Sesongåpning på Vikedal Motorbane

For tre år sidan utvida NMK Vikedal sesongen med eit bilcrossløp før påske, på søndag er det igjen klart for vårslepp på Vikedal Motorbane. Løpet er det første i NMK Vikedal 2007 og innleiar også NMK Vikedal sin 25 års jubileumssesong.

NMK Vikedal vart offisielt stifta i november 1982, og alt i august 1983 vart det første løpet arrangert på Vikedal Motorbane. Sidan har det gått slag i slag, og dei siste åra har NMK Vikedal Cup blitt ein slagar på Vikedal Motorbane.

- Særleg har dette vore tenkt som eit rekrutteringstiltak for dei unge og nye førarane, cupen har eksistert lengst i rallycross nasjonal og bilcross junior, men etterkravet har også bilcrossklassen kome med, seier Lajla S. Eikeland, som leiar klubben i jubileumssesongen.

Heile seks løp kan juniorane få med seg på Vikedal Motorbane i år, alle i NMK Vikedal Cup, medan seniorklassen i bilcross har fire og rallycross nasjonal har fem rundar i cupen. For rallycross er det ikkje sesongstart før etter påske, laurdag 21. april startar dei opp på Vikedal Motorbane, med eit løp som også er første runde i Norgescupen, før det heile held fram søndag 22. april med første runde i Vestlandsmesterskapet.

Søndag 7. oktober blir det heile avslutta med finale for alle tre klassane.

Må stå over

I fjor var det NMK Vikedal-førarane Per Gaute Østbø og Egil Nybøe som vann bilcross og bilcross juniorklassane, medan Ørjan Lutsi NAF Gjesdal gjekk til topps i rallycrossklassen. Per Gaute Østbø får ikkje med seg sesongopninga på søndag.

- Nei, eg har vore gjennom ein operasjon i den eine foten, og kan ikkje delta på søndag, seier Per Gaute Østbø, som ikkje har for vane å stå over løp på Vikedal Motorbane.

- Nei, eg har vel berre stått over eit par løp sidan eg starta med bilcross her i klubben tidleg på 1980 talet, men no får eg satse på at eg er tilbake til todagarsløpet i juni.

I fjor var det NMK Vikedal-føraren Kenneth Johansen og Sveinung Skjæveland som kom på dei neste plassane samanlagt, berre nokre få poeng bak Østbø. Begge er påmeldt på søndag og må nok finne seg i å stille i favorittskiktet både i løpet og i cupen totalt.

Kenneth Johansen kom på pallen under vanskelege forhold på Vikedal Motorbane under åpningsløpet i fjor.

Strand Eikeland i år ?

I juniorklassen, der førarane kan delta frå dei er 15 til 18 år er både Egil Nybøe og Jan Magne Dybvik, som blei nummer ein og to i fjor, blitt for gamle til å delta i klassen. Dermed kan det kanskje liggje til rette for cupsiger til Ørjan Strand Eikeland, som har vore med å dominere klassen dei to siste sesongane. På søndag startar NMK Vikedal-føraren på sin siste sesong i juniorklassen, og kan godt tenkje seg å stå på toppen til slutt. I fjor blei han nummer tre.

- Ja, eg kunne godt tenkt meg det, og det hadde vore moro å fått til ein god sesongen på heimebane i år.

I fjor vart det siger på Strand Eikeland i Vestlandsmesterskapet i juniorklassen, dette er ein serie han skal delta i også i år, i tillegg til løpa på Vikedal Motorbane, og ein tur til Gol blir det også. Redskapen blir den same som i fjor.

- Ja det blir den same folkevognsbobla som eg køyrde med i fjor, utan dei store endringane.

Ørjan Strand Eikeland i fint driv under todagarsløpet på Vikedal Motorbane i juni i fjor

I tillegg til Ørjan Strand Eikeland, vil nok både Jan Kåre Frøyland og Kennet Kaldheim, også dei frå arrangørklubben, blande seg inn i tetkampen. I fjor blei dei nummer fire og fem, viste mykje fin køyring, og vil nok vere med å kjempe i toppen også i år.


Per Gaute Østbø (t.v), Kennet Kaldheim og Kenneth Johansen, alle frå arrangørklubben kom på pallen under åpningsløpet i fjor.