Taket endeleg 97% ferdig

Etter ein stri kamp med å prøva å få gjort mest mogleg på dugnad, måtte styret krypa til korset og leiga inn snikkerhjelp for å få på plass lektene til taksteinane. Sjølve legginga klarte Glenn Olav Lothe å få med seg folk til å gjera og dermed er no taket nesten heilt ferdig. Eit par karar har visstnok lova å gjera ferdig resten innan utgongen av februar, så får me håpa me slepp å mobba dei for at jobben ikkje er gjort.

Her er nokre bilde slik det såg ut søndag 25. februar:

 

 

Lite snø i Vikedal og heller ikkje så mykje tele i jorda.