Var med i toppen igjen

 

For andre gong kom Daniel Holten seg til ein A-finale i EM, og enda på ein sjetteplass i Tsjekkia. Også innsatsen i Bilsporttalentet sist veke er han nøgd med.

 

Det var andre gong Daniel Holten deltok i ein EM-runde. I Sverige i juli vart han nummer fire. I Tsjekkia starta det med ei fjerde tid i første omgang laurdag, og denne saman med ei tredjetid søndag gjorde at han kunne stille i fjerdesporet i A-finalen.

-Vann det eine heatet mitt og leia i det andre, og eg føler at både eg og bilen har farten som skal til for å vere med å kjempe i toppen i Europa.

I finalen tok han alternativsporet tidleg og var med i kampen om ein plass på pallen då han snurra.

-Var oppe på tredjeplass, men fekk ein dunk frå ein som kom ut frå alternativsporet og snurra, seier Daniel, som no er på veg heim til Vikedal for å gjere seg klar til dei to siste rundane i Vestlandsmesterskapet.

-Planen er å køyre dei to neste helgene og, først på Klepp så i Vikedal, men det gjekk ein drivaksling i finalen og me må få sjekka dette opp før me ser om dette går.

 

Daniel reiste rett til Tsjekkia etter at han i to dagar hadde konkurrert med fire andre unge bilsportsutøvarar om å bli Bilsportstalentet 2010. Her var dei gjennom køyring med ulike biltypar, fysiske testar og til slutt ein intervjusituasjon. Daniel er nøgd.

-Eg er spesielt godt nøgd med den fysiske testen, men også dei andre øvelsane syns eg gjekk greitt, og føler at eg fekk til det beste eg kunne, seier han.

Kven som har gått sigrande ut av konkurransen blir offentleggjort på Bilsportsforbundet si premieutdeling 20. november.