Daniel Holten tok gullet

Daniel Holten køyrde aller best av NMK Vikedal sin førarar under NM-finalen i rallycross og sikra gullet. Kenneth Johansen blei nummer åtte, Ernst Holten Leifsen og Bjørn Magne Moland Enge nummer elleve, mens Geir Harald Skeie ikkje kom til finale.

NM-vinnaren Daniel Holten i midten, flankert av Bjørn Magne Moland Enge (t.v) og Kenneth Johansen (t.h)

 

Geir Harald Skeie kunne konstatere at finaleløpet på Gardermoen blei hans dårlegaste løp i denne NM-sesongen, og enda utan finalekøyring.
-Bilen var bra, men verken startane eller køyringa fungerte som den skulle, og det blei berre tull, seier han, som også avsluttar sesongen etter dette løpet.
-Eg har køyrt NM med eit leigd karosseri, og no skal det ribbast og tilbake til Stein Svardal som eig det, seier Skeie, som ikkje er sikker på kva det blir til neste sesong.
-Håpar i alle fall å få til noko, slik at det blir kjøring også neste år.

 

Geir Harald Skeie kjørte siste løp med karroseriet han har leigt av Stein Svardal


Bjørn Magne Moland Enge nådde målet han hadde sett seg før sesongen, ein plass blant dei ti beste samanlagt.
-No blei det ein åttande plass, som eg er godt nøgd med, seier han, som i det siste har fått god hjelp av Morten og Olav Fredriksen til å justere bilen.
-Me har skifta to av støytdemparane og planen er å gå vidare på dette. I helga merka eg forbetringa særleg i startane, seier han, som er tilbake i NM neste år med nye målsetjingar.
-Likar å setje meg mål som eg kan oppnå, og neste år køyrer eg for å kome meg inn blant dei fem beste i samandraget
 

Bjørn Magne Moland Enge i sin Citroên C4


I løpet blei det ein 11. plass til Bjørn Magne Moland Enge, det same som Ernst Holten Leifsen. Før finalen hadde Holten Leifsen grepet om bronsemedaljen, men den glapp.
-Køyrde rett og slett for dårlig gjennom heile helga og då blir det ikkje medalje, seier han, som til slutt enda på ein fjerde plass samanlagt.
 

Ernst Holten Leifsen sleit med startane på Gardermoen, og måtte ta til takke med 4. plass samanlagt i NM

 

Kenneth Johansen gjekk vidare frå C-finalen til B, og var lenge med i kampen om ein A-finale i sin Ford Puma. Ein niande plass samanlagt i sin første NM-sesong er han nøgd med.
-Gjekk greitt også i dette løpet syns eg, men i finalen begynte eg å få problem med clutchen, og det blei litt vanskelig å kome ut frå start, seier han, som køyrde jamt på sju, åttande og niande tider i innleiande omgangar.
-No er det berre å ta dette som eit utgangspunkt og forbetre køyringa, slik at eg kan ta eit steg opp mot de aller beste i NM og prøve å få køyrt A-finaler.


Kennet Johansen kjørte jamnt og godt i sin Puma


Daniel Holten hadde eit poeng å gå på i kampen om gullet før finalen. Før han gjorde seg klar til A-finale køyring frå andre startspor, var han allereie Noregsmeister i klassen. I finalestarten hadde han ein miss og kom etter de andre
-Bomma på andre giret og kom dårleg ut.
Han gjekk tidlig inn i alternativsporet, men greidde ikkje opphentinga.
-Finalekøyringa blei ikkje heilt bra, men eg greidde gullet og det var det viktigaste i dag.


Daniel Holten fekk det ikkje heilt til på Gardermoen, men sikra seg NM-tittelen likevel.