Gav alt i finalen

 

Daniel Holten leia frå start til mål på Klepp, men gav alt i finalen i håp om å setje ei endå betre tid. Det enda i kantsteinen.

 

Det var Daniel Holten som  kom best i gong i supernasjonalklassen saman med Bjørn Magne Moland Enge. Sjølv om Daniel alt hadde vunne då han starta i finalen, ville han præve å setje ei endå betre tid.

-Det var det eg ville, men då eg såg korleis det ende var nok det dumt, men eg hadde lyst til å forbetre tida mi, og bremsa nok litt for seint slik at eg enda i kantsteinen.


Saxo-en fikk ein god smell i finalen på Klepp, men blir klar igjen til Vikedal på lørdag

No er Daniel på veg til Sverige for å få med seg ei veke på skulebenken, før han er tilbake på Vikedal Motorbane til helga og finalen i Vestlandsmesterskapet.

-Skadane på bilen var mindre enn dei såg ut til med det same, og den blir fiksa, og eg stiller i Vikedal neste helg.

Bjørn Magne Moland Enge måtte reise heim frå Klepp med mellomakselbrudd etter andre omgang, og dermed knappa Daniel inn på han i kampen om Vestlandsmesterskapet. No er det fire poeng som skil.
-Må prøve igjen, og det hadde vore moro å gå til topps på Vikedal Motorbane igjen, sluttar Daniel Holten.


Daniel sette si bestetid for dagen i kvalifiseringsomgongen


Daniel før start på Klepp