Suksess i
pøsregn, sol og snøbyger.
Rallycrossen laurdag på Vikedal Motorbane vart
kjempespennande, sjølv med seks-sju grader i lufta og pøsande
regn. Søndag kom snøbygene. Mange førarar rosa arrangøren NMK
Vikedal for godt gjennomførte arrangement.
Bjørn Magne Moland Enge, Johny Brådli, Håkon Tveit, Trygve
Hustvedt Lærdal og Marius Bergfjord vann sine klassar på Vikedal
Motorbane denne helga.
For Bjørn Magne Moland Enge blei det ei ny positiv oppleving.
-I fjor starta eg rett på NM, no har eg fått kjørt to løp før
NM-sesongen er i gong, og det er positivt. I tillegg fekk han
kjørt bilen på vått føre.
-Sjølv om det var både vått og kaldt har i dag, er det positivt
å få testa på vått, me jobba med dekk og syns me fekk det stadig
betre til utover dagen.
Daniel Holten starta der han slutta i Bergen. I sitt første heat
på Vikedal Motorbane i sin nye Citroen Saxo, kjørte han inn til
siger og beste tid i supernasjonalklassen. Også i andre og
tredje omgang vann han sine heat, før han sklei ut i grøfta i
finalen.
-Masse god trening for meg, litt synd at eg ikkje fekk fullført
finalen, men heldigvis ingen skader på bilen.

Geir Harald Skeie i
leiing føre Bjørn Magne Moland Enge i supernasjonal
Mange var imponerte over Daniel si køyring, men ein som
overraska alle var Skjalg Lothe frå KNA Haugaland, som kom til
Vikedal Motorbane i ein nybygd BMW. Til slutt blei han nummer to
etter Moland Enge.
-Overraska sjølv også, og sjølv om me mangla både rett
innstilling på bilen og skikkelege dekk, gjekk det over all
forventning.
Geir Harald Skeie blei nummer tre, medan nykommerane i
supernasjonal i NMK Vikedal Per Magne Flatebø, og Kenneth
Johansen blei nummer åtte og ti. For Kenneth Johansen blei det
stopp etter starten i andre omgang.
-Heldigvis var det berre eit kryss på mellomakslingen som rauk,
men det dummaste var at eg ikke fikk kjørt meir her i dag.
Brådli til topps
I rallycross nasjonal tok Jonny Brådli sin første siger i
Vestlandsmesterskapet, etter at han vart nummer to i Bergen. Han
vann A-finalen med klar margin.
-Hadde fått på plass dei rette dekka til dette løpet, og disse
var mykje betre enn dei eg køyrde på i Bergen.
Nykommaren i klassen Hallvard Finnvik var den av førarane frå
NMK Vikedal som gjorde det best, og sjølv om han var nervøs før
start var han nøgd med både innleiingsheata og A-finalen.
-Har lagt så mykje pengar i dette at då eg kom meg til A-finalen
valde eg å ta det med ro for å unngå skader på bilen.
Laurdag vart det også kjørt klubbløp i bilcross junior for NMK
Vikedal sine førarar. Håkon Tveit vann løpet, føre Thomas
Nonslid og Joakim Rønnevik.
Endeleg full klaff
I søndagens runde i Vestlandsmesterskapet i bilcross var NMK
Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdag ute etter å rette opp den
svake starten i meisterskapen. Etter innleiande stod han bokført
med 27 poeng og A-finaleplass i juniorklassen.. I finalen gjekk
han rett i tet og blei der.
-Endeleg fekk eg klaff, var han første kommentar då han kom ut
av bilen etterpå.
-Eg har vore på pallen tidlegare, men aldri vunne, så dette var
skikkeleg herleg.
Trygve Hustvedt Lærdal vann føre Tor Ivar Netlandsnes NMK
Kvinesdal og Preben Myklebust NMK Egersund.

Vinnarane i bilcross
junior. Trygve Hustvedt Lærdal i midten, flankert av Tor Ivar
Netlandsnes (t.v.) og Preben Myklebust
Samanlagt
i Vestlandsmesterskapet er Trygve Hustvedt Lærdal no oppe på
andre plass.
I bilcross
var det NMK Bergen-føreren Marius Bergfjord (bilde t.h.)
som gjekk til topps. I sin første sesong i bilcross senior, vann
han alle sine innleiingsheat, og var den eineste som stod med 30
poeng i finalen.
-Heilt utruleg, var hans kommentar.
Kva som stod under panseret på bilen, som var heilt suveren i
klassen, ville han likevel ikkje ut med.
-Nei, det er hemmeleg.
Ein annan som var nøgd var NMK Vikedal-føraren Stian Lilleskog.
-Første bilcrossløpet på fem år, og så ein andreplass.
Kjempegreier.
NMK Vikedal-førarane Per-Gaute Østbø og Hans Kristjan
Kristjansson hadde ein hard batalje om tredjeplassen, som Østbø
kom best ut av.
NMK Vikedal er på topp også i Vestlandsmesterskapet i bilcross.
Reidar Skeie leiar med 24 poeng, eit poeng føre Per-Gaute Østbø.

Per-Gaute Østbø ( først) og Hans Kristjan Kristjansson hadde
ein tøff fight om tredjeplassen i bilcross
Nøgd løpsleiing
Søndagens bilcross gjekk i ei blanding av sol og snøbyger, men
nok ein gong gjennomførte NMK Vikedal eit prikkfritt
arrangement, og løpsleiarane Lajla S. Eikeland og Bryn Rønnevik
var nøgde med helga.
På søndag valde til og med Bryn Rønnevik å drøye litt med
finalane.
-Ja, dei hadde så mykje mat igjen i kioskane at eg gjorde det
for å få litt meir sal.

Løpsleiarene i Lajla S. Eikeland og Bryn Rønnevik var nøgde
med helga.
|