Er med i toppen

 

Daniel Holten og Geir Harald Skeie nådde A-finalen og blei nummer fire og seks til slutt. Ernst Holten Leifsen blei nummer åtte og Kenneth Johansen nummer tretten, under den fjerde NM-runden på Dokka. Bjørn Magne Moland Enge kom ikkje til finale denne gongen.

For Geir Harald Skeie vart løpet på Dokka ein kjempeopptur, etter at han nesten kom seg til A-finalen heime på Vikedal Motorbane i juni. På Dokka var han kvalifisert til B-finalen.
- Sjølv om eg fekk problem med bakstillinga i B-finalen, kom eg meg til mål som nummer to bak Terje Morstad, og var dermed klar for A-finalen, seier han.
For å få bilen klar til A-finalen vart det hektisk jobbing.
- Fekk den klar, men den var ikkje god å køyre, men eg var nøgd med min første A-finale i supernasjonal, så sjetteplassen var heilt i orden, seier Geir Harald Skeie, og peikar på at det går rette vegen.
- I dei tre siste NM-rundane har det blitt C-, B- og A-finalar så dette går stadig betre, og gir motivasjon. No ser eg fram til finalen på Gardermoen.


Kjempeopptur for Geir Harald Skeie på Dokka med A-finale og sjetteplass.

Bjørn Magne Moland Enge var ikkje like nøgd med si køyring i store super.
-Det gjekk rett og slett ikkje fort nok, og sjølv om eg følte det gjekk greitt med køyringa, viste tidene dette og det er dei som tel, seier han, som no vel å sjå framover mot finalen på Gardermoen.
Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ligg på åttande og niande plass i store super før finaleløpet.


Bjørn Magne Moland Enge fekk det ikkje til å stemma på Dokka med sin C4, men vel å sjå framover mot finalen på Gardermoen første helga i september.

Held tredjeplassen
I toliterklassen vart Ernst Holten Leifsen bestemann frå NMK Vikedal. Han vann C-finalen, kom seg vidare til B, og vart til slutt nummer åtte. Etter tre niandetider i dei innleiande omgangane gjekk det stadig betre.
-Hadde ein dårleg start i C-finalen, betre i B og er nøgd med resultatet.
Holten Leifsen held framleis tredjeplassen samanlagt, og har fire poeng å gå på til Jan Gabrielsen.
-No blir det finpuss på bilen og trening heime på Vikedal Motorbane for å vere best mogeleg rusta til finalen på Gardermoen første helga i september, seier han.


Ernst Holten Leifsen nøgd med resultatet etter B-finale og åttandeplass på Dokka.

For Kenneth Johansen blei det nye tekniske problem. Han kom seg likevel til C-finalen og vart til slutt nummer tretten.
- Eg er ikkje nøgd med det som skjedde, og når det blir skruing og reparasjonar mellom omgangane blir det hektisk og vanskeleg, seier Kenneth, som likevel kunne konstatere at den nye motoren fungerte perfekt.
- Betre enn den gamle, så sånn sett var det bra.
Kenneth Johansen ligg på ein sjetteplass i samandraget før finalen.


Problemfylt runde for Kenneth Johansen, med det heldt til C-finale og trettandeplass.


Leiar med eitt poeng
Daniel Holten har framleis leiinga i minste super, men etter to første og ein andreplass så langt i NM, blei han nummer fire denne gongen. Likevel var han raskast av alle i innleiinga.
- Ja, eg vann både første og andre omgang, og var totalraskast uansett klasse i begge omgangane, og det var eg veldig godt nøgd med, seier han, som peikar på at han nok blei litt for ivrig i finalen.
- Hadde beste startsporet, og kjempa med Trond Marthinsen om å ta leiinga, og blei nok litt for opptatt av å dette, i staden for å sikre andreplassen.
Dermed vart han forbikjørt av konkurrentane, og enda til slutt på fjerde plass. Framleis leiar han NM samanlagt i klassen, men har no berre eit poeng på Tommy Tesdal.
- Det blir i alle fall ein spanande finale.


Daniel Holten vart kanskje litt for ivrig i A-finalen på Dokka og mista litt av forspranget samanlagt i NM.