NMK Vikedal tok det meste i VM, men med nye
namn
NMK Vikedal tok alle pallplassane samanlagt
Vestlandsmesterskapet i BC jr. og BC, og 2 av 3 i RCN-klassane. I løpet hadde
vi 2 på pallen i alle klassar utenom Supernasjonal.
Bilcross junior:
Anja kjørte godt på det vanskelege føret og vann alle sine heat.
Kennet hadde 2 andreplassar m.a. bak Anja, men usikker korleis det gjekk med
han i 3. omgong.
Ørjan hadde problemer med differensialen og braut 1. omg. men kom seg til
B-finalen som han vann.
Katrine Tveit køyrde bra og vart nr. 3 i B-finalen.
Synnøve Høyvik øydela gasswiren i ein omgang og sleit med defekte pluggar i
ein annan.
Jan Kåre Frøyland øydela forstillinga i andre omgong etter 2 solide smellar.
A-finalen, bilcross junior:
Ørjan raskt ute saman med Anja, Raymond Mjåtveit og Kennet. Anja og Raymond
hektar seg saman og blir hengane til alle har passert før dei kjem seg laus.
Anja kjører seg oppover, men kjem ikkje nær nok til å prøva å kjøra forbi
Kennet. Ørjan vinn framfor Frank Rem Fonnes, Kennet Kaldheim og Anja Andersen.
Dermed får Anja og Kennet same poengsum samanlagt, men Kenneth vinn fordi han vann den første runden i
juni, medan Anja har andreplass som beste resultat.
Samanlagt i VM:
1. Kennet Kaldheim NMK
Vikedal 62 poeng
2. Anja
Andersen
NMK Vikedal 62 poeng
3. Ørjan Strand Eikeland NMK
Vikedal 46 poeng
Bilcross senior:
Per-Gaute øydela ein drivaksling på start i første omgong, men kjørte inn
til 2. plass. Fekk bytta drivaksling og var klar igjen til 3. omgong, men
mangla det indre lageret som og var øydelagt. Prøvde i 3. omgong, men
reperasjonen heldt ikkje.
Verken Joakim, Kenneth eller Johannes hadde ingen problemer og gjekk rett til
A-finalen. Det same gjorde Hans Kristjan, sjølv om han vart snurra i ein
omgong og vart nr. 5 der.
Eirik Aasbøe stilte med nyinnkjøpt Ascona frå Egersund, men hadde fleire
stopp og problemer.
A-finalen, bilcross senior:
Kjell Askeland tok starten og var vel aldri truga. Joakim på andreplass.
Kenneth på tredje, men Johannes tek denne når Kenneth er i alternativsporet.
Hans Kristjan nr. 5, medan Jørn Ahmer som vann B-finalen, stoppar.
Dessverre vart bilcross-bilane til Kenneth Johansen og
Hans Kristjan Kristjansson selde på bud etter løpet.
Samanlagt i VM:
1. Joakim B. Hansen NMK
Vikedal 57 poeng
2. Johannes H. Leifsen NMK
Vikedal 48 poeng
3. Per-Gaute Østbø
NMK Vikedal 43 poeng
Rallycross nasj. i/2400:
Johnny Bådsvik fekk ein smell i den eine omgongen og måtte bryta. Nådde
ikkje finale.
Ingvar Auestad kom til C-finalen og kjørte den 2 gonger. Gjekk til B-finalen,
men høyrer bankelydar frå mellomakslingen, og han roar det ned og kjører inn
til 5. plass i B-finalen.
Lars Reidar og Arild kjører bra og går direkte til A-finalen.
A-finalen, RCN i/2400.
Geir Martin Myking tar starten. Lars Reidar ligg litt bak, men Myking får
problemer mot slutten og Lars Reidar kjører inn til seier framfor Sigbjørn
Hannisdal og Arild Vik.
Samanlagt i VM:
1. Lars Reidar Frøyland NMK
Vikedal 67 poeng
2. Arild
Vik
NMK Vikedal 60 poeng
3. Geir Martin Myking NMK
Bergen 43 poeng
Rallycross nasjonal o/2400 ccm:
Arnt Olav Lillesund slår inn i betongkanten på treninga og må gi seg med
skjeiv bakaksling.
Per Magne Flatebø får kortslutning og ein liten kablebrann på start på
treninga. Får ordna dette, men ladinga er utkobla. i 1. omgong får han ein
snurr og stoppar, men får ikkje start pga. strømmangel. Hamnar i sandfella i
andre omgong. Geir Harald hamnar og i sandfella i ein omgong.
Klassen kjører berre om startposisjonane i finalen, og Bjørn Magne vinn 2
omgongar, Steinar den siste.
A-finalen, RCN o/2400:
Under framkjøring til finalen lyser oljelyset til Steinar og han trekkjer seg
frå start.
Bjørn Magne tar starten framfor Geir Harald og slik blir det og i mål. Asbjørn
Tolfsen, KAK, vert nr. 3 og Per Magne Flatebø nr. 4 i debutløpet.
Samanlagt i VM:
1. Steinar
Stokke
NMK Bergen 70 poeng
2. Bjørn Magne Moland Enge NMK Vikedal 67
poeng
3. Geir Harald
Skeie
NMK Vikedal 60 poeng
Lars Reidar Frøyland (t.v.) og Bjørn Magne Moland Enge vann kvar sin
klasse i Rallycross Nasjonal på Eikås på lørdag.
|