Norgescup og Vestlandsmesterskap

Til helga startar løpsesongen for alvor på Vikedal Motorbane, med Norgescup og Vestlandsmesterskap. Til Norgescupløpet er over 50 førarar frå heile landet påmelde.

Norgescupen for rallycross nasjonal går i år inn i sin tredje sesong, og i tillegg til opningsløpet på Vikedal Motorbane blir det i år kjørt rundar på Solør, Gjøvik og Fluberg, før det heile blir avslutta med finale på Lyngås Motorbane ved Drammen i september.

Rallycross nasjonal er inndelt i volumklassane under og over 2400 kubikk og i fjor var det NAF Gjesdal-føraren Ørjan Lutsi som gjekk til topps i den store klassen. Han er så langt ikkje påmeldt til helga, men det er Steinar Stokke NMK Bergen som kom på tredje plass i cupen i fjor, og er ein førar som har mange fine resultat å vise til på Vikedal Motorbane.

I minste klassen var det Jarl Tore Johansen frå NMK Rana som gjekk til topps i fjor, både på Vikedal Motorbane og i cupen til slutt. Han stiller også i år til tross for lang veg til de fleste norgescupløpa.

- Til Vikedal er det 145 mil ein veg frå Finneidfjord i Nordland der eg bur, og i fjor blei det totalt 20.000 kilometer i løpsbussen, seier han.

I fjor var fasiten å køyre alle løp, og etter at han i alle løpa enda i ein finale, blei det nok poeng til å vinne cupen.

- Eg køyrer alle løp også i år og så får me gjere opp status til slutt og håpe det blir nok ei topplassering.

NMK Vikedal stiller med heile seks førarar i minste klassen til opningsløpet, og både Sigmund Lutsi og Lars Reidar Frøyland er førarar som har muligheter til å hevde seg i toppen.

For Lars Reidar Frøyland er dette hans andre løp med bilen. I oktober blei han nummer to i klassen på Vikedal Motorbane, men er usikker på om han kan gjenta den bedriften.

- Då var det vått og glatt og eg hadde en fordel med tolitermotoren, blir det tørt kan nok dette sjå annleis ut. 

 Lars Reidar Frøyland har køyrt eit rallycrossløp der han blei nummer to, ein outsider på Vikedal Motorbane til helga.

Bakkerud tilbake

I tillegg til nasjonalklassane blir det også kjørt supernasjonal, og her stiller både John "Pirkka" Karlson og Tommy Bakkerud til start, begge frå Bergen.

For Bakkerud er det comeback etter at han har vore borte fra sporten i to år.

- Kjørte nokre løp i fjor, men i år blir det full satsing i NM både i bakke og rallycross, seier han.

Vestlandsmesterskap

Norgescupløpet tel også med i Vestlandsmesterskapet og søndag er det dermed andre runde i mesterskapet som står på programmet. Inkludert bilcross junior er rundt 40 førarar påmeldt til den første runden her.

Ørjan Lutsi vann store nasjonal også i Vestlandsmesterskapet i fjor, med NMK Vikedal førar og debutant i rallycross Arnt Olav Lillesund på andre plass. Han hadde ein stigande kurve gjennom heile fjorårssesongen, og i oktober vann han klassen på Vikedal Motorbane. 

 Arnt Olav Lillesund debuterte i rallycross i fjor og blei nummer to i Vestlandsmesterskapet.

- I fjor køyrde eg alle løpa i meisterskapen og greidde å samle nok poeng til ein andre plass, det vil vere opplegget også i år, seier han, som i tillegg vil få med seg ein del løp i Norgescupen.

 Rudi Rossland NMK Bergen, vann minste nasjonal i Vestlandsmesterskapet i fjor.

For NMK Vikedal-føraren Sigmund Lutsi blir det berre køyring i Vikedal i år. Heilt sidan han starta i bilcross tidleg på 1980 talet er det Folkevognsbobla som har vore redskapen. No ser han at det minkar på denne biltypen.

- På bilcrossløpet i mars var det berre to bobler, og særleg fleire blir det vel heller ikkje denne gongen. Kanskje får me snart oppleve løp utan ei einaste boble, seier han.

Juniorlag

I bilcross junior var det NMK Vikedal-føraren Ørjan Strand Eikeland som vann Vestlandsmesterskapet i fjor. Han var ikkje heldig på opningsløpet på Vikedal Motorbane i mars, men er saman med Ole Rasmus Solheim, Synnøve Høyvik, Anja Andersen, Jan Kåre Frøyland og Kennet Kaldheim kvalifisert til NMK Vikedal sitt juniorlag. I mars var det Jan Kåre Frøyland som gjekk til topps i juniorklassen. Han må nok finne seg i å stille i favorittskiktet også denne gongen, saman med Kennet Kaldheim, Ørjan Strand Eikeland og dei andre på NMK Vikedal sitt juniorlag.

I supernasjonalklassane i Vestlandsmesterskapet er det så langt tre bilar påmelde til den andre runden.