Spanande avslutning

 

Sesongen på Vikedal Motorbane blir avslutta med finalen i Vestlandsmesterskapet til helga, rallycross på laurdag og bilcross på søndag. I underkant av 100 bilar er påmelde, og førarane frå NMK Vikedal er med i kampen om medaljar i alle klassar.

 

To løp kan strykast i bilcross både for junior og senior, og når me gjer dette er det klart at Per-Gaute Østbø (t.h.) alt er Vestlandsmester i bilcrossklassen. Per-Gaute har kjørt bilcross for NMK Vikedal sidan 1983, og særleg i dei siste åra har han vore fast mann i A-finalen når han har kjørt bilcross på Vestlandet. Vestlandsmester har han aldri blitt.

-Var på andre plass for ei par år sidan, og eg er godt nøgd med at eg i år er heilt på topp i bilcross på Vestlandet, seier han, som vonar han kan avslutte med stil.

-Då me kjørte finalen i NMK Vikedal Cup på banen no i september, var det mykje regn og dei verste forholda eg har køyrt på i dei snart tretti åra eg har halde på. Nå håpar eg på fint ver, og at bilen fungerer slik at det bli ei fin avslutning på Vikedal Motorbane.

 

Sjølv om gullet går til Per Gaute Østbø, er det lite som er avgjort i kampen om dei to siste pallplassane. NMK Vikedal føraren Hans Kristjan Kristjansson kan ta ein av dei to neste passplassane, men  kjempar med  Marius Bergfjord og Jørn Ahmer frå NMK Bergen om andreplassen. Ahmer er så langt ikkje påmeldt.

-Det blir nok Marius Bergfjord eg må halde bak meg om eg skal ta andreplassen.

Sigeren i NMK Vikedal Cup glapp for Kristjansson, men no satsar han på toppen igjen og andreplass i Vestlandsmesterskapet.

-I finalen i NMK Vikedal Cup låste girkassen seg i andregir, og det blei vanskeleg både i starten og under løpet. No har eg fått orden på dette, og fungerer bilen som den skal, er direkte A-finale målet til helga.

 

Jamnt i bilcross junior

Jamnast har det blitt i bilcross junior, der Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås  er i leiing. Begge frå NMK Bergen. Trygve Hustvedt Lærdal er den som ligg best an av førarane frå NMK Vikedal, ligg på bronseplassen og kan med eit godt resultat bli nummer to. Men det er mange om beinet.


Trygve Hustvedt Lærdal vann runden på Vikedal Motorbane i april. Her saman med Tor Ivar Netlandsnes (t.v.) som blei nummer to og Preben Myklebust som kom på tredje.

 

Thomas Nonslid fra Skjold og NMK Vikedal, som ligg på sjuande plass, er ein av desse. Nonslid blei nummer to i Bergen i den nest siste runden i Vestlandsmestersskapet, og kan med eit nytt godt resultat på søndag blande seg inn i kampen om ein plass på pallen i meisterskapen. 

 

Kamp i rallycross

I rallycross vart den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet køyrd på Klepp i helga og i Supernasjonalklassen var det NMK Vikedal-førarane Daniel Holten og Bjørn Magne Moland Enge som kom best i gong, med Daniel i leiing etter treningsomgangen.

Då Moland Enge skulle køyre fram til start i prefinalen, vart det stopp allereie i starten.

-Eit kryss på mellomakslingen rauk, og i tillegg slo eg sundt litt anna under, var Bjørn Magne sin konklusjon etter at han hadde fått sjekka opp dette. 

Deretter sette han kursen heim for å gjere bilen klar til løpet i Vikedal.

Daniel Holten vann prefinalen på Klepp, men etter at han slo inn i kantsteinen og skada bilen i finalen, kunne det sjå stygt ut for deltaking i Vikedal.

-Bilen blir klar igjen og eg køyrer i Vikedal, var Daniel sin kommentar seinare på søndagskvelden.

Etter det som skjedde på Klepp har Bjørn Magne Moland Enge fire poeng å gå på til Daniel Holten før finalen.

-Eg må nok vinne i Vikedal, og i tillegg må det kome ein mellom meg og Daniel for at  det skal gå, seier han.

Daniel Holten på si side kan godt tenkje seg å ta ein ny siger i Vikedal, som han gjorde under NM-runden i juni.

-Det kunne vore kjekt å avslutta sesongen med ein siger på Vikedal Motorbane, og eg vil prøve på det.


Det blir ein tett og spennande kamp mellom Daniel Holten og Bjørn Magne Moland Enge om Vestlandsmester-tittelen i helga.

Eikeland med

I rallycross nasjonalklassen er det alt klart at Johny Brådli, NMK Egersund er meister, mens Stein Erling Tjelta KNA Klepp og Karsten Hermansen NAF Gjesdal kjempar om dei to neste plassane.  NMK Vikedal-føraren  Aleksander S. Eikeland var på plass på Klepp, og kom på åttande plass. Samanlagt er han best av NMK Vikedal sine førarar og ligg på ein sjette plass. Han er nøgd med sin Volvo 360.

-Kjøpte denne bilen i fjor, men då var det ikkje mykje å skryte av. No har eg fått i servostyring og gjort ein del anna, og bilen har blitt mykje betre.

Aleksander S. Eikeland ligg for langt bak til å blande seg inn i medaljekampen, men satsar på eit godt resultat på Vikedal Motorbane i sesongavslutninga.

-Eg kom meg på pallen under finalen i NMK Vikedal cup no i september og får prøve  igjen.


Aleksander S. Eikeland i sin Volvo 360 vart nr. 3 i finalen i NMK Vikedal cup 12. sept.