2-dagarscrossen 29. og 30. mai 2010
Bil
cross og rallycross

-- Tilleggsreglar --                                  -- Plakaten i høg oppløysning --      

-- Pressemeldingar --                             -- Overnatting --

-- Foreløpig startliste  --             -- Resultater-RC --    -- Resultater-BC --

 Helga 29. og 30. mai går 2-dagarscossen av stabelen igjen. På grunn av NM-runden 19. juni går den i år eit par veker tidlegare enn vanleg, men vi håpar på at vergudane får det med seg og lagar godt sommarver som vanleg.
        For bilcross er løpet kvalifisering til Landsfinalane både for junior og senior. Landsfinalen for junior går i år på Eikås Motorsenter ved Bergen lørdag 31. juli, så den er ekstra attraktiv i år. Det er dei 6 beste som blir kvalifisert.
        I seniorklassen går finalen i år på Arena Wallenberg i Orkdal i Sør-Trøndelag lørdag 21. august. Her er det dei 5 beste som er kvalifisert. Reidar Skeie er alt kvalifisert med 4. plass i sesongopninga i Bergen.
Du kan finna meir informasjon om Landsfinalane her ...

I tillegg til Landsfinalane inngår løpet i år i Vestlandsmesterskapet for bilcross. Etter dei 2 første rundane ligg førerane frå NMK Vikedal godt an. I juniorklassen er Trygve Hustvedt Lærdal nr. 2, 8 poeng bak Torbjørn Østerbø Veland frå NMK Bergen. I seniorklassa leiar Reidar Skeie med 1 poeng på Per-Gaute Østbø.

NMK Vikedal cup går i år som i fjor over 3 løp i Vikedal, sesongopninga som var 17. og 18. april, 2-dagarscrossen og finale 12. september.


Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

-- Tilleggsreglar, RC --    
-- Tilleggsreglar, BC --

-- Til toppen --


Pressemeldingar:

Før løpet: Les den her ...

Etter løpet: Les den her ...

-- Til toppen --


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Vikedal Vertshus                  tlf. 52 760010          Rom       E-post: post@vikedal-vertshus.no
Vikedal Gjesteheim & hytter  tlf. 52 760134          Hytter
Grimås Camping                   tlf. 52 760184          Hytter
Vikedal Camping                   tlf. 52 760138          Hytter
Sommerhaven Motel              tlf. 52 760113           Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom

.-- Til toppen --