Daniel Holten og Knut Endre F. Ringhagen vann på Jærhagen

Daniel Holten gjekk til topps i klassen for RCN o/2400 og Supernasjonal, medan Knut Endre Fønnebø Ringhagen vann bilcross-klassen i bakkeløpet på Jærhagen. Daniel øydela bilen i finalen, men han var alt klar som vinnar av løpet før det.


Knut Endre Fønnebø Ringhagen (i midten) vann bilcross-klassen framfor Alf Jarle Bergene (t.v.) og Erlend Gjesdal.

I bilcrossklassen var det 4 deltakerar frå NMK Vikedal. Knut Endre kjørte godt i alle omgongane, men finaleomgongene var aller best, og han vann på tida 55.72, 4-tideler framfor Alf Jarle Bergene, NAF MS Gjesdal. Eirik Aasbøe vart nest-best av NMK Vikedal-førerane med 58.84 og 8. plass. Silje Renèe Pedersen kom på 14. plass med 1.02.65, medan Jens Idar Juel øydela toppen i kvalifiseringsomgongen.


Knut Endre fekk veldig god fart på BMW'en sin rundt parkeringsplassen på Jærhagen.

         Bakkeløpet på Klepp var nest siste runde i Vestlandsmesterskapet for rallycross, og litt av spenninga vart utløyst på Klepp. I RCN inntil 2400 var det som vanleg Jonny Brådli frå NMK Egersund som vann med tida 51.96. Aleksander S. Eikeland vart nr. 8 med tida 56.70 og Johnny Bådsvik nr. 13 med tida 59.75. Jonny Brådli er dermed klar som vinnar av VM i denne klassen.
          I klassen for RCN o/2400 og Supernasjonal er det fortsatt spennande i samandraget etter runden på Klepp. Som nemnt vann Daniel Holten med tida 52.40. Han køyrde enno raskare i kval. omgongen med 51.54, men den talde ikkje som resultat. Bjørn Magne Moland Enge var og på plass og kjørte svært godt i kval. omgongen. Tida vart 52.24, noko som var den nest beste tida i løpet. Dessverre fro Bjørn Magne rauk mellomakslingen når han skulle varme dekka før pre-finalen, og det vart ikkje meir kjøring på han. Dermed enda han på åttande plass og tapte viktige poeng mot Daniel i VM-samandraget. No er det berre 4 poeng mellom dei, og Bjørn Magne bør difor vinna i Vikedal skal han ha mulighet til å slå Daniel i samandraget.


Bjørn Magne var veldig klar for å kjempa om seieren med sin Citroen C4, men slik gjekk det ikkje.


Her er mellomakslingen som ikkje ville vera med lenger og sette stopp for vidare kjøring for Bjørn Magne


Daniel på veg inn i parkeringshuset på Jærhagen.


Svein Bjarte Holten ser på skadane etter eit ublidt møte med kantesteinane vi skimtar under bilen.