Kjersti Stuvik og Trygve Hustvedt Lærdal vart sett ut av tekniske problemer, med ein 19. plass til Lærdal som beste junior frå NMK Vikedal.
Allereie neste helg er det mogleg å revansjera seg når 2. runde i Vestlandsmesterskapet går på Vikedal Motorbane med rallycross lørdag 17. april og bilcross 18. april.


Bjørn Magne Moland Enge (t.v) var imponert både over bilen og køyringa til Daniel Holten.