Nøgd med debuten i NM

Erik Skrunes frå NMK Vikedal køyrde i helga sin første NM-runde i motocross, kvalifiserte seg til finalen og blei til slutt nummer 23.

Erik Skrunes frå Vats, som er 18 år, er inne i sin første sesong i seniorklassen. Han har fleire gode resultat og vise til frå Vestlandsmesterskapet i junior, og skulle for første gong prøve seg mot dei aller beste i landet.

- Eg hadde eit mål om å kvalifisere med blant dei 30 som får køyre finale, men var ikkje sikker på om eg ville greie det, seier Erik Skrunes, som er godt nøgd etter at både finalen og 23 plassen var sikra.

- NM er organisert slik at det berre er å stille opp og prøve å kvalifisere seg. Dei 30 beste kjem til finalen, og deretter blir det kjørt to heat, der resultata blir slått saman. Eg blei nummer 20 i det første og 23 i det andre, som til saman blir ein 23 plass. I tillegg greidde eg å kvalifisere meg som nummer 18 av totalt 50 deltakarar, noko eg er godt nøgd med.

Banen i Tønsberg, der NM-runden vart køyrd, er mykje tøffare enn det Erik Skrunes er van med frå Vestlandet.

- Mykje raskare enn her vest, og akkurat banen i Tønsberg hadde eit underlag der det vare mykje leire og då de begynte å regna blei det veldig sleipt.