Avsluttar på heimebane

 

Daniel Holten avsluttar på laurdag ein fantastisk sesong heime på Vikedal Motorbane. Han håpar på å bli Vestlandsmester.

 

- Løpet til helga trur eg blir både spanande og bra, og håpet er å bli Vestlandsmester i min klasse, det hadde gjort sesongen komplett, seier Daniel, som leiar med fire poeng på Bjørn Magne Moland Enge, og må bli nr. to eller betre om det skal gå.

- Eg køyrer for det på laurdag.

 

Elles peikar Daniel på at heile sesongen i år har vore som ein draum, som han ikkje hadde sett for seg kom til å skje.

- Den har gått over all forventning frå første løp då eg slo Bjørn Magne Moland Enge i Bergen. NM-gullet og fjerde plassen på Höljes er nok det eg hugsar best, og er mest nøgd med av alt det positive i år.

Daniel Holten føler han har mange å takke.

- Eg takkar alle som har gjort dette mulig. Teamet mitt, sponsorane og alle andre som har hjelpt til gjennom sesongen. Utan denne hjelpa hadde eg ikkje oppnådd det eg har gjort i år.