Førarar og medlemmer i NMK Vikedal

Vakter til løp 2010

Arrangementskomiteen i NMK Vikedal er i full gong i arbeidet med å skaffe funksjonærar og vakter til løpa.

Som fjor har styret i bilgruppa bestemt at det å skaffe ei vakt meldt inn til arrangementskomiteen blir godtgjort med tre dugnadstimar.

Totalt skal kvar aktiv førar ha 15 dugnadstimar for klubben i løpet av året.

Dersom du jobbar meir enn 15 timar kan du ta dette ut i gratis deltaking på løp. Etter 25 timer, får du eit gratis løp, og etter 35 timar to gratis løp..

Vakter som de melder inn skal ha med følgjande opplysningar:
     Namn
    
Mobilnummer
     Ønska stilling
     Kven som skal godskrivast dugnad.

Vaktene skal meldast inn til Dag Fisketjøn tlf 99 22 90 84 dag.fisketjon(a)suldal.com, og til dei første løpa 17. og 18. april, innan onsdag 24. mars.


Har de spørsmål om dette kan de kontakte leiar i arrangementskomiteen Vivian Stuvik tlf. 91 14 77 67.


Med helsing

Vivian Stuvik
Leiar arrangementskomiteen