Spennande finale på Vikedal Motorbane

NMK Vikedal Cup 2007 går mot slutten, og på søndag går finalen på Vikedal Motorbane. Ingenting er avgjort, og spesielt i bilcross blir det spenning om kven som vil hamne på pallen til slutt.

Som i Vestlandsmesterskapet er det førarane frå NMK Vikedal som har dominert i NMK Vikedal Cup i år. Etter tre kjørte rundar har Arild Riise, Johannes Holten Leifsen og Per Gaute Østbø alle tatt kvar sin siger, og det er då også desse tre som ligg på dei tre første plassane samanlagt.

Arild Riise er den einaste av desse som har kjørt alle tre rundane. Han vann den første runden i mars, men kom litt lenger ned på lista i dei to neste løpa. Johannes Holten Leifsen har ni poeng opp til Riise, noko han  trur blir vanskeleg å hente inn.
- Ingenting er avgjort, men for min del blir det viktigaste å halde plassen på pallen til slutt, for det er blitt tett bakover, seier Holten Leifsen, som også denne gongen stiller i ny bil.
- Ja, det blir ein Golf som eg har fått lånt meg, og som eg har jobba med no i helga for å få fart på.
Bak Holten Leifsen er det berre tre poeng ned til Per Gaute Østbø, før Joakim B. Hansen og Aleksander S. Eikeland følgjer eit og to poeng bak der igjen. Også Kenneth Johansen og Hans Kristjan Kristjansson har muligheter til å køyre seg opp til ein pallplass.
Per-Gaute Østbø (t.v.) stod over løpet i mars, men vann i juni. I Bergen, no i september, fekk han trøbbel i finalen i Vestlandsmesterskapet, og er sugen på ein tittel før sesongen er over.
- At det blir ein kamp er heilt sikkert, og korleis dette kjem til å enda er det umuleg å tippa.
Per-Gaute har heller ikkje bestemt seg for kva bil han skal køyre.
- Eg har både en Volvo 360 og Opel Ascona ståande. Asconaen øydela eg i Bergen, så sjølv om eg helst ønskjer å køyre den, er det vel mest sannsynleg at det blir Volvoen, eit bilmerke eg aldri har køyrt i bilcross tidlegare.   

Problem med bilen
I juniorklassen er det Kennet Kaldheim (t.v.) frå Ilsvåg som har hatt stor suksess denne sesongen. Tidlegare i haust vann han Vestlandsmesterskapet i juniorklassen, og før finalen i NMK Vikedal Cup har han ti poeng å gå på til Anja Andersen. Det var også desse to  som kjempa om sigeren i Vestlandsmesterskapet, og sjølv om Kennet syns Anja var veldig uheldig i finaleløpet, slik at han kunne  gå til topps der, er han likevel sugen på en ny sammenlagtsiger.
- Skal det gå må eg få til bilen, for eg var på ei trening nyleg og då var den nesten ikkje køyrande, seier han, som trur han må i gong med en stor operasjon om han skal få orden på dette.
- Forstillinga er heilt øydelagt, og det ser ut til at eg må skifte alt framme om eg skal få den i orden.
Anja Andersen har tenkt å få revansj på det som skjedde i Bergen.
- Det er nok litt langt opp til Kennet, men eg kjem til å prøve på både cupsigeren og min første siger på Vikedal Motorbane, seier ho, som også køyrer sitt siste løp i juniorklassen på søndag, før ho går opp i senior.
- Har tankar om å få kjørt rallycross, men det blir vel bilcross til neste år.

Kamp i rallycross
I rallycross er dei to nasjonalklassane under og over 2400 kubikk slått saman i NMK Vikedal Cup. Også her er førarane  frå NMK Vikedal som dominerer, og berre NMK Bergen-føraren Steinar Stokke har blanda seg inn blant de sju beste på resultatlista.
Han ligg på andre plass, sju poeng bak Arild Vik, som leiar. Det er Lars Frøyland som ligg på tredje plass og har ti po
eng opp til leiaren. Frøyland slo Arild Vik i innspurten i Vestlandsmesterskapet og tok tittelen, om han kan grei det også denne gongen er han ikkje sikker på.
- Alt er mulig, men det er fleire som kan komme opp bakfrå, så målet mitt denne gongen blir å sikre ein pallplass.


Johannes Holten Leifsen (t.v.) vann sist løp i Vikedal, medan Lars Reidar Frøyland (t.h.) nøyer seg med rallycross i Escorten denne gongen.