Tok ni av ni mulige

Førarane frå NMK Vikedal tok ni av ni mulige pallplassar på Vikedal Motorbane i helga, og var i særklasse. Dermed er det Per-Gaute Østbø som leiar det første Vestlandsmesterskapet i bilcross, føre Aleksander S. Eikeland og Joakim B. Hansen.

Førarane frå NMK Vikedal har dei siste åra blitt stadig sterkare på heimebane, både i bilcross og rallycross, og på søndag slo dette ut i full blomst. Førarane frå arrangørklubben kvala inn til 11 av dei 16 utdelte A-finaleplassane, og når løpet var over var det berre NMK Vikedal på pallen.

Fem omgangar måtte deltakarane gjennom laurdag og søndag på Vikedal Motorbane, og nestoren i bilcross, Per-Gaute Østbø kom litt trådt i gong.

- Var ikkje heilt heldig i første omgang, og det blei ein andre plass, men det gjekk betre i dei neste som eg vann, seier han, som med 47 poeng kunne stille i beste startsporet då finaleoppsettet var klart.

I finalen gjekk han direkte i tet og blei der. For 48 åringen frå Sandeid, som snart har køyrt bilcross i 25 år, var det artig at 19 og 20 åringane Joakim B. Hansen og Aleksander S. Eikeland var dei som kom nærmast til slutt.

- Kjekt dette, men dei greidde ikkje å slå meg i dag sjølv om dei pressa på.

Den som likevel kanskje gjorde den aller største prestasjonen var Joakim B. Hansen som berre hadde 34 poeng etter innleiande, og måtte vegen om C-finalen. Han vann både C- og B-finalen før han kunne stille med de beste i A.

- Dette er første gongen eg er på pallen i senior, og eg er veldig godt nøgd med at eg greidde tredjeplassen med dette utgangspunktet, seier han.


Stor prestasjon. Joakim B. Hansen vann både C- og B-finalen før han vart nummer tre i A-finalen.

Dermed er det også desse tre som leiar det nystarta Vestlandsmesterskapet i bilcross, der neste runde går i Bergen om fjorten dagar.

 

Full kontroll

Også i bilcross junior var det NMK Vikedal dominans, både på startlista og på resultatlista til slutt. Av 20 startande i klassen var 15 frå arrangørklubben, og då det heile var over var det Kennet Kaldheim, Anja Andersen og Leif Egil Olsen, alle frå arrangørklubben, som kunne klatre opp på pallen. Kennet Kaldheim er inne i sin andre sesong i juniorklassen, og har heile tida vore med å kjempa i toppen.

- Dette er første sigeren, men eg har vore på pallen fleire gonger tidlegare til andre og tredjeplassar, seier han, som hadde full kontroll i finalen.

- Eg fekk etterkvart eit forsprang både på Anja og dei andre, og kunne ta det litt med ro og sikre sigeren.

 

Vann alt

Også i rallycross nasjonal, der startlista telde 17 førarar i minste klassen, vart det full pott til NMK Vikedal. Då status kunne gjerast opp etter fem omgangar var det rein NMK Vikedal pall også her. Arild Vik vann føre Sigmund Lutsi og Lars Reidar Frøyland. Fitjarbuen Arid Vik var i ein klasse for seg, og vann alle dei fem kvalifiseringsomgangane før han gjekk laus på finalen der han køyrde suverent. Arild Vik er nøgd med bilen, ein Volvo 440 som Ole Vidar Helland har køyrt tidlegare.

- Me har jobba ein god del med bilen og har fått tak i ein motor som skulle passe godt i nasjonal, og i dag slo jo det bra til.


NMK Vikedal gjorde reint bord i alle klassar. Framme f.v: Anja Andersen, Kennet Kaldheim, Leif Egil Olsen. Bak f.v. Sigmund Lutsi, Arild Vik, Lars Reidar Frøyland, Per-Gaute Østbø, Aleksander S. Eikeland og Joakim B. Hansen.

Fleire damer

Merete Ericson var einaste førar i dameklassen, no vil ho ha fleire med.

- I KNA Klepp og Team Voll, som eg køyrer for, er det fleire damer som eg trur kjem med etter kvart, og eg veit at det også har blitt jobba med dette i NMK Vikedal, og eg håpar at også desse kjem seg ut på banen snart, for bilcross er moro. 


Merete Ericson etterlyser fleire i dameklassen i bilcross.

Bryn Rønnevik, som var løpsleiar under stemnet på søndagen var nøgd. 
- Det er alltid ting å setje fingen på og som me tar internt i klubben, men stort sett gjekk dette greitt, seier han.