Tørt
og vått på Vikedal Motorbane
Det
blei to ulike dagar på Vikedal Motorbane i helga, tørt og fint på laurdag, vått
og surt på søndag. Men vinnarar vart kåra, Elling Helleberg og Hans Jøran
Østreng i Norgescupen og Ørjan Strand Eikeland, Rudi Rossland og Steinar
Stokke i Vestlandsmesterskapet.
Etter ei fjerdetid i første omgang hadde NMK Aurskog-Høland føraren
Hans Jøran Østreng full kontroll i dei to siste omgangane. - Etter litt problem i første blei det full klaff i de to siste og
i A-finalen fikk eg stadig betre kontroll utover i løpet, kommenterer 22 åringen det som til slutt blei til siger i store nasjonalklassen i den første
runden i Norgescupen. Nå er han spent på fortsetjinga. - Det starta slik i fjor òg, men utover i sesongen måtte eg bryte tre av rundane, og det blei berre ein sjetteplass til slutt. Vonar det går betre i år. Hans Jøran Østreng
har gått i tet i A-finalen i store nasjonal. Østreng vann løpet føre Ove Halvorsen, NMK Gardermoen, og Steinar
Stokke, NMK Bergen, med beste lokale køyrar Bjørn Magne Moland Enge, NMK
Vikedal, på fjerde plass. I rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk var det til slutt NMK
Kongsberg-føraren Elling Helleberg som kunne dra det lengste strået. Men det
begynte trått. - Hadde problem med bensintilførselen på trening og tidstrening,
men det gikk betre utover i løpet, og etter ei første og andretid valde eg å
stå over tredje omgang. Var fornøgd med andresporet, seier Helleberg, som i
finalen kunne innkassere sin andre siger i eit Norgescupløp. - Dette mitt tredje løp i Norgescupen totalt, eg vann finaleløpet
i fjor, så to førsteplassar på tre løp er eg godt nøgd med. Både Østreng og Helleberg gav ros til Vikedal Motorbane. - Både en artig og god bane å kjøre rallycross nasjonal på dette. Hans Jøran Østreng
(t.v) og Elling Helleberg til topps i den første Norgescuprunden i nasjonal. Espen Kolstadbråten NMK Valdres og Arnfinn Bergseng NMK Fluberg kom på dei neste plassane, med Arild Vik på ein åttande plass, som beste førar frå NMK Vikedal. Fekk retta bilen Etter at Norgescupen gikk i fint, men litt kaldt vårver på
laurdag, endra dette seg til søndag, då det var vått og surt. Men opninga av
Vestlandsmesterskapet gjekk etter planen og i store nasjonal var det Steinar
Stokke som kunne innkassere sigeren til slutt. - Fekk det betre til i dag enn i går. Har fått ny motor i bilen
og den er litt annleis å starte med, men i dag begynte eg å få konroll på
dette. Team-kompis i Osterøy Rasarlag, Rudi Rossland, gjekk på ein
skikkeleg smell under Norgescuprunden på laurdag, og det såg stygt ut for
vidare deltaking. - Ramma var skeiv og bilen måtte i jigg, men det fiksa Suldal
Billakkering og Ernst og Johannes Holten Leifsen, som jobba til klokka fire
natt til søndag for å få bilen klar, seier Rossland, som på toppen av det
heile kunne innkassere sigeren i søndagens løp. - Ja, i dag hadde eg full kontroll både i innleiande omgangar og finalen. Glade vinnarar i
Osterøy Rasarlag, Steinar Stokke (t.v) og Rudi Rossland gjekk til topps i
Vestlandsmesterskapet. Framme to nye blad Stokke, Casandra og Aleksander. Bak dei to førarane frå Osterøy Rasarlag var det mykje NMK
Vikedal. I klassen under 2400 kom Sigmund Lutsi, Lars Reidar Frøyland og Arild
Vik på dei neste plassane medan Håvard Helland, Bjørn Magne Moland Enge og
Geir Harald Skeie kom på plassane bak Steinar Stokke i den store klassen. I supernasjonal var det berre Bjørn Stormo, NMK Bergen, som fullførte
i toliterklassen, og Håkon Gjesdal Nilsen, NAF Gjesdal, i store super. God start for Eikeland NMK Vikedal-føraren Ørjan Strand Eikeland fekk ein god start på
Vestlandsmesterskapet i bilcross junior. I fjor blei han Vestlandsmester i
klassen, og på søndag vann han første runde i ein nytt meisterskap. - Har fått skifta alle leidningane til innsprøytningsanlegget, så
i dag fungerte bilen perfekt, seier han, som vann to av sine innleiingsomgangar
og leia finalen frå start til mål. KNA Klepp-føraren Gunnleiv Kvål blei nummer to i klassen, medan
NMK Vikedal-førarane Ole Rasmus Solheim, Kennet Kaldheim og Anja Andersen kom
på dei neste plassane.
|
|