Rekord i juniorklassen

Klart for andre runde i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane til helgen. Rallycross på laurdag og bilcross på søndag. Denne gongen er det juniorane som toppar det hele med over 30 påmelde i klassen.

-Dette er rekord i juniorklassen, seier leiar i NMK Vikedal Glenn Olav Lothe, når han blir klar over tilstrøyminga i klassen.
- Klubben satsar på denne gruppa. I vinter hadde me 18 nye juniorar på kurs, og treningsansvarleg Bryn Rønnevik har alt gjennomført to treningar spesielt retta inn mot denne gruppa, forklarar han.
I tillegg til runden i Vestlandsmesterskapet på søndag får juniorane i NMK Vikedal eit ekstra løp saman med rallycrossen på laurdag.
-I opne løp kan du delta frå det året du fyller 16, mens i eit lukka klubbløp, som me køyrer laurdag, kan du delta frå det året du fyller 15. Dermed kan alle som gjekk på kurs i vinter køyre sitt første løp på laurdag.
Sjølv om ikkje deltakinga frå NMK Vikedal var den største i juniorklassen under løpet i Bergen forrige helg, og Trygve Hustvedt Lærdal blei bestemann på ein 19. plass, trur leiaren i NMK Vikedal at dei vil kome sterkare utover i sesongen.
-Me har eit eige juniorlag der uttakinga ikkje er heilt avslutta ennå, og eg er sikker på at allereie til helga vil juniorane frå NMK Vikedal vere med å kjempe i toppen, seier Glenn Olav Lothe.

Reidar Skeie best i gang

I seniorklassen i bilcross er det Reidar Skeie frå Sandeid som har kome best i gong med sesongen. I Bergen sist helg vann han alle sine innleiingsheat og blei til slutt nummer fire i den tøffe konkurransen. Dette var Reidar Skeie sin første A-finale, no satsar han på ein ny til helga.
-Har ikkje vore i A-finalen på Vikedal Motorbane, men det er det som er målet til helga, seier han.
Per Gaute Østbø enda på en niande plass i Bergen, mens Kennet Kaldheim og Silje Rene Pedersen begge var i C-finalen.

Daniel Holten i leiing

Citroen C4'en til Bjørn Magne Moland Enge fungerte fint i Bergen

I rallycross er det førarane i supernasjonalklassen som har kome best i gong av førarane frå NMK Vikedal. Daniel Holten leiar Vestlandsmesterskapet føre Bjørn Magne Moland Enge. I Bergen var det berre fem bilar i klassen, til løpet på Vikedal Motorbane blir det fleire, og 11. førarar er påmeldt. Bjørn Magne Moland Enge er glad sesongen er i gong, hans andre i Citroen C4.
-I fjor var eg meir spent, i år gler eg meg, og at det no ser ut til å bli skikkelig konkurranse på Vikedal Motorbane er helt topp og klart inspirerende, sier han, som innrømmer at han blei skikkelig imponert over Daniel Holten i Bergen, som vann klassen.


Bjørn Magne Moland Enge (t.v) var imponert både over bilen og køyringa til Daniel Holten.

Daniel Holten er på plass igjen på skulen i Sverige, der han held på med å utdanne seg til motorsportsmekanikar. Med seg i bagasjen hadde han ein støytdempar.
-Den blei skeiv under smellen bilen fikk i Bergen, men skal være retta og klar igjen til helga.
Per Magne Flatebø ligg på femteplass i klassen etter første runde.

Aleksander Skeie er med
Det er to rallycrossklassar i Vestlandsmesterskapet i år, og i klassen inntil 2400 kubikk enda Aleksander Skeie frå Sandeid på ein femte plass, etter mykje bra køyring. Han køyrer ein Volvo 240 som han kjøpte i fjor.
-Har gjort ein del med bilen i vinter og eg syns den fungerer betre no, seier han, som likevel sleit med startane i Bergen.
-Trur ikke det har noko med bilen å gjere, og er noko eg vil ha meir fokus på allereie til helga.
Lars Reidar Frøyland og Steinar Høyvik, begge frå Tysvær, deltok også i den første runden i Vestlandsmesterskapet, og enda til slutt på ein åttande og tiande plass.